2. Bakgrunnen for lovforslaget
Når det gjeld bakgrunnen for lovforslaget, viser departementet til det dokumentet som regjeringspartia framforhandla på Soria Moria som grunnlag for den sitjande fleirtalsregjeringa.
Justisdepartementet tok i høyringsnotat av 26. januar 2006 opp spørsmålet om endringar i lov om tomtefeste og i forskrift om tomtefeste m.m. I høyringsnotatet tok departementet opp spørsmål som gjeld tidspunktet for innløysingsretten for bustadhus. Vidare tok departementet opp unntaket frå innløysingsretten for fritidshus i statsallmenningar mv., under dette også eit spørsmål om endring av fjellova, og eit spørsmål som gjeld Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark. Og ein tok opp lov- og forskriftsendringsspørsmål knytt til unntaket frå innløysingsretten for fritidshus som høyrer til landbrukseigedomar. Til sist tok departementet opp ulike spørsmål knytt til tvisteløysingsordninga ved regulering av festeavgift og ved innløysing. Høyringsfristen var 1. mars 2006.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til Soria Moria-erklæringen og har ingen ytterligere merknader.