2. Videre fremstilling
Banklovkommisjonen har i NOU 2004:24 Del I foreslått nye regler for pensjonskasser og innskuddspensjonsforetak (pensjonsforetak).
Banklovkommisjonen har foreslått regler for pensjonskasser i lovutkastet kapittel 7 del A, og for innskuddspensjonsforetak i utkastet kapittel 7 del B. I det følgende behandles først utkast til regler for pensjonskasser i kapittel 3 nedenfor og deretter utkast til regler for innskuddspensjonsforetak i kapittel 4 nedenfor.
I NOU 2004:24 Del II har Banklovkommisjonen foreslått en rent teknisk revisjon av forsikringsvirksomhetsloven. Dette behandles nedenfor i kapittel 5.
I den grad Banklovkommisjonens vurderinger og forslag til regler for pensjonskasser og innskuddspensjonsforetak ikke er særskilt behandlet i proposisjonen, slutter departementet seg til Banklovkommisjonens forslag. Det samme gjelder i forhold til Banklovkommisjonens forslag til teknisk revisjon av forsikringsvirksomhetsloven og omtalen i proposisjonens kapittel 6.
Et forslag til endring i innskuddspensjonsloven som åpner for at arbeidstaker kan betale innskudd til ordningen, dersom det fastsettes i regelverket, behandles nedenfor i kapittel 7.
Komiteen viser til at departementet i proposisjonen kapittel 3 sluttar seg til Banklovkommisjonen sitt forslag i den grad Banklovkommisjonen sine vurderingar og forslag til reglar for pensjonskasser og innskottspensjonsforetak ikkje er særskilt handsama i proposisjonen. Det same gjeld i høve til Banklovkommisjonen sitt forslag til teknisk revisjon av forsikringsvirksomhetsloven og omtalen i proposisjonen kapittel 6.
Med grunngjeving i dette, sluttar komiteen seg til Regjeringa sitt forslag til forsikringslova:
kapittel 1
kapittel 2 med unnatak av § 2-1 første og sjette ledd, som vert handsama nedanfor under punkt 5
kapittel 3 med unnatak av §§ 3-4 første ledd, 3-6 første ledd, 3-7 første ledd og 3-8 første ledd, som vert handsama nedanfor under punkt 5
kapittel 4, 5 og 6 med unnatak av § 6-3
kapittel 7 med unnatak av §§ 7-1, 7-2, 7-3 første og fjerde ledd, 7-4 tredje ledd, 7-5 første ledd, 7-6 første og fjerde ledd, 7-7 første ledd, 7-8, 7-10, 7-11og 7-12, som vert handsama nedanfor under punkt 3
kapittel 9 til 16 med unnatak av §§ 9-2 annet ledd og 11-1 tredje ledd, som vert handsama nedanfor under punkt 5
Komiteen viser til at desse forslaga ikkje er nærare omtala i proposisjonen, med visse unnatak for kapittel 9 i proposisjonen, merknader til dei enkelte avgjerder, eller nedanfor i innstillinga. Komiteen viser til at dette i hovudsak handlar om vidareføring av gjeldande rett og tekniske justeringar.
Komiteen viser elles til sine merknader nedanfor under det enkelte punkt når det gjeld andre forslag i Regjeringa sitt lovutkast.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Senterpartiet, sluttar seg til Regjeringa sitt forslag til forsikringslova § 6-3.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Senterpartiet viser til desse medlemane sine merknader under punkt 3.7.2 med omsyn til forsikringslova § 6-3.