Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:

Forslag 1

I friskoleloven skal ny § 5-5 og ny § 5-6 lyde:

§ 5-5 Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Styret kan sjølv vere skolemiljøutval. Når styret fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

§ 5-6 Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane er i fleirtal.

Styret kan sjølv vere skolemiljøutval. Når styret fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane, slik at dei får fleirtal.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a."

Forslag fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen:

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen legge frem sak om fritt nasjonalt skolevalg innenfor videregående opplæring, inklusiv landslinjer og landsdekkende tilbud basert på statlig stykkprisfinansiering.

Forslag 3

I opplæringsloven skal ny § 11-5a lyde:

§ 11-5 a Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldra, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra er i fleirtal.

Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei får fleirtal.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

Forslag 4

Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om lovbestemt driftsstyre på alle offentlige skoler og slik at foreldrevalgte representanter har flertall.

Forslag 5

I opplæringsloven skal § 10-9 nytt tredje ledd lyde:

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje bli tilsette i grunnskolen.

Nytt fjerde ledd skal lyde:

Personar som arbeider i grunnskolen og i vidaregåande skole, og som vert sikta eller tiltala for seksuelle overgrep, kan ikkje utføre arbeid som medfører kontakt med elevar ved skolen. Personar som vert dømde for seksuelle overgrep, skal seiast opp frå stillinga si.

Forslag 6

I friskoleloven skal § 4-3 nytt tredje ledd lyde:

Den som skal tilsetjast i ein vidaregåande skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje bli tilsette i grunnskolen.

Nytt fjerde ledd skal lyde:

Personar som arbeider i grunnskolen og i vidaregåande skole godkjend etter lova her, og som vert sikta eller tiltala for seksuelle overgrep, kan ikkje utføre arbeid som medfører kontakt med elevar ved skolen. Personar som vert dømde for seksuelle overgrep, skal seiast opp frå stillinga si.

Nåværende tredje ledd blir femte ledd.

Forslag 7

Stortinget ber Regjeringen legge frem ny sak med formuleringer av friskolelovens § 6-2b og § 6A-8 første ledd som forhindrer at friskoler pålegges begrensninger i driften som offentlige skoler ikke rammes av.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 8

I opplæringsloven skal § 10-9 nytt tredje ledd lyde:

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkomande er dømd for seksuelle overgrep.

Forslag 9

I friskoleloven skal § 4-3 nytt tredje ledd lyde:

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkomande er dømd for seksuelle overgrep.