Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

9. Økonomiske og administrative konsekvenser

Dei modellane som er føreslått i proposisjonen, er eit tilbod kommunar og fylkeskommunar kan nytte dersom dei finn det tenleg. Det blir ikkje føreslått endringar som inneber noko statleg pålegg overfor kommunesektoren. Det blir ikkje føreslått endringar i dei ulike lovene som legg oppgåver til kommunane. På bakgrunn av dette blir det lagt til grunn at lovframlegget ikkje i seg sjølv har økonomiske og administrative konsekvensar.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane for dei kommunane som eventuelt vel å ta den føreslåtte samarbeidsmodellen i bruk, vil vere avhengig av omfanget av samarbeidet og innhaldet i den avtalen som skal liggje til grunn for samarbeidsforholdet.

Komiteen har ingen merknader.