3. Merknader frå komiteen
Komiteen seier seg nøgd med at Regjeringa har lagt fram forslag til ny lov om kosmetikk og kroppspleieprodukt. Formålet for lova er å medverke til at kosmetikk, kroppspleieprodukt og andre produkt som er omfatta av lova, er helsemessig sikre for menneske og dyr. Lova skal også fremme forbrukarinteresser, ærlegdom, dyrevelferd, etikk, miljø, mattryggleik og kvalitet.
Komiteen påpekar at det har utvikla seg eit breitt produktspekter på kosmetikkområdet. Komiteen ser det som ei utfordring å sikre at regelverket reflekterer denne utviklinga, slik at ein tek omsyn til tryggleiken til brukaren når det gjeld den typen produkt. Derfor skal den nye lova omfatte produkt til bruk på dyr, injeksjonsprodukt, lækjemiddelnære produkt og produkt til tatovering og permanent sminke i tillegg til dei produktkategoriane som er omfatta av direktiv 76/768/EØF (kosmetikkdirektivet).
Komiteen ser det sentrale med lova at den skal sikra at produkta skal være helsemessig sikre for menneske og dyr (jf. § 1 Formål).
Omsynet til forbrukarinteressene går lengre enn retten til sikre produkt. Omsynet til dyrevelferd og etikk rettar seg mot forsvarleg produksjon, mellom anna testing på dyr og innehald i produkta. Det er nytt at det blir stilt tilsvarande krav til kosmetikk og kroppspleie som blir brukte på dyr. Lova gjeld både for produkt som berre blir omsette på den norske marknaden, for produkt som også er meinte for eksport, og for produkt som blir importerte frå andre land.
Komiteen er positiv til at den nye lova fremjar forbrukarinteresser, helsemessig tryggleik, dyrevelferd, etikk, miljø, og kvalitet.
Departementet skal i forskrift kunne gje forbod mot produkt som inneheld materiale der gen kodar for antibiotikaresistens. Utviklinga med at stadig fleire sjukdomsframkallande bakteriar blir motstandsdyktige for antibiotika, er skremmande, så komiteen støttar dette forbodet.
Komiteen vil at grenseoppgangen mellom legemiddel og kosmetikk skal klargjerast ytterligare med tanke på lettare tilgjenge for brukarane.
Komiteen vil ikkje at det skal innførast avgifter eller gebyr på produkta, men meiner at naudsynte kontrollfunksjonar kan gjennomførast med dagens beredskap. Dersom det blir innført avgift eller gebyr på produkta, meiner komiteen det er viktig å halde avgifta så lav som råd er.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at innføring av avgifter og gebyr som skal finansiere nødvendig tilsyn og kontrollfunksjoner, i tilfelle må øremerkes dette formålet og ikke benyttes til å kryssubsidiere andre formål. For øvrig støtter disse medlemmer forslaget til ny kosmetikklov.
Komiteen støttar forslaget i Ot.prp. nr. 6 (2005-2006) og tilrår at proposisjonen blir vedtatt som framlagt.