5. Unntaket fra innløsningsretten for fritidshus som hører til landbrukseiendommer
Når festaren fremjar krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren etter gjeldande rett i staden tilby festaren lenging på same vilkår som før etter lov om tomtefeste § 33. Dette følgjer av forskrift om tomtefeste m.m.
Spørsmålet om å endre denne lovheimelen har bakgrunn i Regjeringas ønskje om å endre forskrift om tomtefeste m.m. § 4 første ledd bokstav c. Bokstav c inneheld eit av fleire vilkår som må liggje føre for at ein bortfestar skal kunne påropa landbruksunntaket i § 4. Hovudregelen i særvilkåret i bokstav c er at inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman må utgjere ein tidel eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet. Høyringsnotatet reiser spørsmålet om å endre § 4 første ledd bokstav c første punktum slik at "ein tidel eller meir" endrast til eit krav om "5 pst. eller meir". Fleire festetomter vil då falle inn under det landbruksunntaket som gjeld til føremon for bortfestarar innan landbruket.
Justisdepartementet ser at det er ulikt syn også på dette lovendringsframlegget og på ei slik endring av forskrift om tomtefeste m.m. som lovendringa legg opp til. Departementet kan ikkje sjå at merknadene frå høyringsinstansane tilseier at framlegget frå høyringsbrevet om å endre lova ikkje bør følgjast opp. Departementet går såleis inn for at ein bør endre lova ved å ta ut kravet til at festeinntektene i forskrifta skal bli sett i høve til næringsinntektene, og dermed også kravet til det nærare høvetalet. Endringsforslaget føreset likevel, som etter den gjeldande regelen, at landbruksunntaket primært blir innretta til fordel for bruk som er i drift. Dette kjem likevel ikkje til uttrykk direkte i lovteksta.
Når det gjeld overgangsspørsmåla knytt til forskriftsendringar, meiner departementet at desse i forskrifta bør løysast tilsvarande som i høve til endringa i lova § 34 andre ledd om statsallmenningar.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti, støtter Regjeringens forslag. Bak forslaget ligger hensynet til landbruket. Flertallet ser at hensynet til de berørte festerne på den andre siden vil tale imot forslaget. Flertallet vil imidlertid vise til at også disse festerne ved lovendringene i 2004 fikk styrket sin rettsstilling når det gjaldt regulering av festeavgiften og retten til å kunne forlenge festet på samme vilkår som før.
Flertallet kan - som departementet - ikke se hold i påstanden om at forslaget vil føre til en rettstilstand som strider mot EMK. Flertallet er enig i at overgangsreglene fastsettes av Kongen, og viser til sine merknader til overgangsspørsmålet under punkt 3 foran.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser igjen til at hensynet til landbrukets interesser, i tråd med Høyres ønske om å sikre at de gårdsbruk som har festet bort tomter i den hensikt å sikre gården næringsinntekter i fremtiden, nå blir ytterligere styrket. Disse medlemmer viser til at det er ønskelig å opprettholde tomtefeste som et viktig inntektsgrunnlag i landbruksnæringen. Ordningen ivaretar behovet for en årlig inntektsstrøm til eiendommen også etter et generasjonsskifte. Dette er i flere tilfeller en forutsetning for å opprettholde bosetting på bruket.