Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Om forholdet til EØS-avtalen og enkelte konkurranse­rettslige spørsmål

Det er i proposisjonen teke inn ei summarisk utgreiing av den rolla regelverket for offentlege innkjøp og regelverket for offentleg støtte speler for interkommunalt samarbeid.

Det er også teke inn ein kortfatta omtale av forholdet til EØS-avtalen. Det er særleg regelverket om offentlege innkjøp og regelverket om offentleg støtte som er relevant i samband med interkommunale samarbeidsmodellar. Det blir ikkje føreslått spesialregulering av offentlege innkjøp eller av offentleg støtte i proposisjonen. Det inneber at EØS-avtalen og dei allmenne nasjonale reglane vil vere avgjerande på begge områda.

Departementet viser til at det blir teke sikte på ein gjennomgang av lova om interkommunale selskap i forhold til statsstøtterettslege problemstillingar. Dette er ei organisasjonsform eller selskapsform som er laga med sikte på ei verksemd der statsstøtterettslege problem er meir framtredande enn for verksemd som blir driven i form av forvaltningsorgan som vertskommunar.

Dersom det i lovarbeidet om interkommunale selskap skulle vise seg at det også gjer seg gjeldande statsstøtterettslege problem for kommunane og fylkeskommunane sjølv, vil det i den samanhengen vere naturleg å vurdere vertskommunemodellen samstundes.

Komiteen har ingen merknader.