Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Hovudføremålet med proposisjonen er å innføra eit meir nyansert sanksjonssystem enn det som finst no ved brot på kringkastingslova, kringkastingsforskrifta og vilkår gitt i medhald av lova. Departementet gjer òg framlegg om einskilde andre endringar i lova. Endringane i lova skal bidra til at norske kringkastarar og aktørar som deltek i spreiing av kringkasting til det norske publikum sørgjer for at sendingane er i samsvar med dei rettslege rammene som gjeld for slike sendingar og som er fastsette i norsk og internasjonalt regelverk for kringkasting.

I proposisjonens kapittel 2 gjer departementet framlegg om å endra og innføra nye administrative reaksjonssystem for å motverke brot på kringkastingslova, føresegner og vilkår gitt i medhald av lova. Framlegget inneber samstundes ei avkriminalisering av ei rad føresegner i lova. I dag femner straffeansvaret om 24 paragrafar i lova med tilhøyrande føresegner i forskrift, og verkeområdet vart i høyringsnotatet foreslått utvida med kapitla fem og seks. Departementet har sett nærmare på behovet for straff i lys av framlegga som gjeld gebyr og tvangsmulkt. Konklusjonen av denne gjennomgangen er eit framlegg om å la straffeansvar gjelda for brot på føresegner i åtte paragrafar, altså ei avkriminalisering av 16 paragrafar. Heimel til å gi gebyr og åtvaring blir foreslått utvida og det blir foreslått å innføra ein ny heimel til å gi tvangsmulkt. Samla sett gir dette etter departementets vurdering eit sett med verkemiddel som i langt større grad er tilpassa kringkastingsregelverket enn tilfellet er etter dagens reaksjonssystem, utan at det går ut over rettstryggleiken. Det legg også til rette for ei meir effektiv og målretta administrering av regelverket enn etter dagens system.

I kapittel 3 gjer departementet framlegg om at regelverket om skjult reklame i kringkastingsprogram blir flytta frå kringkastingsforskrifta til lova. Dess­utan har det blitt reist spørsmål om heimelen til delar av forskriftsreguleringa. Det er gjort somme endringar, slik at lova kjem klarare i samsvar med dei internasjonale pliktene Noreg har teke på seg.

Kringkastingslova inneheld i dag ein heimel til å forby å senda vidare i kabelnett visse program som er i strid med norsk lov. I kapittel 4 gjer departementet framlegg om å utvida denne heimelen til å gjelda formidling av visse ulovlege program frå utanlandske kringkastarar, same kva for distribusjonsmåte som er vald. Etter dette framlegget blir reguleringa på dette området meir teknologinøytral.

I kapittel 5 gjer departementet framlegg om å avvikla ordninga med Medietilsynet som tvisteløysingsorgan i saker der abonnentar og kabeleigar ikkje blir samde om val av kanalar i kabelnettet. I staden får Medietilsynet fullmakt til å krevja omval dersom abonnementsval ikkje har skjedd i samsvar med reglane for slike val. Slike ureglementerte val vil oftast følgjast av klager frå abonnentar. Det kan likevel bli nødvendig å gripa inn sjølv om det ikkje ligg føre klager, når det er klare brot på reglane. Framlegget femner også om slike tilfelle. Omvalsregelen vil først bli teken i bruk når reglane om abonnementsval er blitt presiserte i forskrift til lova.

Departementet vil innleiingsvis klargjere skiljet mellom omgrepa administrative reaksjonar, sanksjonar og straff. Administrative reaksjonar blir her nytta som eit samleomgrep for ulike tiltak forvaltninga set i verk for å fremje etterleving av regelverk. Sanksjonsutvalet nyttar omgrepet sanksjonar om "(...) negativ reaksjon som kan ilegges av offentlig myndighet med hjemmel i lov, og retter seg mot en begått overtredelse av lov, forskrift eller individuell avgjørelse, og som har et hovedsakelig eller vesentlig pønalt formål", jf. NOU 2003: 15 s. 20. Sanksjonar kan vera slike reaksjonsformer som blir rekna som straff etter Grunnlova § 96 og som må gjerast ved dom. Men sanksjonar kan også vera administrativt fastsette reaksjonar mot lovbrot og som har eit vesentleg pønalt preg. Gebyr vil vera ein slik administrativ reaksjon som reknast som sanksjon. Det finst også administrative reaksjonsformer som skal fremje etterleving av regelverk, men som likevel ikkje kan reknast for sanksjonar etter Sanksjonsutvalets definisjon. Sidan tvangsmulkt verkar framover i tid og skal pressa fram oppfylling av ei plikt, vil tiltaket vera ei slik administrativ reaksjonsform som ikkje er ein sanksjon. Det finst ikkje eit klart pønalt føremål knytt til denne reaksjonsforma. Vilkåra for å gi ho blir òg annleis enn for sanksjonane.

Framlegga gjeld straff, gebyr, åtvaring og tvangsmulkt. Dei fire verkemidla blir behandla kvar for seg nedanfor. Det er likevel viktig å sjå alle verkemidla i kringkastingsregelverket i samanheng. Innføring av tvangsmulkt og utviding av verkeområdet for gebyr har gjort det naturleg å vurdera avkriminalisering av brot på reglar i lov og forskrift. Straff skal etter framlegget berre kunna nyttast ved brot på reglar som vernar viktige samfunnsinteresser, t.d. vidaresending av pornografi, av omsyn til enkelte sjåarar, t.d. mindreårige, eller av internasjonale omsyn.

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om ei tilpassing av § 10-1 bokstav a som følgje av endringar i lova etter at denne føresegna vart revidert sist. Det gjeld utviding av verkeområdet for straff til også å femna om kapitla 5 og 6, retting av feil informasjon og NRK. På bakgrunn av m.a. merknader i høyringsrunden, handsaminga av St.meld. nr. 26 (2003-2004) og vurderingane til Sanksjonsutvalet har departementet vurdert behovet for straff på ny. I lys av framlegga til utviding av verkeområdet for gebyr og innføring av tvangsmulkt vurderer departementet at behovet for straff blir mindre. Departementet har teke utgangspunkt i den momentlista som Sanksjonsutvalet har sett opp for vurdering av om brot på ei handlingsnorm skal vera straffbar. Departementet har lagt vekt på at straff berre bør brukast ved brot på reglar som vernar om viktige samfunnsmessige interesser. Det er vidare lagt opp til at straff skal brukast ved alvorlege brot på desse reglane. Departementet har òg teke omsyn til at brot på enkelte av dei straffesanksjonerte reglane i kringkastingslova kan bli råka av straffereglar i anna regelverk om marknadsføring. Departementet gjer difor framlegg om å avgrensa høvet til å bruka straff til brot på følgjande reglar:

  • § 2-1 første og tredje ledd. Konsesjons- og registreringsplikt for å driva kringkasting

  • § 2-4 Melding fra statsmyndighet mv.

  • § 2-7 Beskyttelse av mindreårige seere

  • § 3-1 andre ledd. Forbud mot reklame særskilt rettet mot barn og reklame i tilknytning til barneprogram

  • § 4-5 første ledd bokstav b og d. Forbod mot vidaresending av visse program

  • Kapittel 9 Ulovlig kringkasting fra skip og fly i internasjonalt område mv.

For at styresmaktene skal kunne ha oversikt over kva for kringkastarar som sender og kven som er ansvarlege for sendingane, er det viktig at reglane om konsesjons- og registreringsplikt i § 2-1 blir overhalde. Departementet foreslår vidare å behalda straffesanksjonen for brot på reglar som vernar mindreårige mot skadeleg innhald og ulovleg reklamepress. At kringkastarane overheld plikta til å senda viktige meldingar frå styresmaktene når dei blir pålagde det, er også særs viktig, for å hindra skade på liv og helse.

Departementet understrekar at bruk av straff som reaksjon må tilpassast innhaldet i den aktuelle regelen og kor grovt brotet er. Melding frå styresmaktene bør vera særleg viktig for at straff skal kunna nyttast som sanksjonsmiddel. Ved svært kortvarige brot på dei ulike reglane bør heller ikkje straff nyttast, med mindre brot på reglane tek seg oppatt.

Departementet gjer framlegg om å utvida verkeområdet for gebyr til å omfatta brot på reglane i kapittel 2 (m.a. konsesjonsreglar), §§ 6-4 (NRK) og 8-1 og 8-2 (m.a. reglar om meldeplikt). Utvidinga av verkeområdet for gebyr har som føremål å innføra eit meir differensiert reaksjonssystem også for brot på andre delar av regelverket enn reklame- og sponsereglane. I dag finst ingen sanksjonar bortsett frå åtvaring, inndraging av konsesjon og straff for brot på desse reglane. Tvangsmulkt er eit verkemiddel for å få dei ansvarlege til å oppfylla pliktene sine og skal ikkje brukast som ei etterfølgjande reaksjonsform mot regelbrot. Gebyr er derfor nødvendig for å fanga opp brot som er for alvorlege for åtvaring, men ikkje grove nok for straff der straff også er eit sanksjonsmiddel. Gebyr vil også koma i staden for straff i høve til ei rekkje føresegner, og vil vera nødvendig for å sikra ein reaksjon i tillegg til åtvaring for dei "avkriminaliserte" føresegnene.

Gebyr etter gjeldande § 10-3 skal reknast ut etter kva den ansvarlege har tent på regelbrotet, jf. Innst. O. nr. 34 (1993-1994) til Ot.prp. nr. 29 (1993-1994), om reglar om sanksjonar ved brot på kringkastingslova. Dette skal gjelda også i høve til brot på dei reglane som no vil kunne bli sanksjonerte med gebyr. Som tidlegare, skal nærmare reglar om utrekning av gebyr fastsetjast i føresegner til lova, jf. dagens §§ 10-1 til 10-5 i kringkastingsforskrifta. Slike reglar vil krevje ei særskilt høyring blant relevante instansar og organisasjonar før reglane blir fastsette.

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om at gebyr også skulle kunne nyttast ved brot på reglane i kap. 4 (Videresending i kabelnett mv.) og for brot på reglane om m.a. kontroll av omsetning av kringkastingsmottakarar i §§ 8-1 og 8-2. Departementet meiner på bakgrunn av m.a. synspunkt som vart fremja i høyringsrunden at tilstrekkeleg oppfylling av dei fleste reglane i kap. 4 blir sikra gjennom den nye heimelen til å gi tvangsmulkt. Om ein kabel­eigar t.d. ikkje oppfyller formidlingsplikta i lova § 4-3 skal Medietilsynet kunna vedta ei tvangsmulkt for kvar dag som går inntil formidlingsplikta blir oppfylt. Den nye heimelen til å krevja nytt abonnementsval ved brot på reglane om slike val i lova § 4-4 vil etter departementets oppfatning òg bidra til at desse reglane blir fylgde. Når det gjeld reglane for kontroll av radiohandlarar og etterleving av meldeplikt for sal av fjernsynsapparat i §§ 8-1 og 8-2 og føresegner til desse, er det etter departementets oppfatning behov for å kunne gi ein etterfylgjande administrativ reaksjon når brot på reglane er konstatert. I dagens reglar er slike brot berre omfatta av straffesanksjon, men straff skal etter framlegget ikkje ramma brot på disse reglane. Som nemnt i høyringsfråsegna frå Justisdepartementet, er bruk av gebyr som alternativ til straff i samsvar med tilrådingane i utgreiinga frå Sanksjonsutvalet (NOU 2003:15).

For dei administrative reaksjonane i kringkastingslova som etter Sanksjonsutvalets definisjon er å rekne for sanksjonar (åtvaring, gebyr, inndraging av konsesjon), er det ikkje presisert noko skuldkrav i reg­lane dag. Reglane har vore i kraft i meir enn åtte år. Etter desse reglane skjer det ei konkret vurdering i kvar enkelt sak om det er rimeleg å fatta vedtak om administrativ sanksjon. Er den ansvarlege ein fysisk person vil det derfor ikkje bli gitt sanksjon viss regelbrotet er unnskyldeleg og den ansvarlege ikkje er noko å bebreida. Når den ansvarlege for eit regelbrot er eit føretak, blir ansvaret etter reglane nærmast objektivt. Etter reglane vil føretaket bli ansvarleg når eit regelbrot er gjort på føretakets vegne. Føretaket blir ansvarleg sjølv om ingen enkeltperson har utvist skuld eller ingen skuldig enkeltperson kan utpekast. Berre force majeure og såkalla hendelege uhell kan frita føretaket for ansvar for regelbrot.

I mange tilfelle vil det vera naturleg å gi ei åtvaring ved første gongs regelbrot.

Departementet gjorde ikkje framlegg om å endra § 10-2 om åtvaring i høyringsnotatet. Statens medieforvaltning har peika på at etter gjeldande rett femner § 10-2 om åtvaring ikkje kabeleigarar. Departementet meiner at åtvaring også bør kunna nyttast i forhold til andre som er ansvarlege for å overhalda reglar i lova. Departementet gjer derfor framlegg om ei justering i § 10-2 for å presisera dette. For å gjera regelen enklare med omsyn til kven som kan få åtvaring, blir omgrepet "den ansvarlige" teke inn. Kven som er ansvarleg i høve til det einskilde brotet, vil gå fram av regelen som er broten. Til dømes vil det vera den einskilde kringkastaren som har ansvaret for at reglane om europeisk programmateriale i lova § 2-6 og reglane om reklame og sponsing i kap. 3 blir overhalde. På same vis vil § 8-2 i lova og forskrifter til regelen angi kven som er ansvarleg for å overhalda meldeplikta for omsetning mv. av kringkastingsmottakar.

Åtvaring må reknast for ein administrativ sanksjon.

Departementet gjer framlegg om at tvangsmulkt skal kunna nyttast ved brot på desse reglane: kapittel 2 (m.a. konsesjonsreglar), kapittel 3 (reglar om reklame og sponsing), kapittel 4 (reglar om vidaresending mv. i kringkastingsnett), §§ 6-4 (NRK) og 8-1 og 8-2 (m.a. reglar om meldeplikt), eller forskrift eller enkeltvedtak fastsett i medhald av desse reglane.

Tvangsmulkt er i høyringsnotatet nemnt som ein sanksjon. Mange definisjonar av sanksjon inneheld ikkje tvangsmulkt, sjå t.d. NOU 2003:15 kapittel 15. Tvangsmulkt skal ikkje nyttast som etterfølgjande reaksjon på regelbrot og har såleis ikkje eit pønalt føremål. Tvangsmulkt gjeld hovudsakleg plikter som ikkje blir oppfylte eller pålegg som ikkje blir følgde.

Tvangsmulkt skal verka som eit press for å tvinga fram handlingar eller for å avslutta ulovlege forhold. Tvangsmulkt verkar såleis berre i høve til fastsette plikter eller pålegg. Tvangsmulkt får berre verknad etter at ei plikt er broten.

Departementet viser til at det etter den nye reaksjonsforma tvangsmulkt ikkje vil vere naudsynt å påvisa skuld. Dette har samanheng med at Medietilsynet skal gi reaksjonen slik at den ansvarlege får tid til å innretta seg i tråd med regelverket før tvangsmulkta forfell.

Ved utmålinga av tvangsmulkt skal Medietilsynet ta utgangspunkt i kva den ansvarlege sparar ved å ikkje oppfylla plikta til rett tid.

Om ikkje ei plikt blir oppfylt til rett tid og tvangsmulkt ikkje verkar, kan Medietilsynet vurdera om ein vil gi gebyr eller andre sanksjonar som ein etterfølgjande reaksjon i dei høva tilsynet kan konstatera at det har vore eit klart regelbrot. Sidan ein ikkje reknar tvangsmulkt som ein sanksjon vil det ikkje vera brot på forbodet mot dobbeltstraff å nytta denne reaksjonsmåten saman med andre sanksjonsformer.

Departementet er klar over at framlegget om nærmare regulering av skjult reklame og salsfremjande omtale i program reiser vanskelege og viktige spørsmål knytt til inngrep i redaksjonelle spørsmål. Mange av høyringsinstansane er uroa for at styresmaktene skal gå for langt i å kontrollera dei redaksjonelle vurderingane bak eit program.

Departementet meiner at det framlegget som var presentert i høyringsnotatet korkje grip inn i det redaksjonelle sjølvstendet på ein uakseptabel måte eller gjer det ulovleg å driva forbrukarjournalistikk. Intensjonen med framlegget var å føra det norske regelverket meir på linje med det internasjonale regelverket Noreg har slutta seg til og dermed er bunde av, både når det gjeld Europarådets fjernsynskonvensjon og EUs TV-direktiv. Departementet vil òg visa til utviklinga av nytt mottakarutstyr som m.a. kan gjere det mogeleg for sjåarane å "hoppa over" vanlege reklameinnslag mellom programma. Denne utviklinga kan føra til større interesse for å freista å plassera marknadsførande innslag inn i vanlege program.

Når det gjeld sponsa program inneheldt framlegget i høyringsnotatet to endringar i høve til gjeldande § 3-4 tredje ledd. Den første var å understreka at "spesielle salgsfremmende henvisninger til slike produkt eller tjenester" er eit døme på ulovleg oppmoding til kjøp eller leige av sponsor eller tredjemann sine produkt eller tenester. Det er eit viktig døme, fordi slike tilfelle er særleg graverande. Derfor var det nemnt spesielt. Den andre endringa var å presisera forbodet mot skjult reklame. I TV-direktivet står dette forbodet i innleiingsartikkelen til kapitlet om reklame og sponsing (artikkel 10 nr. 4), der det blir slått fast at "Skjult reklame er forbudt". Det gjeld alle program, både dei som er sponsa og dei som ikkje er det. I norsk rett er dette forbodet generelt nemnt i forskrifta.

Ut frå innspela som er komne i høyringsrunden ser departementet behov for å gjere omsyna bak framlegga klårare også i lovteksten. Dette blir gjort ved å ta inn ein definisjon av skjult reklame i § 1-1 i lova. I tillegg foreslår departementet eit generelt forbod mot skjult reklame i program i staden for, som det opphavleg var gjort framlegg om, det generelle forbodet mot oppmuntring til kjøp eller leige av produkt eller tenester, i § 3-3 og forbodet mot skjult reklame i § 3-4.

Med dette meiner departementet det kjem klårare fram at reglane skal hindra innslag som er gjort av marknadsføringsomsyn utan at publikum blir gjort merksame på det. Det skal vera mogleg for publikum å skilja det redaksjonelle stoffet frå det marknadsførande. Dette var også omsyna bak dei opphavlege framlegga. Departementet finn òg at regelverket på denne måten blir enklare og meir oversiktleg når det gjeld desse omsyna.

Skjult reklame er etter definisjonen i framlegget i denne proposisjonen presentasjon av varer, tenester, varemerke mv. som er medviten marknadsføring og som kan vera villeiande for publikum med omsyn til om det faktisk er marknadsføring. Definisjonen av skjult reklame i framlegget vil byggja på tre kriterium: framvisinga må vera tilsikta, framvisinga må ha ein marknadsførande effekt og den må vera egna til å villeia publikum med omsyn til om det er eit tilsikta marknadsførande innslag. Den marknadsførande framvisinga må vera tilsikta frå nokon som har delteke i produksjonen av innslaget eller frå kringkastaren sjølv.

Forbrukarjournalistikk er ikkje reklame, sjølv om innslag kan innehalda positiv omtale av visse produkt eller tenester. Med forbrukarjournalistikk er meint program med eit redaksjonelt innhald, der redaksjonen opptrer sjølvstendig og uavhengig, og der kringkastaren ikkje tek imot noka form for vederlag eller oppnår andre fordelar for god omtale. Forbrukarjournalistikk har publikum som oppdragsgjevar, ikkje produsent eller seljar. Det vil ikkje vera nok å fastslå at eit program har ein salsfremjande effekt for at ein skal kunna seia at det inneheld skjult reklame. Ein må skilja mellom verknaden av og motivet for sendinga i denne samanhengen. Er programmet redaksjonelt motivert, er det ikkje skjult reklame, sjølv om det kan hende har salsfremjande effekt.

Definisjonen vil femna om skjult reklame både i program produsert av kringkastaren sjølv og av eksterne produsentar. Departementet ser at det kan bli vanskeleg for kringkastaren å sende til dømes ei rad spelefilmar og andre program om forbodet mot skjult reklame skulle bli handheva likt i høve til alle eksterne produksjonar. Når det gjeld eksterne produksjonar vil tilsynsorganet vere meir varsamt med å slå ned på skjult reklame om ikkje programmet er produsert på bestilling frå kringkastaren eller kringkastaren på annan måte har kunna påverka produksjonen. I handhevinga av regelen vil tilsynsorganet òg leggja vekt på om den skjulte reklamen er i eit barneprogram. Departementet meiner det er ekstra viktig å unngå marknadsførande innslag i program for barn. Barn vil normalt ha vanskelegare for å oppfatte om det ligg marknadsføringshensikter bak innslaga.

Endringa er ikkje meint å endra dei vurderingane som er gjort og den praksisen som er fylgt ved handheving av § 3-4 tredje ledd i lova. Departementet oppheld framlegget om å presisera at å vise til sponsor eller tredjepart sine produkt eller tenester på ein salsfremjande måte er eit klart døme på oppmuntring til kjøp eller leige av slike produkt eller tenester i sponsa program i § 3-4. Forskjellen mellom reguleringa av sponsa program og andre program når det gjeld salsfremjande innslag vil derfor først og fremst vera at ein kan slå direkte ned på salsfremjande omtale eller framsyning av sponsors produkt eller tenester i sponsa program, utan å først vurdera om forbodet mot skjult reklame er brote.

I høyringsnotatet gjorde også departementet framlegg om at føresegna som gjeld presentasjon av premiar i program bør flyttast frå kringkastingsforskrifta til lova som ny § 3-5 og tilpassast framlegget som gjeld ny § 3-3 og § 3-4 tredje ledd.

Departementets framlegg om å endra § 4-5 inneheld to element.

Det første elementet gjeld ei utviding av § 4-5 første ledd bokstav b. Gjeldande regler fastset at Medietilsynet kan leggja ned forbod mot vidaresending av fjernsynssendingar som sender program med pornografi eller vald i strid med norsk lov. Denne regelen er foreslått utvida, slik at han også skal femna om program med innhald som i alvorleg grad kan vera skadelege for den fysiske, psykiske og moralske utviklinga hjå mindreårige.

Det andre elementet gjeld eit nytt andre ledd i § 4-5 om at Medietilsynet kan leggja ned forbod mot sal, utleige eller marknadsføring av innretningar eller tenester som har til føremål å gi tilgjenge til slike fjernsynskanalar som er nemnde i § 4-5 første ledd.

TV-direktivet artikkel 22 nr 1 fastset at dei statane direktivet gjeld for, "...skal treffe passende tiltak for å sikre at fjernsynsselskaper underlagt deres myndighet ikke sender programmer som i alvorlig grad kan skade mindreåriges fysiske, mentale og moralske utvikling, særlig programmer som inneholder pornografiske scener eller umotivert vold". Denne plikta har Noreg oppfylt gjennom § 2-7 i lova og § 2-5 i forskrifta. Men § 2-7 gjeld berre fjernsynsselskap under norsk jurisdiksjon. Etter artikkel 2a nr 2 i direktivet kan ein medlemsstat også hindra fri mottaking og vidaresending på sitt territorium av ei fjernsynssending frå ein annan medlemsstat dersom fjernsynssendinga "... utgjør et åpenbart, vesentlig og alvorlig brudd på artikkel 22 nr. 1 eller 2 og/eller artikkel 22a". Å stansa skadelege utanlandske sendingar er altså ikkje ei plikt for mottakarlandet, men det har høve til å gjera det.

Departementet har sett det som uheldig dersom det i utgangspunktet skal vera andre kriterium for det som kan sendast frå norske kringkastarar enn det som kan mottakast frå utanlandske selskap på dette feltet. Det vil innebera at føremålet med regelen, å verna mindreårige mot program som i alvorleg grad kan skada den fysiske, psykiske og moralske utviklinga deira, ikkje kunne oppfyllast fullt ut.

Fleire høyringsinstansar har peika på at kriteria er svært skjønnsmessige og at framlegget kan innebera innføring av sensur i strid med ytringsfridomen og det redaksjonelle sjølvstendet. Dei uklare punkta som er nemnde spesielt, er at det ikkje finst nokon definisjon av "mindreårig", at det ikkje er sagt noko om tidspunkt for sending og at det ikkje er spesifisert kva for programinnslag i tillegg til ulovleg pornografi og vald som skal kunna rammast.

Art. 2a nr. 2 bokstav a krev at brotet på reglane om skadeleg innhald skal vera openbart, vesentleg og alvorleg før ein kan stansa utanlandske sendingar med slikt innhald. I praksis vil dette seie at Medietilsynet hovudsakeleg vil gripe fatt i sendingar som har eit innhald som klart er i strid med reglane i straffelova om pornografi og valdsskildringar. På den måten kan ein hevda at endringa av § 4-5 første ledd bokstav b har liten praktisk effekt. Departementet meiner likevel det er fornuftig å oppretthalda framlegget for å visa at hovudomsynet bak regelen i § 4-5 første ledd bokstav b er å verna mindreårige mot skadeleg innhald.

Departementet vil presisera at program som fell inn under kriteria i direktivet art. 22 nr. 1, slik dei er gjennomført i lova § 2-7 og forskrifta § 2-5, er heilt forbode å senda for kringkastarar under norsk jurisdiksjon. Slike program blir derfor ikkje tilletne å senda sjølv om ein vel eit sendetidspunkt då mindreårige normalt ikkje ser fjernsyn. Det same vil gjelda i høve til dei programma eller innslaga Medietilsynet kan forby etter den nye § 4-5 første ledd bokstav b.

Framlegget til nytt andre ledd i § 4-5 vil gi heimel for forbod mot sal, utleige eller marknadsføring av innretningar eller tenester som har til formål å gi tilgjenge til program med ulovleg innhald. Etter dagens § 4-5 kan Medietilsynet stansa vidaresending i kabelnett av utanlandske TV-kanalar med visse former for ulovleg innhald. Ved den foreslegne endringa vil reguleringa av TV-mottak via kabelnett og TV-mottak via andre plattformer som distribuerar utanlandske TV-kanalar til norske sjåarar bli meir lik.

Fleire høyringsinstansar har peika på at faren for å ramma innretningar eller tenester som formidlar lovlege kanalar/program er stor. Andre har peika på at framlegget vil ramma reint tekniske hjelparar og ikkje dei som kringkastar programma. Departementet vil her presisera at framlegget ikkje skal ramma kanalar som sender lovleg innhald eller reint tekniske hjelparar. På bakgrunn av høyringsrunden vil departementet foreslå visse endringar i lovteksten som saman med merknadene vil presisera dette.

§ 4-5 andre ledd er mest praktisk i høve til program som ikkje kjem frå ein kringkastar som høyrer under norsk jurisdiksjon. I den grad slike program/kanalar kjem frå land som korkje er bundne av TV-direktivet eller Fjernsynskonvensjonen, finst det ingen internasjonale rettsreglar som skal sikra at berre lovleg innhald blir vidaresendt. Vidaresending i kabelnett er alt regulert i kringkastingslova. Framlegget til ny § 4-5 andre ledd har som føremål å hindra at program med ulovleg innhald blir motteke via andre plattformer.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at aksesselskapet skulle kunna gjerast ansvarleg. Det har somme høyringsinstansar meint er å ramma ein teknisk hjelpar som ikkje kan påverka det redaksjonelle innhaldet i det som blir formidla. Etter departementets syn kan ikkje aksesselskap definerast som ein reint teknisk hjelpar. Departementet er klar over at aksesselskap ikkje kan påverka det redaksjonelle innhaldet i det som blir vidaresendt. I det perspektivet kan ikkje eit aksesselskap seiast å "rå over innhaldet". Departementet viser til aksesselskapa som dei aktørane som set saman, marknadsfører og sel innhald til sjåarane. Dei har kjøpt retten til å selja eller leiga ut fjernsynskanalar til publikum, og dei gjer avtalar med sjåarane anten direkte eller gjennom ulike forhandlarar. Det er også aksesselskapet eller forhandlarar som stengjer kanalar for sjåarar dersom dei ikkje oppfyller sin del av avtalen, til dømes ved ikkje å betala. I dette perspektivet må aksesselskapet seiast å rå over innhaldet, og det er denne råderetten departementet har peika på i høyringsnotatet. På same måten må aksesselskapet eller dei som handlar på vegner av aksesselskapet etter departementets syn også ha eit ansvar for å stengja kanalar som sender ulovleg innhald og hindra sending av enkeltprogram med ulovleg innhald. Det ulovlege innhaldet kan vera kjent på førehand eller aksesselskapet kan ha fått melding om det frå Medietilsynet.

Omgrepet vidaresending har til vanleg blitt nytta for vidaresending i kabelnett. Men òg i digitale bakkenett for fjernsyn kan det vere snakk om vidaresending. Artikkel 2a nr 2 i TV-direktivet gir ein medlemsstat høve til både å hindra fri mottaking og vidaresending av visse sendingar. Det er derfor heller ikkje avgjerande for å kunna bruka § 4-5 andre ledd at ei sending rettsleg sett er å rekna som vidaresendt. Om ei sending er vidaresendt eller blir motteke direkte frå den utanlandske kringkastaren blir i den samanhengen ikkje så viktig.

Departementet er kjent med at innretningar eller tenester som er nødvendige for å få tilgjenge til ulovlege fjernsynssendingar ofte vil vera dei same som er nødvendige for å kunna sjå lovlege sendingar. Det er ikkje meininga å ha forbod mot slikt utstyr. Forbodet gjeld innretningar som er nødvendige for å gi tilgjenge til ulovlege sendingar, t.d. spesialkort eller integrerte delar av andre innretningar. På same måten som eit kort ikkje gir ein sjåar tilgjenge til ein bestemt kanal fordi vedkomande ikkje har betalt leige for den, vil ulovlege kanalar bli stengde av.

I enkelte samanhengar kan formidling av audiovisuelle tenester via internett bli rekna for kringkasting, såkalla webcasting, jf. definisjonen i lova § 1-1. Om sendinga er ulovleg, kan ei personleg datamaskin då bli rekna for utstyr som gir tilgang til ulovleg programinnhald. Departementet ynskjer sjølvsagt ikkje å kunna nedleggja forbod mot basis mottaksutstyr, som parabolantenner, fjernsynsapparat eller PC-ar, sjølv om dei for den enkelte kan vera nødvendige for å få tilgang til ulovlege sendingar. Heimelen til å gi forbod mot utstyr som gir tilgang til fjernsynskanalar eller program som er ulovleg etter § 4-5 vil berre bli nytta i høve til utstyr som er spesielt innretta for å gi tilgang for desse forbodne kanalane eller programma. Heimelen vil ikkje bli nytta mot mottaksutstyr eller tekniske innretningar som blir nytta meir generelt for mottak av fjernsyn.

Kringkastingslova § 4-6 inneheld reglar om klage mv. på vedtak som gjeld vidaresending av kringkasting i kabelnett, m.a. abonnementsval.

Departementet sluttar seg til dei høyringsinstansane som har peika på at det er nødvendig med klarare reglar om abonnementsval og at dei skal fastsetjast i forskrifts form. Pålegg om gjennomføring av nytt abonnementsval er ei alvorleg sak, og fråviket frå reglane bør stå i høve til inngrepet. Reine bagatellar skal ikkje kunna føra til nytt abonnementsval. Reg­lar om abonnementsval gjeld berre for kabelnett.

Departementet vil utarbeide meir detaljerte reglar om abonnementsval før ordninga med at Medietilsynet kan påleggja omval blir tatt i bruk. Dei nye reglane bør vera enkle å praktisera for kabeleigarane og gjera valet reelt og lettfatteleg for abonnentane. Reg­lane bør m.a. seia noko om den praktiske framgangsmåten for val, representativitet blant veljarane, korleis kanalane i valet skal veljast ut og det minste talet kanalar ein kan velja blant. Det bør òg vera ei vurdering av om det skal vera ulike framgangsmåtar for abonnementsval for analoge og digitale kabelnett på grunn av at det i digitale kabelnett i større grad kan vera teknisk mogeleg å gi abonnentane dei kanalane dei ynskjer. Slike reglar må på ei særskilt høyring og deretter fastsetjast i forskrifta til lova. Departementet har derfor ikkje funne grunnlag for å endra det framlegget til lovendring som vart presentert i høyringsnotatet om oppheving av § 4-6.