Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til lov om endringar i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven).

Utlendingslovutvalet legg i si utgreiing NOU 2004:20 Ny utlendingslov til grunn at slikt samtykke som i dag blir innhenta i saker som gjeld DNA-testing og aldersundersøking, kan opplevast som gitt under press om at saka elles vil bli avgjort i søkjaren sin disfavør. Utvalet meiner derfor at det er ønskjeleg med heimel i lov både for DNA-testing og for aldersundersøkingar. Datatilsynet meinar at det ut frå lov om behandling av personopplysninger 14. april 2000 nr. 31 (personopplysningslova) er nødvendig med heimel i lov i begge desse situasjonane fordi slikt samtykke som ein i dag innhentar, kan oppfattast som gitt under press, og derfor ikkje kan reknast som eit frivillig gitt samtykke i samsvar med vilkåret i personopplysningslova § 9 første ledd bokstav a.

Ved høyringsbrev av 23. desember 2004 sende departementet NOU 2004:20 Ny utlendingslov på høyring. Høyringsfristen var 1. juli 2005.

Det er gjort greie for innhaldet i høyringsfråsegnene i proposisjonen.

For partane i ei sak om familiesamanføring blir det i dag gitt høve til å avleggje ein DNA-test i dei tilfella der slektskapsforholdet ikkje kan dokumenterast på annan tilfredsstillande måte.

Departementet viser til at det er eit problem i forhold til mange nasjonalitetsgrupper at det ikkje er mogleg å skaffe til veges ordinære dokument som stadfestar den oppgitte identiteten eller familierelasjonen. Det kan dessutan vere grunn til å reise tvil ved om dei dokumenta som det er råd å skaffe til veges, er ekte, slik at dei ikkje kan leggjast til grunn som påliteleg dokumentasjon.

Departementet ser det slik at praksisen med DNA-testing bør vidareførast i dei sakene der den oppgitte familierelasjonen ikkje er tilfredsstillande sannsynleggjord på annan måte.

Departementet er samd med utvalet og Datatilsynet i at det bør etablerast heimel i lov for praksisen med DNA-testing. Så lenge det framstår slik at det å la vere å la seg teste vil kunne få verknader for vedtaket i saka, er det ikkje tilfredsstillande å operere med samtykke som rettsleg grunnlag.

Føresegna om DNA-testing er føreslått som ny § 37 f, og gir heimel for å be ("anmode") søkjaren og referansepersonen (personen som søkjaren hevdar å vere i familie med) om å avleggje ein DNA-test.

Departementet meiner at det ikkje bør vere nokon automatikk i at ein søknad blir avslått dersom partane nektar å la seg teste. Men departementet føreslår at det takast inn ei særskild formulering om at det "kan få betydning for vurderingen av saken" dersom søkjaren seier nei til DNA-testing.

Departementet meiner at det er opplagt at det i tillegg til saker som gjeld familiesamanføring, også kan oppstå behov for å bruke slike testar i saker der det er gitt opphaldsløyve for familiesamanføring, men der det seinare blir reist sak om tilbakekalling, til dømes fordi det blir avdekt at dei dokumenta som i si tid blei lagde til grunn i saka, er falske. Tilsvarande kan det vere ønskjeleg å bruke DNA-testar i saker der det kjem ein asylsøkjarfamilie utan identitetsdokument, og der det oppstår tvil ved om alle borna er medlemmer av den same familien. Departementet kan ikkje sjå at det skulle vere noko problem å bruke ei meir open formulering i forhold til når ein kan be om DNA-testing. Departementet føreslår derfor ei formulering om at ein kan be om DNA-testing "[n]år det i sak etter loven er nødvendig å fastslå en familierelasjon".

Det er svært viktig å sikre ei forsvarleg gjennomføring av testane. Departementet legg til grunn at dette er tilstrekkeleg sikra gjennom detaljerte retningslinjer frå UDI si side. Retningslinjene vil også gjelde for korleis ambassadane skal handtere slike saker. Det er vidare viktig å sikre at DNA-testane blir sletta når dei har vore nytta til det tiltenkte formålet, dvs. når dei har avkrefta/stadfesta slektsrelasjonar. Det blir derfor føreslått at det blir teke inn ei føresegn om "sletting og tilintetgjøring".

Til liks med utvalet føreslår departementet at det offentlege skal dekkje kostnadene ved DNA-testing på same måten som i dag, dvs. i dei tilfella der det er utlendingsstyresmaktene som ber om testing.

Departementet er også samd med UDI når direktoratet går inn for at det bør takast inn ein eigen heimel for å gi nærmare forskrifter om gjennomføring av DNA-testing.

Praksisen med aldersundersøking har i dag sitt grunnlag i samtykke, og blir i første rekkje nytta i asylsaker, men det er også aktuelt å bruke aldersundersøkingar i saker som gjeld familiesamanføring mellom foreldre og born. Aldersundersøkingane skal gi eit meir solid grunnlag for å avgjere om ein utlending som manglar dokumentasjon for alderen sin, og som oppgir å vere under 18 år, faktisk er mindreårig.

Departementet meiner at dei erfaringane ein har hatt til no med aldersundersøkingar i asylsaker, tilseier at det er nødvendig å halde fram med slike undersøkingar for å hindre misbruk av regelverket ved at personar som er over 18 år, opplyser at dei er mindreårige. Departementet meiner det er viktig å sikre at ikkje vaksne personar hevdar at dei har rettar som berre gjeld for born, og at vaksne blir plasserte saman med born.

Til liks med utvalet ser departementet det slik at det er ønskjeleg at praksisen med aldersundersøkingar får ei tydeleg forankring i utlendings­loven.

Departementet vil understreke at aldersundersøkingar berre blir nytta når dei andre opplysningane i saka ikkje gir grunnlag for å fastslå alderen til utlendingen, og når ein har grunn til å tvile på at dei opplysningane som er gitt, er korrekte. Departementet ser det ikkje slik at den uvissa som er knytt til undersøkingane, gir grunn til å la vere å gjere slike undersøkingar, men vil heller understreke behovet for at det blir teke tilstrekkeleg omsyn til denne uvissa når det blir gjort vedtak.

Departementet viser til at det i lovutkastet er presisert at resultatet av aldersundersøkingane skal vere ein del av ei breiare vurdering.

Departementet vil i denne samanhengen særleg peike på at det under asylintervjuet er viktig å fokusere på alder og stille spørsmål som kan medverke til å klargjere alderen. At dette skal gjerast, følgjer også av dei gjeldande retningslinjene for UDI.

UDI har i dag et eige rundskriv om bruk av aldersundersøkingar, jf. Rundskriv 2004-028. Departementet legg til grunn at UDI held seg orientert om kva metodar som egnar seg best for gjennomføring av aldersundersøkingane, og vurderer korleis aldersundersøkingar best kan gjennomførast. I forslaget til lovbestemmelse er det også opna for at ein kan gi føresegner om gjennomføringa av aldersundersøkingar, og departementet kan eventuelt også gi retningslinjer om kva metodar UDI skal bruke.

Departementet deler utvalet sitt syn på at det ikkje er tungtvegande etiske eller personvernmessige omsyn som taler mot å praktisere aldersundersøkingar.

Til liks med UDI er departementet samd med utvalet i at det ikkje er grunn til å avgrense heimelen for aldersundersøking til å gjelde berre asylsaker. Aldersundersøkingar bør også kunne praktiserast i saker som gjeld familiesamanføring mellom born og foreldre.

Departementet føreslår at føresegna om aldersundersøking blir teken inn i lova som ein ny § 37 g etter den føreslåtte føresegna om DNA-testing.

Både i høve til DNA-testing og aldersundersøking inneber forslaga berre at ein etablerer lovheimel for den praksisen som allereie blir følgd. Forslaga vil derfor ikkje føre med seg noko auka ressurs­behov eller nokon administrative konsekvensar.

Departementet foreslår å endre § 27 første ledd bokstav j. Omgrepet "internasjonale forbindelser" blei ved ei inkurie endra til "internasjonale forpliktelser" i samband med ei endring av denne føresegna i lov 30. juni 2006 nr. 37. Ein foreslår derfor å rette internasjonale "forpliktelser" tilbake til internasjonale "forbindelser".