7. Strukturen til klareringsstyringsmakta
Reglar om kven som kan vere klareringsstyringsmakt, går fram av loven § 23. Utgangspunktet er at kvart enkelt departement er klareringsstyringsmakt for personell innan sitt styringsmaktområde. I særlege tilfelle kan departementet delegere klareringsstyringsmakt til underlagte verksemder som har eit stort klareringsbehov.
Trass i denne regelen om organisering av strukturen til klareringsstyringsmakta, finns det i dag omlag 60 klareringsstyringsmakter. Dette inneber såleis at departementa i relativt stor utstrekning har delegert si klareringsstyresmakt til underlagte verksemder.
Arbeidsgruppa legg til grunn at ei endring i organisasjonsstrukturen synest å vere nødvendig av omsyn til ei praktisk gjennomføring av tilfredsstillande rettstryggleik. Arbeidsgruppa peiker på at ho i samanheng med sitt arbeid har gjennomgått ei rekkje saker frå ulike klareringsstyringsmakter. Trass i felles regelverk og felles kontrollorgan, viser desse sakene ein stor forskjell både med omsyn til sakshandsaming og resultat. Arbeidsgruppa gjer ikkje ei konkret tilråding om ny struktur for klareringsstyringsmakta, men legg fram tre moglege modellar for struktur:
Desentralisert modell med utgangspunkt i gjeldande tryggleikslov § 23.
To klareringsstyringsmakter; ei for sivil sektor og ei for militær sektor.
Ei felles klareringsstyringsmakt.
Ein viser til rapporten side 91-95 for nærare drøfting av klareringsstyringsmaktstrukturen.
Nasjonal sikkerhetsmyndighet, Statistisk sentralbyrå, Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon og Akademikerne går inn for forslaget om ei felles klareringsstyringsmakt.
Utdannings- og forskningsdepartementet, Helsedepartementet, Samferdselsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Kultur- og kirkedepartementet, Sosialdepartementet, Forsvarets sikkerhetsavdeling, Post- og teletilsynet, Politidirektoratet, Direktoratet for sivilt beredskap, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Trondheim kommune, Oslo kommune, Landsorganisasjonen i Norge, Næringslivets hovedorganisasjon går inn for forslaget om to klareringsstyringsmakter. Etterretningstjenesten støtter prinsipielt ordninga med to klareringsstyringsmakter, men meiner særeigne forhold med sin organisasjon fører til at dei i tillegg må oppretthalde si klareringsstyringsmakt.
Justisdepartementet, Utenriksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Politiets sikkerhetstjeneste, Jernbaneverket, Statens forvaltningstjeneste, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Finnmark, Fylkesmannen i Oppland, Fylkesmannen i Troms, Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Telemark, Fylkesmannen i Vestfold og Fylkesmannen i Rogaland går inn for å oppretthalde det system som gjeld i dag med ei spreidd klareringsstyringsmakt der utgangspunktet er at vedkommande departement er klareringsstyringsmakt innan sitt styringsmaktområde.
Fleire høringsinstansar har uttalt seg om strukturen til klareringsstyringsmakta, utan å seie konkret kva for modell som er ønskjeleg. Finansdepartementet legg vekt på at val av modell må gi framtidige klareringsstyringsmakter tilstrekkeleg storleik, kompetanse og tilfredsstillande rettstryggleik. Sosial- og helsedirektoratet skriv at det er føremonaktig at talet på klareringsstyringsmakter blir mindre i forhold til situasjonen i dag. Datatilsynet er samd med arbeidsgruppa i dei vurderingar som er gjort i forhold til å sentralisere styringsmakta og klageorganet. Oljedirektoratet har ikkje tungtvegande grunnar til å motsette seg sentralisering, sjølv om det tidlegare har forfekta eit ønske om eit desentralisert system. Sparebankforeningen går ut frå at hovudomsynet med reguleringa kan bli oppfylt i alle alternativa, også når det gjeld likehandsaming. Det blir nemnd at kostnadseffektivitet bør skje gjennom val av den mest effektive organiseringa, og ikkje gjennom å leggje til grunn ei svært kritisk vurdering av det reelle behovet for klarering. Telenor meiner arbeidsgruppa burde gjort framlegg om ei framtidig organisering, eventuelt med dissens. Telenor meiner klareringsstyringsmakta må ha naudsynte ressursar og kompetanse slik at tida til sakshandsaming kan bli haldt på eit rimeleg nivå, og dersom ein veljar å ha fleire klareringsstyringsmakter er det viktig at desse er samstemte slik at det ikkje oppstår skilnad i handsaminga.
EOS-utvalget skriv at det ikkje ligg til utvalet å meine noko om korleis klareringsstyringsmaktene bør organiserast, men har merknadar til moglege konsekvensar for utvalet sin funksjon av ei omstrukturering til ei klareringstyringsmakt.
Nasjonal sikkerhetsmyndighet grunngjev sitt syn om éi klareringsstyringsmakt blant anna med at dette gir best mogleg kompetanse og likebehandling. Løysinga harmonerer godt med ansvarsordninga for NSM, og at NSM rekrutterer og består av personell frå både militær og sivil sektor.
NSM peiker vidare på at ei klareringsstyringsmakt bør vere gunstig sett frå eit personvernsynspunkt, idet arkivet vil vere samla ein stad og at det ikkje vil vere behov for å sende saker mellom dei ulike klareringsstyringsmaktene.
Når det gjeld klageorgan, sluttar NSM seg til framlegget frå arbeidsgruppa om å opprette ei nemnd leidd av ein dommar. NSM ser ikkje noko behov for at denne nemnda skal ha tilsynsoppgåver, sidan dette er godt tatt i vare av NSM, departementet og EOS-utvalget. NSM peiker på at endringar i materielle reglar om sakshandsaming setter vilkår om god kompetanse hos klareringsstyringsmaktene. Det blir presisert at gjennomføringa av framlegget til endringar, både av orsak til rettstryggleik og tryggleik, er avhengig av at det samstundes blir etablert ein forsvarleg klareringsstyringsmaktstruktur.
Statistisk sentralbyrå meiner at ei klareringsstyringsmakt inneber dei beste kompetansemessige føresetnader for ein god og lik sakshandsaming, og viser til at denne løysinga vil føre med seg ei maksimal utnytting av ressursane. Ei felles klareringsstyringsmakt fører truleg til vesentleg kortare tid til sakshandsaming. Statistisk sentralbyrå gjer framlegg om å gjere bruk av Personvernnemnda som klageorgan.
Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering ser det som svært viktig at avgjerdskompetansen blir samla til eit sentralt fagmiljø som sikrar størst mogleg kompetanse. Ein er derfor sterkt imot den desentraliserte modellen, som inneber framleis spreiing og delegering av klareringsstyringsmakt til organ med lite sakstilfang og kompetanse. Når det gjeld alternativet om to klareringsstyringsmakter, blir dette vurdert som uheldig i høve til ulik praksis og at det militære organet vil vere sårbart i form av innblanding med diskriminerande krav frå NATO.
Næringslivets sikkerhetsorganisasjon meiner at ein med ei styringsmakt best får varetatt omsynet til lik handsaming og at ein med denne organiseringa lettast kan forutberekne si rettsstilling. Organisasjonen viser også til at eit meir komplekst samfunn med i nokon grad overlappande oppgåver mellom private og offentlege rettsubjekt og sårbarheit ved eit engasjement utover landets grenser, tilseier ein styringsmakt som handsamar alle søknadar.
Akademikerne grunngjev sitt syn med at sakstilfanget for ei klareringsstyringsmakt må vere av eit slikt omfang at ein rekrutterer, utviklar og held på sakshandsamarar med høg kompetanse. Sentralisering til så få klareringsstyringsmakter som mogleg synest best å vareta desse behova.
Utdannings- og forskningsdepartementet og Kultur- og kirkedepartementet legg blant anna vekt på manglande sakstilfang og det låge talet på årlege klareringssaker som grunngjeving for at ein bør gå bort frå dagens ordning der departementa er klareringsstyringsmakt innan sin sektor og at alle departement og andre etatar - uavhengig av behov og storleik - skal bygge opp den organisasjon som kræves for dette.
Samferdselsdepartementet og sosialdepartementet meiner at alternativet med to klareringsstyringsmakter - ein for sivil og ein for militær forvaltning - er det klart beste. Med eitt organ som har ansvar for alle tryggleiksklareringar i sivil sektor vil det kunne byggast opp et fagmiljø som kan sikre likebehandling og vissleik i gjennomføringa av tryggleiksklareringar.
Forsvarets sikkerhetsavdeling skriv blant anna:
"Ved valg av denne løsningen vil man ikke unngå det problemet man har i dag med at NSM er både rådgivende- og klageorgan, men man vil her ha to profesjonelle miljøer som kan diskutere på tvers av militær og sivil sektor. Divergens mellom de to klareringsmyndighetene kan fremlegges for NSM for avklaring.
Pr i dag eksisterer ikke noe fagmiljø som innehar bedre kompetanse enn NSM med hensyn til utøvelse av rollen som klage- og tilsynsorgan. Dersom man gir de to klareringsmyndighetene adgang til å klarere både utenlandske statsborgere og for CTS, og i tillegg lar klareringsmyndighetene selv gjennomføre personkontrollen, vil NSM fremstå som et rent klage- og tilsynsorgan med nødvendig integritet. Ved valg av denne løsningen vil NSM også være ansvarlig for den langsiktige utviklinga av personellsikkerhetstjenesten, med tanke på policyavgjørelser og fagspørsmål. At NSM fremstår som et rendyrket klage- og tilsynsorgan vil også styrke samfunnets tillitt til den forebyggende sikkerhetstjenesten og klareringsinstituttet.
FD fungerer i dag som klageorgan på alle klareringer der NSM har fattet avgjørelse som 1. instans. Samtidig fungerer NSM som klageorgan der FD har vært 1. instans - herunder klareringer av utenlandske statsborgere. Dersom man velger løsning med to klareringsmyndigheter, med NSM som rendyrket klage- og tilsynsorgan vil man unngå dette. Dette medfører en høyere kompetanse i klageorganet uavhengig av klareringsnivå og hvem som har vært 1. instans saksbehandler.
Løsningen med to klareringsmyndigheter vil også forenkle muligheten for kontroll fra overordnede myndigheter, ettersom man kun vil ha to kontrollpunkt. De to klareringsmyndighetene vil på sin side ha ansvaret for kontroll med underlagte autoriserende myndigheter."
Politidirektoratet grunngjev sitt syn om to klareringsstyringsmakter slik:
"Dette vil for det første harmonisere med den prinsipielle ansvarsfordeling som ble prinsippfestet i 2003 i forhold til overordnet ansvar for den forebyggende sikkerhetstjeneste. For det andre anser vi det som en fordel at det bygges opp kompetanse på to store enheter som seg i mellom kan utveksle erfaringer."
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag uttaler følgjande:
"Ut i fra arbeidsgruppens argumentasjoner og erfart praksis ved vårt embete, synes modell 2 med to klareringsmyndigheter, totalt sett å være den mest fremtidsrettede og effektive måten å saksbehandle klareringssaker. Modellen vil dog ikke bety en vesentlig redusert ressursinnsats for eget embete så lenge autorisasjonsansvaret og fortsatt plikt til å påse at sikkerhetsmessige hensyn skal ligge til fylkesmannen."
Næringslivets hovedorganisasjon grunngjev blant anna sitt syn med at samfunnsutviklinga i større grad tilseier mindre skilnad og meir overlappande oppgåver mellom privat og offentleg sektor. Dette forsterkar behovet for i ein større utstrekning å sentralisere klareringsstyringsmaktene.
Etterretningstjenesten går inn for to klareringsstyringsmakter, men held fast som viktig at dei i tillegg opprettheld si klareringsstyringsmakt:
"E-tjenesten er i forhold til andre virksomheter, herunder andre deler av Forsvaret, i en spesiell situasjon både mht sikkerhetsrisiko, kontakt mot utlandet, skjerming av innsyn fra eksterne og formelle regler om nøkkelordbelagt informasjon. Dersom E-tjenestens egen klareringsmyndighet overføres til en ekstern virksomhet, vil det antakelig få meget uheldige konsekvenser for sikkerheten i tjenesten og dermed rikets sikkerhet."
Høringsinstansane si grunngjeving for å halde på dagens klareringsstyringsmakt
Justisdepartementet grunngjev sitt syn med at:
"det er av overordnet betydning at det konstitusjonelle ansvaret for sikkerheten innenfor egen sektor er tydeliggjort ved at departementene fortsatt er klareringsmyndighet."
Utenriksdepartementet peiker på at departementet har relevant kunnskap om den tilsette, som ikkje naudsynleg blir kjent for ei klareringsstyringsmakt utanfor departementet. Ein nemner også faren for at ein klareringsprosess vil kunne ta svært lang tid dersom klareringa blir lagt til ein ekstern etat. Vidare blir det peikt på følgjande:
"Dette alternativet som i stor utstrekning samsvarer med dagens ordning, vil være det alternativet som vil fungere best i utenrikstjenesten. Med det store antall klareringer som foretas i utenrikstjenesten vil det ikke være noe problem å opparbeide et godt fagmiljø med god kompetanse i Utenriksdepartementet innenfor klarering.
I utenrikstjenesten er det også til enhver tid ca 650 personer ved våre utenriksstasjoner som innehar klarering. Med bl.a. forslag om utvidet bruk av sikkerhetssamtale anser Utenriksdepartementet det som svært ressurskrevende dersom klareringen legges til en eller to instanser utenfor departementet. Dette vil medføre en rekke hjemkallelser av personer fra store deler av verden for samtale."
Nærings- og handelsdepartementet skriv:
"Departementene har i større grad enn en eventuell sentral klareringsinstans førstehånds kjennskap til de som underlegges personkontroll. I forhold til underlagte etater vil det også være hensiktsmessig at klareringssaker forelegges departementet, eventuelt at klareringsmyndighet unntaksvis delegeres til større etater."
Jernbaneverket og Statens forvaltningstjeneste uttaler blant anna følgjande:
"Det er allerede i dagens system stor avstand fra klareringsmyndigheten til den enkelte klarerte innen jernbanefamilien."
"Da man i klareringssammenheng har med mennesker å gjøre hvor forståelse av miljø og organisasjonsforhold er avgjørende for å kunne bidra til å skape tillit og forståelse for klareringsregimet vil vi foretrekke den desentraliserte modell hvor fagdepartementet er klareringsmyndighet med delegeringsmulighet, i stedet for en yterligere sentralisering. Det vil gi god sammenheng i beredskapsarbeidet og dermed god forståelse for de aktuelle autorisasjonsorganer og deres miljøer. En tror en sentralisering av klareringsmyndigheten vil gjøre loven og forskrift om personellsikkerhet mer anonym for folk flest. Målet bør være å integrere det sikkerhetsforebyggende arbeidet i bedrifter og virksomheter hvor verdiskapningen skjer."
Fylkesmannen i Finnmark er negativ til sentralisering av klareringsstyringsmakt av di dette kan føre til økt geografisk avstand mellom klareringsstyringsmakt og den styringsmakt som ber om klarering, og mellom desse styringsmaktene og det personellet som er eller skal tryggleiksklarerast. Det blir også framhaldt at ei sentralisering vil få negative konsekvensar for den individuelle handsaming av klareringssaker, og til at gjennomføring av tryggleikssamtale blir gjort vanskeleg med ei sentralisering og at dagens klareringsstyringsmakter får svekka sitt kunnskaps- og kompetansenivå om tryggleikssamtale.
Fylkesmannen i Oslo og Akershus peiker blant anna som viktig på at fleire ulike fagmiljø arbeider deltid med tryggleiksklareringar etter eit felles lov- og forskriftsverk. Kompetanseheving kan skje med at det blir haldt jamlege fagsamlingar for klareringsstyringsmaktene og at det i større grad bør bli ført tilsyn. Fylkesmannen i Telemark påpeiker at kunnskap om lokale forhold kan kome til nytte innanfor tryggleiksarbeidet, og at kommunane er blant fylkesmannen sine viktigaste brukarar/samarbeidspartnarar på regionalt nivå. Vidare blir det peika på at sentralisering vil føre til eit for stort kontrollspenn mellom den styringsmakta som ber om klarering og klareringsstyringsmakta. Fylkesmannen i Oppland, Fylkesmannen i Vestfold, Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Troms grunngjev også sitt syn med at sentralisering vil innebere mangel på lokal kunnskap grunna avstand mellom den styringsmakta som ber om klarering og klareringsstyringsmakta. Fylkesmannen i Hedmark og Fylkesmannen i Rogaland har same grunngjeving som sistnemnde høringsinstansar, men viser høvesvis også til at sentralisering vil måtte føre til at talet på tryggleikssamtalar blir vesentleg redusert og at det bør bli gjennomført kurs for å auke kvaliteten på det arbeidet klareringsstyringsmaktene gjer.
Departementet er samd med arbeidsgruppa om at ein bør redusere talet på klareringsstyresmakter og at situasjonen i dag er uheldig.
Når det gjeld forslaget om å ha ei klareringsstyringsmakt, ser departementet at dette vil gi dei største synergieffektane, både med omsyn til samla ressursbruk og samling av kompetanse. Det organet som her naturleg skil seg ut til å vere slik felles klareringsstyringsmakt, er NSM. Departementet er likevel noko skeptisk til at all klareringsstyringsmakt blir samla i ein organisasjon, trass i at ho, slik som i dag, blir lagt under kontroll av regjeringa og parlamentarisk kontroll av EOS-utvalet. Dessutan kan det bli eit problem å skape eit nytt klageorgan med tilstrekkjeleg kompetanse på dette området. I denne samanhengen bør ein også ha merksemd mot at det aktuelle klageorganet, ei nemnd med dommar som leiar, vil kunne føre med seg implikasjonar for kontrollarbeidet til EOS-utvalet.
Forslaget om å ha to klareringsstyringsmakter, ein i militær sektor og ein i sivil sektor, harmonerar godt med den prinsipielle ansvarsdelinga for den førebyggjande tryggleikstenesta, der NSM som sektorovergripande direktorat har ei faglig rapporteringsline til Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet for høvesvis militære og sivile spørsmål. Med denne modellen oppstår to store kompetansemiljø som kan utveksle erfaringar og kompetanse. Denne løysinga vil ikkje få konsekvensar for verksemda til EOS-utvalet.
Høringsuttalingane som går mot dei to mest radikale endringsforslaga frå arbeidsgruppa om ei eller to klareringsstyresmakter, har som hovudpoeng at ei sentralisering av klareringsstyringsmakt vil føre til auka avstand mellom den styringsmakta som ber om klarering og klareringsstyresmakta. I denne samanhengen blir det mellom anna peika på at lokal kunnskap vil føre til betre opplysning av ei klareringssak og at tryggleikssamtaler kan bli vanskelegare å gjennomføre. Når det gjeld avstanden mellom på den eine sida styringsmakta som ber om klarering, og klareringsstyringsmakta på den andre i ei sentralisert modell, skal departementet peike på at sentralisering allereie er hovudregelen etter gjeldande § 23 i tryggleikslova. Lovbestemminga har som klar hovudregel at kvart einskild departement skal vere klareringsstyringsmakt i sin sektor. Såleis er det også noko upresist når arbeidsgruppa kaller gjeldande ordning for ein desentralisert modell. På denne bakgrunn finner ikkje departementet å leggje nemneverdig vekt på avstandsargumentet, sidan sentralisering allereie er bestemt av lovgivar. Noko av problemet synest tvert imot å vere desentralisering som følgje av at departementa i for stor grad har delegert frå seg klareringsstyringsmakt.
Departementet har etter ei samla vurdering av dei nemnde modellane kome til at ein bør halde fram med gjeldande ordning med rette sektordepartement som klareringsstyringsmakt. Departementet vil såleis for tida ikkje gjere framlegg om endringar i tryggleikslova § 23 og gjeldande klareringsstyringsmaktstruktur. Departementet har merka seg det påpeika problemet, men det kan synast som at desse har å gjere med at ein ikkje held seg til regelen i tryggleikslova § 23. Det er dermed mykje som taler for at det er gjeldande praksis og etterlevinga av nemnde lovregel som er problemet, og ikkje med naudsyn regelen i seg sjølv. Departementet er samd med Justisdepartementet sin høyringsuttaling som påpeiker at klareringsstyringsmakt i departementa gjer det konstitusjonelle ansvaret for tryggleiken tydeleg innanfor eiga sektor. Dette er eit moment som taler for å halde fast på den struktur som gjeld i dag. Det konstitusjonelle ansvaret for førebyggjande tryggleik vil likevel liggje hos vedkommande statsråd, uavhengig av sentralisering av klareringsstyringsmakt.
Departementet vil følgje med på den vidare utviklinga på dette feltet, og det vil bli ei sentral tilsynsoppgåve for Nasjonal sikkerhetsmyndighet å følgje opp etterlevinga av regelen i § 23. Det er naudsynt at departementa i tida frametter strammar inn delegeringspraksisen. Dersom dette ikkje skjer, vil departementet eventuelt måtte sjå på andre strukturløysingar, også dei modellane om ei eller to klareringsstyringsmakter som er nemnde ovanfor.
Komiteen viser til kapittel 7 som tek føre seg strukturen til klareringsstyringsmakta. Komiteen viser til den uheldige utvikling som har vore i talet på klaringsstyresmakter. Komiteen er av den klare oppfatning at talet på klareringsstyremakter bør reduserast. Det er fleire gode grunnar til dette, mellom anna er det nødvendig å få til ein modell som tek omsyn til det faglege behovet som eksisterer, og som berre kan oppretthaldast dersom klareringsstyringsmakta har tilstrekkelege oppgåver knytt til spørsmål om klarering.
Komiteen vil understreka at det er av overordna karakter at det parlamentariske kontrollelementet ikkje blir svekka. Komiteen viser her til EOS-utvalets høyringsfråsegn. Komiteen vil også visa til at prinsippet om tilstrekkeleg sakstilfang er viktig.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, finn det riktig å leggja vekt på kva dei etatane som arbeider med tryggleik til dagleg, meiner. Forsvarets sikkerhetsavdeling argumenterer godt for to klareringsmyndigheiter, og tek opp i seg den overordna rolle Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) vil kunne ha i ein slik organisasjonsstruktur.
Komiteen viser til at dei høyringsinstansar som går inn for ein eller to klareringsstyresmakter grunngir dette med at samfunnet er blitt meir ope og sårbart som følgje av den teknologiske utviklinga. Komiteen vil også leggja til at dei nye trugsmåla mot vårt samfunn, slik som terrortrusselen, gjer at tryggleiksspørsmål og klarering av visse typar personell kjem sterkare i fokus.
Komiteen har også merka seg at vektlegging av personvernet er eit mykje brukt argument for dei høyringsinstansar som argumenterer for ein eller to klareringsinstansar. Komiteen vil leggje til at omsyn til personvernet framleis må telja tungt, og at dette er eit element i organiseringa av klareringsstyresmakta. Omsyn til personvernet er eit argument som trekkjer i retning av at tryggleiks- og klareringsspørsmål må ivaretakast av samla fagmiljø som innehar tilstrekkeleg kompetanse til å sikre likebehandling. Komiteen har merka seg den uro som finst blant einskilde for at det skal vera meir etnisk diskriminering ved ein desentralisert klareringsstruktur, og komiteen tek desse merknadane til seg.
Komiteen viser til at mellom dei høyringsinstansar som i sine høyringsfråsegn går inn for ein klareringsetat, er Nasjonal sikkerhetsmyndighet, Statistisk sentralbyrå, Organisasjonen mot offentlig diskriminering, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon og Akademikerne.
Komiteen har vidare merka seg at forslaget om to klareringsstyresmakter, ei for sivil og ei for militær sektor, får støtte frå mellom anna LO, NHO, Oslo Kommune, Trondheim Kommune, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Politidirektoratet, Forsvaret, Forsvarets etterretningsteneste, Post- og teletilsynet og ca. halvparten av departementa.
Komiteen viser til høyringa med forsvarsministeren, der det mellom anna kom fram at ein kunne kombinere dagens desentraliserte ordning med å be fagdepartementa stramme inn på dagens delegeringspraksis. Dersom ein ved ei innstramming innanfor gjeldane § 23 står igjen med alle departement og eventuelt fylkesmenn, er det likevel mange klareringsstyresmakter.
Komiteen har merket seg at departementet stør arbeidsgruppa sin konklusjon om at talet på klareringsstyresmakter må reduserast, og at det store talet på klareringsstyresmakter i dag er uheldig.
Eit anna fleirtal i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner på bakgrunn av faglege og samfunnsmessige utviklingstrekk, samt høyringsinstansane sine syn, at det primært bør vera to klareringsorgan, eit for militær og eit for sivil sektor.
Dette fleirtalet har, på tross av at argumenta over trekkjer klart i ein retning, funne det riktig å la departementet forsøke ein periode med innstramming av den desentraliserte ordninga innan gjeldande lovgiving utan at Stortinget grip direkte inn i strukturen.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, ber derfor Forsvarsdepartementet kome tilbake til Stortinget med ei evaluering av ordninga, men legg til at det er fleirtalets syn at målet må vere å få færre klareringsstyresmakter enn i dag.
På denne bakgrunnen fremmer fleirtalet slikt forslag:
"Stortinget ber Regjeringa legge fram for Stortinget ei evaluering av ordninga med desentralisert klareringsstruktur med tanke på ei mogeleg innstramming av talet på klareringsstyresmakter."
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser det som en uhensiktsmessig situasjon at det, som i dag, er 60 klareringsmyndigheter. Disse medlemmer mener det er hensiktsmessig å redusere dette antallet myndigheter til et minimum, slik at det blir en mest mulig lik og profesjonell behandling av denne type saker. Disse medlemmer ønsker derfor å gå inn for en felles klareringsmyndighet, samlet hos NSM, men mener særegne forhold med Etterretningstjenestens organisasjon fører til at de i tillegg må opprettholde sin klareringsmyndighet.
Forslag fra Fremskrittspartiet:
"Stortinget ber Regjeringen opprette en felles klareringsmyndighet underlagt NSN, samt å opprettholde en egen klareringsmyndighet for Etterretningstjenesten, gjeldende for Etterretningstjenesten særskilt."