Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenrikskomiteen om lov om endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

Dette dokument

Innhold

Til Odelstinget

I proposisjonen fremjar Justis- og politi­departementet forslag om tre endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova). Den eine endringa gjeld ei tilføying til § 39 i svalbardlova som svarar til kommunelova (lov 25. september 1992 nr. 107) § 23 nr. 2 andre punktum om administrasjonssjefens tilsynsansvar i høve til administrasjonen. Denne endringa er berre ei presisering av administrasjonssjefens noverande ansvar og inneber ikkje ei realitetsendring i høve til gjeldande rett.

Dei andre forslaga har to føremål: For det første å gjere det mogleg å velje lokalstyre ved fleirtalsval, og for det andre å innføre obligatorisk kontrollutval i Longyearbyen lokalstyre.

Det er i dag ikkje mogleg å velje lokalstyre ved fleirtalsval. Svalbardlova § 34 andre ledd seier at valet til lokalstyret skal vere eit forholdstalsval. Det kan likevel oppstå ein situasjon der det ikkje blir levert inn eller godkjend noko listeforslag, eller der det berre blir levert inn eitt listeforslag, og då passar ikkje desse reglane. Den tidlegare forskrifta om val til det dåverande Svalbardrådet hadde reglar om fleirtalsval, men desse blei ikkje vidareførte sidan svalbardlovas føresetnad er at valet skal vere eit forholdstalsval. Departementet foreslår derfor ei slik tilføying i svalbardlova § 34 andre ledd: "Dersom det ikke foreligger mer enn ett godkjent listeforslag, holdes valget likevel som flertallsvalg".

Forslaget om å innføre kontrollutval for Longyearbyen lokalstyre skuldast først og fremst lokalstyrets eige ønske om å ha dei same reglane for internt tilsyn og kontroll som fastlandskommunane har. Ein må sjå dette ønsket på bakgrunn av dei endringane som er gjort i kommunelova omkring kontrollutvalet sin funksjon, og den auka selskapskontrollen organet er blitt tillagt gjennom desse endringane. Longyearbyen lokalstyre har sjølv lagt dei fleste samfunnsmessige oppgåvene til det heileigde aksjeselskapet Bydrift Longyearbyen AS (tidlegare Svalbard Samfunnsdrift AS), og ønskjer derfor å kunne nyttiggjere seg kontrollutvalet sitt mynde på dette området. Lovteknisk er dette enklast ved å gjere heile kapittel 12 i kommunelova gjeldande for Longyearbyen lokalstyre.

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

I

I lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard skal det gjerast følgjande endringar:

§ 34 andre ledd skal lyde:

Valget er et forholdstallsvalg. Dersom det ikke foreligger mer enn ett godkjent listeforslag, holdes valget likevel som flertallsvalg. Valget gjelder for fire år. Det kan i løpet av perioden holdes suppleringsvalg etter egne regler.

§ 39 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Administrasjonssjefen skal sørge for at admini­strasjonen drives i samsvar med lover, forskrifter og overordnede instrukser, og at den er gjenstand for betryggende kontroll.

§ 44 skal lyde:

Kommuneloven kapittel 12 om internt tilsyn og kontroll og revisjon får tilsvarende anvendelse for Longyearbyen lokalstyre så langt det passer.

II

Lova trer i kraft straks.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 13. desember 2006

Olav Akselsen Hill-Marta Solberg
leder ordfører