1. Innhaldet i proposisjonen
Justisdepartementet legg fram forslag til ny lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd. Forslaget skal erstatte lov 19. juni 1970 nr. 69 om offentleghet i forvaltningen. Forslaget svarer i all hovudsak til forslaget i Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), som vart fremja i førre sesjon. Forslaget i Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) vart ikkje behandla i den sesjonen. Etter Stortingets forretningsorden § 33 tredje ledd må Regjeringa fremje forslaget på nytt i den påfølgjande valperioden. I proposisjonen er det, bortsett frå nokre språklege opprettingar og med tre unntak, teke inn eit likelydande lovforslag som i Ot.prp. nr. 102 (2004-2005). Det vises til proposisjonen for omtale av disse endringane.