Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:

I lov om eigedomsregistrering skal følgende paragrafer lyde:

§ 3 bokstav i og j blir stroke. Departementet sitt forslag til bokstav k til n blir bokstav i til l.

§ 8 første ledd:

Krav om matrikkelføring av oppmålingsforretning blir utferda av kommunen.

§ 22 sjuande ledd blir stroke. Departementet sitt forslag til åttande til tiande ledd blir sjuande til niande ledd.

§ 24 tredje ledd:

Så snart kommunen har fått melding om at tinglysing er utført som føresett, skal kommunen fullføre matrikkelføringa, og stadfeste dette ved å utferde matrikkelbrev. Kommunen skal sende matrikkelbrevet til den som har krevd oppmålingsforretninga matrikkelført. Er grense mot tilgrensande matrikkeleiningar merkt eller målt inn på nytt, skal kommunen sende kopi av matrikkelbrevet, eller eit relevant utdrag av det, til eigarar og eventuelle festarar av desse. I oversendinga skal det opplysast om høve til klage og klagefristar.

Overskrift kapittel 7:

Kapittel 7 Oppmålingsforretning

§ 33 første ledd:

Kommunen skal i oppmålingsforretning klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med partane sine påstandar og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing.

§ 33 fjerde ledd:

Kommunen og partane har tilgang til privat og offentleg eigedom i samsvar med § 41. Ved ferdsel på nabogrunn skal representanten for kommunen på oppmoding vise fram avtale om oppdrag.

§ 36 første til tredje ledd:

Kommunen skal ta vare på alle partar sine interesser og utføre oppdraget i samsvar med god landmålarskikk.

Kommunen skal melde tid og stad for oppmålingsforretning på etterviseleg måte med minst ei vekes varsel. Partane kan godta kortare varsel eller annan varslingsmåte. Innkallinga skal opplyse om kva forretninga går ut på, den vidare saksgangen og om høve til klage.

Om kommunen eller nokon av dei tilsette i kommunen eller nokon som står nokon av desse nær, har eller får økonomisk eller personleg interesse i det oppmålingsoppdraget gjeld, skal partane straks få opplysning om dette.

§ 37 blir stroke.

§ 38:

§ 38 Kommunen si plikt til å utføre oppmålings­forretningar

Kommunen har plikt til å utføre alle oppdrag om oppmålingsforretning sett fram av nokon som har krav på å få oppmålingsforretninga matrikkelført i kommunen. Gebyr for slik oppmålingsforretning blir betalt etter regulativ fastsett av kommunestyret sjølv. Det skal betalast avgift på slik oppmålingsforretning etter meirverdiavgiftslova. Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om slike oppmålingsforretningar, under dette om tidsfristar og gebyr.

§ 41 første ledd:

Oppmålingsarbeid i samband med arbeid etter denne lova, plan- og bygningslova eller eigarseksjonslova kan med dei avgrensingar som følgjer av lov, utførast på offentleg og privat grunn. Så langt formålet gjer det mogleg, skal arbeidet skje utan at det medfører ulempe for grunneigaren eller andre interesser. Tilsvarande gjeld for andre måleoppgåver som blir utførde på oppdrag at stat eller kommune, eller under rettleiing av kommunen eller staten sitt geodetiske fagorgan.

§ 46 første ledd bokstav l:

l) fastsetjing av gebyr og avslag på å utføre oppmålingsforretningar,

Departementet sitt forslag til § 46 første ledd bokstavane n og o blir bokstavane m og n.

§ 46 tredje ledd blir stroke. Departementet sitt forslag til fjerde ledd blir nytt tredje ledd.

§ 51 andre, tredje, fjerde og sjette ledd blir stroke. Departementet sitt forslag til femte ledd blir andre ledd.

§ 52 nr. 11 endring i plan- og bygningsloven § 93b nr. 1 nytt andre ledd :

De som er nevnt i § 9 i lov om eigedomsregistrering kan søke om tillatelse til å opprette ny grunneiendom, ny anleggseiendom, ny festegrunn eller nytt jordsameie, eller tillatelse til arealoverføring.