3. Gjeldende rett og praksis
Heimelsgrunnlaget for tilsyn finst i særlovgivinga. Det er derfor regelverket på kvar enkelt sektor som er avgjerande for både om staten skal føre tilsyn, og for korleis eit eventuelt tilsyn skal innrettast og gjennomførast. Rettsgrunnlaget for tilsyn med kommunar og fylkeskommunar er derfor ikkje samanhengande eller einsarta.
Statusen kommunen har som pliktsubjekt, varierer etter innhaldet og formålet i dei ulike lovene. Nokre av lovene som det blir ført statleg tilsyn med etterlevinga av, legg ansvaret for oppgåva til kommunen generelt, mens andre gjer kommunen til pliktsubjekt indirekte. Lova kan innebere plikter som indirekte får følgjer for kommunane og fylkeskommunane ved at dei eig eller driv verksemd som er omfatta av reglane og er underlagd tilsyn.
Fylkesmannsembetet har i stor grad fått ansvaret for statleg tilsyn med kommunesektoren, men også andre statlege etatar har tilsynsoppgåver overfor kommunesektoren. Dette gjeld til dømes både Arbeidstilsynet, Kystdirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Lovverket for statleg tilsyn med kommunesektoren inneheld både spesifiserte og uspesifiserte tilsynsheimlar. Spesifiserte tilsynsheimlar avgrensar tilsynet til å gjelde nærmare oppgitte plikter på området, mens uspesifiserte tilsynsheimlar seier at staten skal føre tilsyn på det aktuelle området utan å avgrense kva det skal førast tilsyn med.
Tilsynsmetodikk kan ein forstå som den strategien departementet eller tilsynsmyndigheita har for metode i samband med tilsynet. Kartlegginga Tilsynsutvalet har gjort, viser at i fleirtalet av dei sektorane der det blir ført tilsyn retta mot kommunesektoren, er det ikkje fastsett spesifikke krav til tilsynsmetode i lov eller forskrift.
Det kan skiljast mellom tre ulike tilsynsmetodar: systemrevisjon, inspeksjonstilsyn og områdeovervaking/tilstandsvurdering. Tradisjonelt har tilsynet vore gjennomført som såkalla inspeksjonstilsyn. Men denne typen kontroll er i større grad erstatta av ein type tilsyn som rettar seg mot at verksemdene sjølve skal kunne dokumentere at det er etablert system som er gode nok til å kontrollere at regelverket blir respektert, det vil seie internkontrollbasert tilsyn.
Systemrevisjon er ein metode for å kontrollere internkontrollsystem. Tilsynet ved fylkesmannsembeta som blir gjennomført som systemrevisjon, har to generelle hovudformål:
Å fastslå om myndigheitskrav (lover og forskrifter) blir oppfylte.
Å vere med på å utvikle internkontroll-/styringssystem og kvalitetsforbetring.
Med omsyn til reaksjonsmiddel kan nemnast pålegg om retting av forhold i strid med lov eller forskrift (opplæringslova, sosialtenestelova). Eit anna reaksjonsmiddel er tvangsmulkt og høve til å setje i verk tiltak omgåande (ureigningslova).
Formidling og rettleiing frå fylkesmannsembeta er også ein del av tilsynsfunksjonen.
I proposisjonen er det ei departementsvis oversikt over lover som inneber statleg tilsyn med kommunesektoren.
Komiteen viser til proposisjonen og har ellers ingen merknader.