Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

10. Skattefritak for Verdipapir­foretakenes sikringsfond

Med verknad frå 1. januar 2006 skal det skipast eit sikringsfond for verdipapirforetak. Departementet legg fram forslag om at fondet skal vere fritatt frå skatt på inntekt og formue, slik mellom anna Bankenes sikringsfond er.

Departementet legg derfor fram forslag om å endre skattelova § 2-30 første ledd bokstav k.

Departementet legg til grunn at dei økonomiske konsekvensane av forslaget er små, og at det same vil gjelde dei administrative konsekvensane.

Departementet legg fram forslag om at endringane tek til å gjelde med verknad frå 1. januar 2006.

Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om endring i skattelova § 2-30 første ledd bokstav k.