3. Gjeldende rett
I proposisjonen vert det vist til at i praksis samarbeider kommunar på mange ulike måtar, frå det heilt formlause samarbeidet til samarbeid innanfor ei definert selskapsform.
Dei vanlegaste formene for interkommunalt samarbeid er interkommunale styre etter kommunelova § 27 og interkommunale selskap etter lova om interkommunale selskap. Føresegna i § 27 slår fast at det kan skipast eit eige styre til å løyse felles oppgåver. Til eit slikt styre kan deltakarkommunane gi myndigheit til å ta avgjerder som gjeld drifta og organiseringa av verksemda. Lova om interkommunale selskap er ei spesialregulert selskapsform som berre kan brukast av kommunar og fylkeskommunar.
Dessutan finst det føresegner om interkommunalt samarbeid i enkelte andre lover som gjeld oppgåveløysing for kommunane (den kommunale særlovgivinga). Dei generelle reglane om interkommunalt samarbeid går fram dels av kommunelova og er dels av ulovfest karakter.
Kommunar og fylkeskommunar kan også stifte selskap eller foreiningar saman med andre kommunar. For slike selskap og foreiningar gjeld lovgivinga om den aktuelle selskapsforma eller foreininga, med mindre anna går fram av kommunelova.
Eit vesentleg skilje går mellom dei organisasjonsformene der det ikkje blir oppretta noka felles organisatorisk overbygging og samarbeid med slik overbygging, typisk eit felles styre med representantar frå kvar deltakarkommune. Samarbeid blir ofte inngått utan at det blir formalisert på andre måtar enn ved avtalar, til dømes ved samarbeid om samlokalisering av tenester eller ved at ein kommune leverer tenester til ein annan (vertskommuneløysingar). Denne forma for samarbeid skjer gjerne utan at det blir etablert felles styringsorgan som det blir overført myndigheit til.
Kommunelova set sjølv ingen avgrensingar for organiseringa av interkommunalt samarbeid mellom kommunar eller fylkeskommunar. Dersom den aktuelle lova ikkje gir haldepunkt for å setje avgrensingar for måten verksemda kan organiserast på, er utgangspunktet at kommunane eller fylkeskommunane står fritt til sjølv å vurdere den organisasjonsforma som er mest tenleg for den aktuelle typen verksemd.
Når det gjeld høvet til å overføre avgjerdsmakt til interkommunale einingar - eller til andre kommunar - vil dette der det er tale om lovregulert myndigheit, som utgangspunkt måtte avgjerast ut frå ei tolking av den aktuelle lova som legg myndigheita til kommunen. Når det gjeld myndigheitsutøving slik det står i forvaltningslova, går ein ut frå at overføring av slik myndigheit til andre vil vere avhengig av om den aktuelle lova som legg myndigheita til kommunen, gir heimel til det.
For store delar av verksemda til kommunane vil avgjerdsmakt likevel kunne overførast på reint privatrettsleg grunnlag.
Men generelt står ikkje kommunar like fritt som private rettssubjekt til å skipe selskap og andre samanslutningar og overlate avgjerdsmakt til desse. Bakgrunnen for det er at det dreier seg om offentleg forvaltningsverksemd der dei folkevalde organa i kommunen står i eit politisk ansvarsforhold til innbyggjarane i den aktuelle kommunen. Etter omstenda kan også kommunen der innbyggjaren bur, stå i eit rettsleg ansvarsforhold til innbyggjarane.
For oppgåver og tenester som er regulerte i lova om offentlege innkjøp, vil oppdraget måtte setjast ut på anbod dersom anna ikkje følgjer av unntak frå lova om offentlege innkjøp.
Proposisjonen inneheld også ein kort omtale av gjeldande rett i andre nordiske land.
Komiteen har ingen merknader til beskrivelsen av gjeldende rett i proposisjonen.