1. Sammendrag
- 1.1 Proposisjonen sitt hovudinnhald
- 1.2 Kva skal registrerast i Lausøyreregisteret?
- 1.3 Forholdet til personopplysningslova
- 1.4 Skyldnaren sin rett til innsyn i registrerte opplysningar
- 1.5 Melding til skyldnaren om registrering
- 1.6 Tilgang til opplysningar om utleggstrekk og avgjerder om "inkje til utlegg" og melding til skyldnaren
- 1.7 Sletting av opplysningar
- 1.8 Krav om undersøking og underretning til andre namsmakter før nytt utleggstrekk vert lagt ned
- 1.9 Utveksling av opplysningar namsmaktene imellom - forholdet til teieplikta
- 1.10 Økonomiske og administrative konsekvensar
Justisdepartementet gjer her framlegg om reglar om utvida registrering av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret og om betre samordning av utleggstrekk frå fleire namsmakter. Praktisk sett vil grunnsteinen i den ordninga som vert foreslått, vere det sams sakshandsamingssystemet for Statens innkrevjingssentral (SI) og dei alminnelege namsmennene som er under utvikling.
For å få ei betre samordning av lønnstrekk foreslår departementet at det vert lovfesta at namsmennene skal undersøkje om det allereie er lagt ned trekk, før dei legg ned nye trekk. Departementet foreslår at alle utleggspant, med unntak for utleggspant i realregistrerte formuesgode, skal registrerast i Lausøyreregisteret. Alle utleggstrekk skal registrerast. Forretningar om "inkje til utlegg" skal òg registrerast.
For å sikre personvernet til skyldnaren foreslår departementet nærmare reglar om innsynsrett for skyldnaren, avgrensingar av kva for opplysningar om utleggstrekk som skal vere tilgjengelege i Lausøyreregisteret, melding til skyldnaren om at opplysningar er gjeve ut, og om sletting av opplysningar frå registeret.
For å betre informasjonstilgangen for namsmaktene vert det foreslått at Statens innkrevjingssentral utan hinder av teieplikt skal kunne gje andre namsmakter opplysningar om skyldnarars inntekts- og formuesforhold og om utleggsforretningar mot vedkomande.
Dessutan vert ein inkurie i tomtefestelova § 15 foreslått retta opp.
Ei meir fullstendig samordning òg av innbetaling av utleggstrekk, kan ein få ved at trekka vert innkravde av ein sentral instans på bakgrunn av informasjon instansen har mottatt frå andre namsmakter. Arbeidsgjevaren treng då berre foreta eitt trekk sjølv om det er lagt ned trekk i fleire saker. I samarbeidsprosjektet mellom SI og dei alminnelege namsmaktene vert det lagt opp til å understøtte ei slik ordning. Regjeringa vil arbeide vidare med dette spørsmålet.
Departementet foreslår at framlegget i høyringsnotatet om at alle utleggspant med unntak av dei som skal registrerast i eit realregister, samt utleggstrekk og avgjerder om "inkje til utlegg" skal registrerast, vert gjennomført. Regjeringa si hovudmålsetning er å få til ei samordning av utleggstrekk som omfattar alle namsmaktene. Det er difor klårt at utleggstrekk frå alle særnamsmaktene må registrerast. Lausøyreregisteret vil ikkje gje full oversikt over trekka mot ein skyldnar om ikkje òg utleggstrekk frå skattefutane og skatteoppkrevjarane vert registrerte. Av omsyn til at det ikkje skal verte lagt ned høgare trekk enn det er høve til, er det òg viktig at desse særnamsmaktene gjer undersøkingar av andre trekk før dei legg ned nye trekk. Av ulike praktiske årsaker må ein vente noko før ordninga kan setjast i kraft for andre særnamsmakter enn Statens innkrevjingssentral.
Departementet meiner at utleggspant i fast eigedom ikkje bør registrerast i Lausøyreregisteret. Departementet kan ikkje sjå at det er naudsynt med ytterlegare registrering av utleggspant i fast eigedom i tillegg til registreringane i grunnboka og hos Norsk Eiendomsinformasjon.
For enkelte formuesgode kan ein få rettsvern for utleggspant berre ved tinglysing i Lausøyreregisteret. For ei anna gruppe av formuesgode kan rettsvern for utleggspant både fåast ved tinglysing i Lausøyreregisteret og på anna vis. For desse formuesgoda gjeld at registrering i Lausøyreregisteret gjev rettsvern berre andsynes kreditorane, medan den alternative rettsvernsakta gjev rettsvern òg andsynes godtruande omsetningservervarar. For ei tredje gruppe av formuesgode kan utleggspant ikkje få rettsvern ved registrering i Lausøyreregisteret.
Ved endringslova 11. juni 1993 nr. 83 vart ein regel om at alle utleggspant i anna enn realregistrerte formuesgode skal registrerast i Lausøyreregisteret, tatt inn i tvangsl. § 7-20 tiande ledd. Den føreslåtte endringa i tvangsl. § 7-20 tiande ledd vil medføre at utleggspantet må registrerast i Lausøyreregisteret òg dersom rettsvern allereie er etablert etter handpantregelen. Prioriteten for utleggspantet må då reknast frå tidspunktet for den første rettsvernsakta.
Departementet meiner at det ikkje er naudsynt å etablere eit system der det blir gjort merknad i Lausøyreregisteret om registreringa har rettsvernsverknad eller ikkje. Kor vidt tinglysinga i Lausøyreregisteret gjev rettsvern for utleggspantet, vil vere av interesse for den saksøktes øvrige kreditorar. Kreditorane vil normalt vere profesjonelle partar som ein må kunne gå ut frå gjennom lovverket vil kunne gjere seg kjende med om registreringa har rettsvernsverknad eller ikkje. Det vil gå fram av reglane i pantelova kapittel 5 på kva måte det kan etablerast rettsvern for utleggspant i forskjellige typar formuesgode. For å klargjere dette foreslår departementet ein regel om at registrering i Lausøyreregisteret berre gjev rettsvern dersom det følgjer av pantelova kapittel 5.
Etter tingl. § 35 er staten erstatningsansvarleg for tap som nokon uforskyldt lir på grunn av tinglysingsfeil, såframt tapet skyldast at vedkommande har stolt på ein pantattest eller tinglysingsattest. Det er lagt til grunn at denne regelen òg gjeld for Lausøyreregisteret, iallfall når det gjeld registrert pant i motorvogner. Departementet legg til grunn at regelen i tingl. § 35 ikkje vil kunne føre til ansvar for staten i tilfelle av manglande registrering av utleggspant som ikkje får rettsvern ved registreringa.
I departementets høyringsnotat heiter det:
"For utleggstrekk bør registreringen omfatte størrelsen på hvert trekk og hvilken periode trekket skal gjelde for… For at registeret skal fungere best mulig… må endringer som foretas i utleggstrekk, registreres. Det er derfor nødvendig at alle endringer av et trekk som namsmyndighetene gjør, registreres i Løsøreregisteret.
I tillegg bør det fremgå av registeret hvilken namsmyndighet som har nedlagt trekket... Det bør også fremgå hvilken prioritet trekket har i forhold til bestemmelsene i dekningsloven § 2-8."
Departementet meiner at det ikkje bør stillast opp skrankar i lova for kva slags opplysningar om utleggstrekk som skal vere tilgjengelege for dei andre namsmaktene. Opplysning om kva for namsmakt som har lagt ned trekket vil vere naudsynt for at namsmaktene lett skal kunne kontakte kvarandre. Av omsyn til at reglane om registrering av utleggstrekk skal sikre at prioritetsreglane i dekningslova § 2-8 vert etterlevde, må det gå fram kva for prioritet trekket har.
Når det gjeld trekkperioden er situasjonen spesiell for krav på underhaldstilskot, fordi det ikkje er krav om at det skal fastsetjast ein trekkperiode. Av omsyn til dei andre namsmaktene, bør det gjerast merknad i sakshandsamingssystemet om at trekkperioden er uavgrensa i saker om trekk for underhaldstilskot.
Det neste spørsmålet er kva for opplysningar som skal registrerast i Lausøyreregisteret, og dermed verte tilgjengelege for fleire. Det er klårt at Lausøyreregisteret må innehalde opplysningar om at trekk er lagt ned, og om storleiken på trekket. Derimot er det omsyn som taler mot at fordringshavarar, inkassobyrå mv. skal kunne få opplysningar om trekkas prioritet og om kva for namsmakt som har lagt ned trekket. Dette er svært sensitive opplysningar. Departementet meiner at personvernomsyn tilseier at slike opplysningar ikkje vert gjort tilgjengelege for andre enn namsmaktene. Departementet foreslår difor at opplysningar om kva for prioritet trekket har, ikkje skal gå fram av Lausøyreregisteret.
Opplysningar om kva for namsmakt som har lagt ned trekket, kan òg vere sensitive. Opplysning om kven som er namsmakt vil i første rekke vere av interesse for dei andre namsmaktene. Departementet foreslår difor at opplysningar om kva for namsmakt som har lagt ned trekket, berre skal vere tilgjengeleg for namsmaktene, og ikkje gå fram av Lausøyreregisteret.
Eit anna spørsmål er om opplysning om trekkperioden bør gå fram av Lausøyreregisteret. Departementet legg vekt på at det er ei viktig opplysning for kreditorane kva tid trekkperioden går ut, og foreslår difor at trekkperioden skal registrerast i Lausøyreregisteret.
Når det gjeld spørsmålet om kven som skal sørgje for melding til registeret om at trekk er stansa på grunn av byte av arbeidsgjevar, finner departementet det klårt at denne plikta må påliggje den namsmakta som har lagt ned det trekket som vart stansa.
I høyringsrunden er det reist spørsmål om kva som skal skje dersom trekket må "setjast i 0" for ei tid, på grunn av seinare trekk med høgre prioritet. Dersom eit tidlegare trekk vert utsett på grunn av eit mellomkommande trekk med høgre prioritet, meiner departementet at dette bør avmerkast i sakshandssamingssystemet. Det vil då gå fram at det første trekket vil kunne tre inn på nytt i løpet av trekkperioden.
Ordninga vil verte basert på automatiske rutinar. Spørsmålet om sanksjonar mot namsmakter som ikkje oppfyllar plikta til å registrere utleggstrekk, og spørsmålet om unntak frå registreringsplikta for heilt kortvarige trekk, kjem difor i eit anna lys enn i 1992 og under høyringa i 2000. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for sanksjonsreglar når ein baserer seg på automatiske rutinar. Når det gjeld registrering av heilt kortvarige trekk, foreslår departementet at ein for tryggleiks skuld likevel bør ha ein heimel til å gjere unntak frå registreringsplikt.
Etter tvangsfullføringslova § 7-25 skal ei tvangsforretning som endar med at det ikkje vert tatt utlegg, avsluttast ved at namsmannen gjev begge partar utskrift av namsboka som syner utfallet og kva som er gjort. I namsboka skal det kortfatta gjerast greie for kva undersøkingar namsmannen har føretatt for å utgreie skyldnarens formuestilhøve, og på kva måte namsmannen har vore eller har søkt å kome i kontakt med skyldnaren. Saksøkjaren kan klage på ei avgjerd om "inkje til utlegg".
Ved endringa ved lov 11. juni 1993 nr. 83 vart det presisert i tvangsl. § 7-25 at paragrafen gjeld når utlegg ikkje vert tatt av di den saksøkte ikkje har formuesgode eller lønn eller andre pengekrav som det kan takast utlegg i. Vidare vart det fastsett at utskrift av namsboka utan ugrunna opphald skal sendast til registrering i Lausøyreregisteret. I tredje punktum vart det fastsett at plikten til oversending til Lausøyreregisteret ikkje gjeld for særnamsmaktene. Særnamsmaktene har varierande kompetanse til å ta utleggspant.
Utgangspunktet er at tvangsfullføringslova berre gjeld for dei alminnelege namsmaktene, med mindre noko anna er fastsett i særlovgjevinga. Av di dei fleste særnamsmaktene ikkje har høve til å halde forretning for utleggspant i alle formuesgodar som skyldnaren eig, har dei oftast ikkje grunnlag for å fastslå at det ikkje finst noko å ta utlegg i. Dei kan berre konstatere at det ikkje finst noko å leggje ned utleggstrekk i, og at det heller ikkje finst beslagbare formuesgode som dei sjølv har kompetanse til å ta utleggspant i.
I høyringsnotatet heiter det:
"Det må også vurderes i hvilken utstrekning beslutning om at det ikke er noe å ta utlegg i hos skyldneren, bør registreres. Tvangsfullbyrdelsesloven § 7-25 tredje punktum (etter endringsloven i 1993) medfører at særnamsmyndighetens beslutninger om intet til utlegg er unntatt fra registrering i Løsøreregisteret. Begrunnelsen for dette er at særnamsmyndighetene sjelden holder en formell utleggsforretning … De foretar derfor undersøkelser i forhold til skyldneren som ledd i sin innkreving, men utformer sjelden en formell beslutning om "intet til utlegg"… Samtidig vil det være mange slike avgjørelser som ikke foretas formelt, men som vil kunne ha stor verdi for kreditorer og potensielle kredittytere. Det er likevel viktig at registrering i Løsøreregisteret ikke pålegger særnamsmyndighetene nye plikter i forhold til å avholde formelle forretninger for intet til utlegg."
Det avgjerande for om ei avgjerd om "inkje til utlegg" frå ei særnamsmakt skal registrerast, må, slik departementet ser det, vere om særnamsmakta har full kompetanse til å ta utleggspant i tillegg til utleggstrekk, og at det er halde ei formell forretning. Etter det departementet kjenner til, treffer skattefutane ofte formelle avgjerder om "inkje til utlegg". Det er då ingen grunn til at deira avgjerder ikkje skal vere omfatta av registreringsplikta.
Departementet har merka seg at fleirtalet av høyringsinstansane ønskjer at alle avgjerder om "inkje til utlegg" frå særnamsmaktene skal registrerast, særleg ut frå kredittopplysningsomsyn. Departementet meiner likevel det ikkje bør innførast registreringsplikt for slike avgjerder frå særnamsmakter som ikkje har kompetanse til å ta utleggspant i alle formuesgode. Ei namsmakt som berre har kompetanse til å treffe avgjerd om utleggstrekk og enkelte former for utleggspant, vil ikkje kunne konstatere at det finst "inkje til utlegg" hos skyldnaren. Det vil då vere misvisande å registrere ei avgjerd om at det finst "inkje til utlegg" hos skyldnaren.
Heller ikkje i dei tilfella der særnamsmaktene som ledd i si kreditorrolle undersøkjer skyldnaren si formuesstilling, og på bakgrunn av undersøkinga finn at det ikkje bør haldast utleggsforretning, bør det etter departementets syn innførast ei plikt til formalisering og registrering. Det er grunn til å tru at ei slik plikt vil verke fordyrande og kompliserande for særnamsmaktene. Personvernomsyn taler sterkt mot at slike uformelle undersøkingar vert registrerte.
I departementets høyringsnotat heiter det:
"Lov 9. juni 1978 nr. 48 om personregistre m.m. § 14 bestemmer at et foretak som driver kredittopplysning, må ha konsesjon…Løsøreregisteret registrerer etter gjeldende rett bare ulike typer panteheftelser. Dette gjør at Løsøreregisteret ikke er å anse som kredittopplysningsvirksomhet… Dersom Løsøreregisteret også skal opplyse om løpende utleggstrekk og beslutning om "intet til utlegg", vil dette gå ut over det som er angitt etter personregisterforskriften § 4-1 nr. 1. Det synes imidlertid lite hensiktsmessig at noen av registreringene i Løsøreregisteret skal reguleres av personregisterloven, mens andre faller utenfor. Av den grunn foreslås å gjøre en endring i omfanget av hva som omfattes [av] denne lovgivningen slik at registrering av utleggstrekk og "intet til utlegg" i Løsøreregisteret ikke blir å betrakte som kredittopplysningsvirksomhet."
Departementet foreslår å føre vidare forslaget i høyringsnotatet. Dette inneber at det vert innført eit unntak i personopplysningsforskrifta, om at registrering av utleggstrekk og avgjerder om "inkje til utlegg" i Lausøyreregisteret og utlevering av opplysningane frå registeret ikkje vert rekna som kredittopplysningsverksemd.
I høyringsnotatet frå departementet heiter det:
"Etter edbtinglysningsforskriften § 23 har enhver rett til å få vite hvilke opplysninger som er registrert om en selv. Etter tredje ledd i denne bestemmelsen er innsynsrett i Løsøreregisteret regulert av de alminnelige regler i personregisterloven. Tilsvarende bestemmelse foreslås å gjelde for rett til innsyn i utleggstrekk og beslutning om "intet til utlegg"."
Departementet foreslår å vidareføre forslaget i høyringsnotatet om at skyldnaren skal ha gratis innsynsrett i Lausøyreregisteret.
Eit anna spørsmål er kva for reglar som skal gjelde for skyldnarens rett til innsyn i opplysningar i det sams sakshandsamingssystemet hos Statens innkrevjingssentral. Dette systemet vil innehalde fleire opplysningar enn Lausøyreregisteret. Gjeldande reglar gir ikkje skyldnaren krav på innsyn i dei opplysningane Statens innkrevjingssentral har lagra om vedkommande til bruk i si eiga eller andre namsmenn si tvangsfullføring. Personvernomsyn talar sterkt for at den det gjeld, må ha rett til innsyn i dei til dels omfattande opplysningane som Statens innkrevjingssentral vil ha lagra om vedkommande. Etter departementet si meining er den beste løysinga å fastsetje innsynsretten i straffeprosesslova § 456. Retten til innsyn vil gjelde uavhengig av kva for ei kjelde opplysningane kjem frå i utgangspunktet.
Når det gjeld kommunale økonomiske rådgjevarar og andre som skyldnaren har bede om hjelp, meiner departementet at det ikkje er naudsynt å fastsetje særskilde reglar om deira innsynsrett.
Departementet går inn for at det innførast plikt for namsmaktene til å gje melding til skyldnaren om at forretning om utleggspant, utleggstrekk eller "inkje til utlegg" vil verte registrert i Lausøyreregisteret. Departementet fører vidare forslaget i høyringsnotatet om at den saksøkte skal få meldinga samstundes med at han får utskrift av namsboka. Slik melding vil kunne førebygge feilregistreringar.
Når skyldnaren mottek utskrift av namsboka som syner kva for opplysningar som vil verte registrerte i Lausøyreregisteret, vil det etter departementet si vurdering ikkje vere naudsynt å krevje at det jamvel skal gjevast opplysning om rett til innsyn i Lausøyreregisteret. Det følgjer direkte av framlegget til endring av straffeprosesslova § 456 at skyldnaren òg vil ha rett til innsyn hos Statens innkrevjingssentral.
Departementet foreslår ikkje nye reglar om utlevering av opplysningar om utleggspant. Opplysningar om utleggspant må som i dag kunne utleverast munnleg, eller skriftleg etter gjeldande gebyrreglar. Departementet meiner at det heller ikkje bør fastsetjast særskilte reglar for utlevering av opplysningar om utleggspant som ikkje kan få rettsvern ved registrering i Lausøyreregisteret. Det vil gje eit enklare system for Lausøyreregisteret når alle utleggspant følgjer same reglar, i staden for at registeret i kvart tilfelle må undersøkje kva slags formuesgode det er tatt utleggspant i.
Når det gjeld opplysningar om utleggstrekk og "inkje til utlegg", er det første spørsmålet kven som bør ha tilgang til desse opplysningane direkte frå Lausøyreregisteret. Framlegget i høyringsnotatet gjekk ut på at ein kvar skulle ha tilgang til slike opplysningar, men at dei berre kunne gjevast ut skriftleg mot gebyr. Namsmaktene vil etter det systemet ein legg opp til, få tilgang til opplysningane hos Statens innkrevjingssentral slik at dei nå fell utanfor spørsmålet om innsyn i opplysningane i Lausøyreregisteret.
Dei grupper som i særleg grad vil ha nytte av opplysningar frå Lausøyreregisteret om utleggstrekk og "inkje til utlegg", er advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, kredittopplysningsbyrå og andre offentlege organ enn namsmaktene. Det er klårt at denne gruppa brukarar må få tilgang til opplysningane. Departementet foreslår at tilgangen avgrensast til desse gruppene, slik at andre må vende seg til kredittopplysningsbyrå for å få tilgang til dei registrerte opplysningane om utleggstrekk og "inkje til utlegg". Dei som må vende seg til eit kredittopplysningsbyrå må ha eit "saklig behov" for å få opplysningane.
Opplysningar om utleggstrekk og "inkje til utlegg" bør berre kunne utleverast skriftleg. Departementet meiner det bør opnast for at opplysningane i Lausøyreregisteret kan fåast både ved utskrift og gjennom direkte oppslag mot databasen.
For opplysningar som vert gjeve ut ved utskrift, bør det i forskrift fastsetjast reglar om gjenpartsplikt til skyldnaren dersom denne ikkje er næringsdrivande. Om det òg skal vere gjenpartsplikt overfor næringsdrivande, vil verte vurdert i samband med forskriftsarbeidet. Det må òg vurderast om det skal innførast gjenpartsplikt ved elektroniske oppslag i registeret.
Reglar om gebyr for utlevering av opplysningar om utleggstrekk og "inkje til utlegg" må òg fastsetjast i forskrift. Munnleg utlevering av opplysningar om utleggspant som får rettsvern ved tinglysinga i Lausøyreregisteret, må framleis vere gebyrfritt. Departementet meiner det heller ikkje bør innførast gebyr for slik utlevering av opplysningar om den avgrensa gruppa utleggspant som ikkje vil få rettsvern ved registreringa i Lausøyreregisteret.
Utleggspant skal generelt slettast frå Lausøyreregisteret når det er openbart at heftinga har falle bort. Utleggspantet skal difor slettast frå registeret når kravet det er tatt utlegg for, er gjort opp. For utleggspant som ikkje er registrert i eit realregister, fastset pantelova som hovudregel at panteretten materielt sett fell bort som forelda etter tre år. Når utlegget har falle bort som forelda, kan det slettast frå Lausøyreregisteret. Etter pantelova har ein kreditor som er offentlig myndigheit, og som har utleggspant for sitt krav, plikt til å sørgje for sletting av pantet innan ein månad etter at kravet er opphøyrd. For utleggspant i fast eigedom er regelen at verknaden av tinglysinga fell bort etter fem år. Når verknaden av tinglysinga har falle bort, skal registerføraren av eige tiltak slette heftinga.
Departementet meiner at slettingsreglane for utlegg som får rettsvern på annan måte enn ved registrering i Lausøyreregisteret, men som likevel er registrert der av omsyn til kredittopplysning, bør vere dei same som for andre utleggspant. Departementet meiner det bør presiserast i forskrift kva for reglar som skal gjelde om sletting frå registeret av utleggspant som ikkje får rettsvern ved tinglysinga der.
Når det gjeld utleggstrekk, foreslår departementet å føre vidare framlegget i høyringsnotatet om at utleggstrekket skal slettast frå Lausøyreregisteret når trekkperioden er gått ut, eller når utleggstrekket av andre grunnar har falle bort.
Departementet meiner at ei avgjerd om "inkje til utlegg" bør slettast frå registeret når kravet som var bakgrunnen for utleggsforretninga er gjort opp eller av andre grunner har falle bort. At skyldnaren har gjort opp kravet, eller at kravet av andre grunnar har falle bort, er ein indikasjon på betring i økonomien som tilseier at utleggsforretninga bør slettast.
Utkastet til ny § 7-29 i tvangsfullføringslova regulerer situasjonen der det er registrert ei utleggsforretning med resultat "inkje til utlegg". Dersom kravet er dekka eller falle bort eller dersom tvangsgrunnlaget er oppheva, falle bort eller kjent ugyldig, skal forretninga etter lovframlegget slettast frå Lausøyreregisteret.
Ved vurderinga av kor lenge ei avgjerd om "inkje til utlegg" skal stå registrert når kravet ikkje er gjort opp, må det leggjast vekt på omsynet til skyldnaren og omsynet til at registeret skal gje tilstrekkelig gode kredittopplysningar. Etter departementets syn vil ein regel om at avgjerder om "inkje til utlegg" skal stå registrert i tre år, kombinert med ein regel om at registreringa skal slettast når kravet er oppgjort, gje best samsvar med dei øvrige reglane for kredittopplysningar. At registreringa skal slettast når kravet vert gjort opp, sikrar mot at registeret gjev eit galt inntrykk i saker kor det er klårt at skyldnarens økonomi er betra.
Det må leggjast til grunn at namsmaktene allereie etter gjeldande rett har plikt til å undersøkje om det er lagt ned trekk mot skyldnaren før dei sjølv legg ned eit nytt trekk. Regelen forutset at namsmakta undersøkjer om det finst tidlegare trekk med dårlegare prioritet enn det nye. Arbeidsgjevarar har etter tvangsl. plikt til å gje opplysningar om pålagte trekk i saksøktes lønn.
Det skjer likevel i praksis at det ikkje vert gjort undersøkingar om tidlegare trekk, og at det samla beløpet for fleire trekk er satt for høgt. Departementet finn difor grunn til å presisere i tvangsfullføringslova at namsmaktene må undersøkje om det allereie er lagt ned trekk før nytt trekk vert lagt ned. Framlegget i proposisjonen bygger på det sams elektroniske sakshandsamingssystemet som er under utvikling og som alle namsmaktene etter kvart skal ha tilgang til. Det er då meininga at namsmaktene skal undersøkje i dette systemet.
Lovframlegga i proposisjonen her bygger vidare på ein føresetnad om at namsmaktene skal ha tilgang til eit sams sakshandsamingssystem. Det er då ein føresetnad at namsmaktene uavhengig av teieplikt må ha tilgang på opplysningar om utleggsforretningar frå andre namsmakter. Spørsmålet er i det følgjande korleis formidling av opplysningar om inntekts- og formuestilhøva til skyldnaren og om dei utleggsforretningar som har vore nedlagt, kan bli avpassa til reglar om teieplikt.
Departementet finn at det er på det reine at dei alminnelege namsmaktene etter gjeldande rett kan gje opplysning om saksøktes namn og personnummer til Statens innkrevjingssentral for å innhente informasjon om inntekts- og formuestilhøve.
Statens innkrevjingssentral er eit forvaltningsorgan, og teiepliktreglane i forvaltningslova § 13 gjeld for sentralen. Lovavdelinga i Justisdepartementet meinte i ei tolkingsuttale at teieplikta hindra innkrevjingssentralen i å formidle teiepliktige opplysningar vidare til andre namsmakter. Det er difor naudsynt med ei særskilt regulering av teieplikta for slik vidareformidling. Når det gjeld tilgang til opplysningar om utleggsforretningar frå andre namsmakter vurderer departementet det slik at teiepliktreglane som gjeld for den einskilde namsmakta ikkje er til hinder for at opplysningar om forretningane vert utlevert til Statens innkrevjingssentral.
Det kan på den andre sida reisast tvil om Statens innkrevjingssentral kan formidle opplysningane vidare utan hinder av teieplikta. Når ein likevel må ha ein regel som tillet vidareformidling av andre opplysningar, kan ein like godt fjerne eventuell tvil ved å fastsette uttrykkeleg at opplysningar om utleggsforretningar kan vidareformidlast. Departementet foreslår på denne bakgrunnen eit nytt sjette ledd i straffeprosesslova § 456 som går ut på at Statens innkrevjingssentral kan hente inn og vidareformidle opplysningar både om skyldnaren sine inntekts- og formuesforhold og utleggsforretningar mot skyldnaren.
Sett frå fordringshavarsida vil den utvida registreringa av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret gje eit betre grunnlag for å avgjere kor store ressursar ein bør leggje i innkrevjinga av uteståande krav, og eit betre grunnlag for kredittvurdering. Det kan ikkje vere tvilsamt at tapsreduksjonen vil vere så stor at den utvida registreringa samfunnsøkonomisk er ei lønnsam ordning.
Det er for augeblikket noko uklårt i kva mon forslaga i proposisjonen her vil føre med seg tilleggskostnader med tanke på Statens innkrevjingssentral og dei alminnelege namsmennene isolert sett.
For Brønnøysundregistra vil systemutviklingskostnaden truleg verte på mellom 1,5 og 2 mill. kroner. For skattefutane, dei kommunale skatteoppkrevjarane og Trygdeetatens innkrevjingssentral vil utviklingskostnadene ved å knyte seg til systemet truleg verte omkring henhaldsvis 1 mill. kroner, 2 mill. kroner og 1,5 mill. kroner. I tillegg kjem eventuelle kostnader knytt til behovet for utvida kapasitet hos Statens innkrevjingssentral. Desse er berekna til 450 000 kroner i etableringskostnadar og 500 000 kroner i årlege driftskostnadar. Driftskostnadane for skatteoppkrevjarane kan først reknast ut nøyaktig når det nye skatterekneskapssystemet ligg føre. Det ligg føre eit anslag på 1,5 mill. kroner i årlege driftskostnader.