Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Sakshandsamingsreglar

Med sakshandsamingsreglar blir det i denne samanhengen sikta til reglar om utreiingsplikt, tryggleikssamtale, underretning, grunngjeving, innsyn og klage. Gjeldande sakshandsamingsreglar finns i forskjellige rettskjelder. Enkelte reglar går fram av tryggleikslova, andre reglar går fram av føresegna til NSM til tryggleikslova og praksis.

Når det gjeld utreiingsplikta, plikta til å sjå til at saka er tilstrekkeleg opplyst før klareringsavgjersle blir fatta, går denne ikkje uttrykkeleg fram i tryggleikslova. Utreiingsplikta går fram i føresegna til NSM til tryggleikslova. Det er lagt til grunn at denne plikta i klareringssaker også må kunne utleiast av dei alminnelege forvaltningsrettslege prinsippa.

I klareringssaker er klareringsstyringsmaktene sin gjennomføring av samtale med den som skal klarerast, ofte ein sentral del av sakshandsaminga for å danne seg et bilete av den tryggleiksmessige kvalifikasjonen til vedkommande. I tryggleikslova har dette kome til uttrykk i § 21 tredje ledd, der det går fram at klareringsstyringsmakta kan få fram uklåre forhold med å halde ei tryggleikssamtale.

Den som har vore vurdert tryggleiksklarert, har rett til å bli gjort kjent med resultatet. Når avgjersla er negativ, skal resultatet utan vidare gjerast kjent for vedkommande, jf. § 25 andre leddet.

Grunngjevingsplikta i klareringssaker går fram av lova § 25 andre og tredje ledd. Grunngjeving kan gis der avgjersla er negativ, dersom vedkommande ber om dette etter å ha fått underretning om avgjersla. Det blir såleis ikkje gitt grunngjeving samstundes med underretninga, noko som er hovudregelen etter forvaltningslova. Grunngjeving skal gis, med mindre person- eller kjeldevern omsyn eller omsynet til vern av skjermingsverdig informasjon er til hinder for dette. Klareringsstyresmaktene skal hente inn uttale frå NSM før grunngjeving kan gis.

Reglar om innsyn er ikkje regulert i tryggleikslova. Likevel har det utvikla seg ein praksis som gir rett til innsyn i eiga sak etter at klareringsavgjerd er fatta. Innsyn blir i hovudsak vurdert etter dei same kriteria som gjeld for grunngjeving, jf. ovanfor. Nærare retningsliner om innsyn går fram av NSM sin føresegn.

Ei klareringsavgjerd kan ein klage på til eit klageorgan, jf. § 25 fjerde leddet.

Arbeidsgruppa har anbefalt ein regelstruktur som inneber at dei sentrale sakshandsamingsreglane om tryggleiksklarering går fram av tryggleikslova med føresegner. Når det gjeld handsaminga i klagesaker, blir det gjort framlegg om at reglane i forvaltningslova kapittel VI skal gjelde tilsvarande i klareringssaker, dersom ikkje anna går fram av tryggleikslova eller personelltryggleiksføresegna.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet har innvendingar til denne regelstrukturen. NSM meiner at for å gjere det enkelt for brukarane, bør ein samling av alle sakshandsamingsreglane i eitt kapittel i føresegna om personelltryggleik bli vurdert. Departementet er ikkje samd i dette. Løysinga til arbeidsgruppa skil seg ikkje ut i forhold til det som er vanleg i forvaltninga, altså at ein har ein særlov på eit spesifikt forvaltningsområde som blir supplert av dei alminnelege reglane i forvaltningslova. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre særlege omsyn i klareringssaker som gjer naudsynt ein annan regelsystematikk enn det som elles er vanleg. Vidare meiner departementet det er et mål i seg sjølve og eit viktig signal, at prinsippa i forvaltningslova i større mon blir brukt i klareringssaker.

Arbeidsgruppa gjer framlegg om ei lovfesting av kravet om saksopplysning i klareringssaker. Dette blir ikkje eksplisitt drøfta i hovuddelen i rapporten, men er omtalt på side 99 i merknadane til dei konkrete lovforslaga. Regelen som gjeld i dag om at klareringsstyringsmaktene skal søke å klargjere uklare forhold, går ut.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet er den einaste av høringsinstansane som har uttalt seg om dette. Det blir peika på at endringa er ei harmonisering av saksopplysningskravet i forvaltningslova og elles i tråd med gjeldande anbefalingar frå NSM.

Forslaget er ei lovformalisering av gjeldande rett. Plikta for klareringsstyresmaktene til saksopplysning er eit grunnleggjande krav til sakshandsaminga som bør bli lovfesta, og departementet er såleis samd med arbeidsgruppa om at dette prinsippet bør inn i tryggleikslova.

Arbeidsgruppa gjer uttrykk for at tryggleikssamtale er eit nyttig reiskap for klareringsstyringsmaktene med omsyn til å få den tryggleiksmessige kvalifikasjonen til vedkommande tilstrekkeleg opplyst. Tryggleikssamtale kan og vere eit viktig element i rettstryggleiken for den einskilde. Det blir såleis gjort framlegg om ei presisering i loven om gjennomføringstidspunktet for slik tryggleikssamtale. Denne presiseringa inneber at tryggleikssamtale skal gjennomførast noko oftare enn etter den regel som gjeld i dag. Arbeidsgruppa gjer framlegg om nærare reguleringar i føresegn om bruk av bilete opptak frå tryggleikssamtale, audiovisuelt opptak. Ein viser elles til nærare drøfting om tryggleikssamtale i rapporten på side 78 - 80.

Sosialdepartementet, Nasjonal sikkerhetsmyndighet og Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering støtter framlegget frå arbeidsgruppa. Etterretningstjenesten peiker på at tryggleikssamtale kan bli gjennomført med bruk av telefon, og anbefaler at dette blir avklart i lov eller føresegn. Telenor går mot framlegget, og meiner den praksis som gjeld i dag der tryggleikssamtale blir gjennomført når det er eit behov, blir oppretthalde. Datatilsynet etterlyser reglar for oppbevaring av audiovisuelt opptak av tryggleikssamtale.

Tryggleikssamtale er ein viktig kjelde til informasjon om den tryggleiksmessige kvalifikasjonen til ein person. Derfor er dette elementet i sakshandsaminga nyttig frå eit tryggleiksmessig synspunkt. Tryggleikssamtale kan også styrke rettstryggleiken for den einskilde når ein slik samtale kan oppklare forhold som er viktig for avgjerda. Arbeidsgruppa meiner at audiovisuelt opptak vil kunne betre rettstryggleiken til vedkommande av notoritetsomsyn, og gjer framlegg om reglar om dette i føresegn. Departementet er samd i framlegget om at tryggleikssamtale skal nyttast, utan i dei tilfelle der dette openbart ikkje er naudsynt.

Som peika på av arbeidsgruppa ville det tryggleiksmessig sett vore optimalt å ha tryggleikssamtale i alle klareringssaker. Ei slik løysing er ikkje ønskeleg, sett frå ein ressursmessig ståstad. Departementet har i denne samanhengen merka seg uttalinga frå Etterretningstjenesten om at ein mellomløysing kan vere å gjennomføre tryggleikssamtale med bruk av telefon. Det vil også vere mogleg å ha tryggleikssamtale via lydbiletekonferanse, dersom slikt utstyr er tilgjengeleg. Departementet er positiv til slike løysingar, og vil vurdere å regulere dette i føresegn. Når det gjeld kommentaren frå Datatilsynet og etterlysinga av bestemmingar om sletting av opptak frå samtalar, vil departementet vise til at arbeidsgruppa gjer framlegg om ein bestemming i føresegn som seier at samtalen skal lagrast etter dei reglar som gjeld for opplysningar i klareringssaker elles. Dette inneber at samtalen skal oppbevarast så lenge tryggleiksklareringa er gyldig. Dersom klarering blir nekta, skal opptaket av samtalen bli oppbevart i 10 år. Når det gjeld merknaden frå Datatilsynet om at ein bør slette opptaket etter klagebehandling av klareringssaka, vil departementet presisere at dette kan innebere at EOS-utvalget blir hindra frå å sjå opptak frå samtalen med ein eventuell gjennomgang av ei sak. Departementet har den oppfatninga at EOS-utvalget i sin kontroll av ei klareringssak bør ha tilgang til dei same opplysningane som klareringsstyringsmakta og klageorganet har hatt tilgang til, og støtter såleis framlegget til arbeidsgruppa om sletting av opptak frå samtalar.

Arbeidsgruppa går inn for å oppretthalde den regel som gjeld i dag om at underretning utan oppmoding skal skje når avgjerda er negativ, jf. rapporten side 85-87.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet og Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering er positive til framlegget til arbeidsgruppa. Datatilsynet meiner at underretning skal skje også ved positive klareringsavgjerder.

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at underretning utan oppmoding berre skal skje når avgjerda er negativ. I denne samanheng er det lagt størst vekt på at underretning utan oppmoding også ved positive avgjerder, vil innebere ei uforholdsmessig arbeidsbyrde for klareringsstyringsmakta. Som regel vil vedkommande av seg sjølv forstå at klarering er gitt, typisk når vedkommande har fått søkt stilling. I tillegg vil innkalling til autorisasjonssamtale synliggjere eit positivt klareringsutfall. Vidare vil departementet peika på at det som regel ikkje er eit markant rettstryggleiksmessig behov for underretning når avgjerda er positiv.

Arbeidsgruppa gjer framlegg om ein hovudregel om at grunngjeving av negativ klareringsavgjerd, skal bli gitt samstundes med underretninga om utfallet i klareringssaka. Samstundes grunngjeving er hovudregel i norsk forvaltningsrett. Ein kan ikkje sjå at det ligg føre slike omsyn i klareringssaker at denne hovudregelen ikkje kan følgjast også her. Vidare har ein forslag om nye reglar som presiserer vilkåra for når ein kan unnlate å grunngi. Desse unntaksbestemmingane er søkt klargjort og harmonisert med reglane i forvaltningslova. Arbeidsgruppa gjer framlegg om å oppheve ordninga som gjeld i dag med at klareringsstyringsmaktene må innhente uttaling frå NSM før grunngjeving kan gis. Ein viser til rapporten side 80 - 84 for nærare drøfting om desse spørsmåla.

EOS-utvalget, Nasjonal sikkerhetsmyndighet, Politiets sikkerhetstjeneste, Etterretningstjenesten, Senter mot etnisk diskriminering, Organisasjonen Mot Offentlig diskriminering og Telenor har gitt uttaling om grunngjevingsplikta i klareringssaker. Alle desse er i hovudsak samd med arbeidsgruppa, men nokre av dei har einskilde merknadar. EOS-utvalget reiser ei problemstilling som gjeld det forvaltningsrettslige prinsippet om meir offentlegheit i forvaltninga.

For detaljerte merknader, sjå punkt 6.6.1 i proposisjonen.

Departementet stiller seg i det vesentlege bak forslaget til arbeidsgruppa. Departementet er samd i at grunngjeving for ei negativ klareringsavgjerd bør bli gitt samstundes med underretninga om avslaget. I praksis er det svært sjeldan at grunngjeving av tryggleiksomsyn ikkje kan bli gitt. Vidare er departementet samd i å oppheve den noko tungvinte løysing som gjeld i dag om at klareringsstyringsmaktene må innhente uttaling frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet før ein kan gi grunngjevinga. Departementet er også positiv til at vilkåra for når ein kan unnlate grunngjeving er presisert og søkt harmonisert med reglane i forvaltningslova. Desse unntaksreglane gjer at dei tryggleiksklarerte lettare kan forutberekne si rettsstilling.

Departementet har flytta unntaksbestemmingane for grunngjeving i fjerde leddet, inn i tredje leddet. Dette inneber ikkje nokon realitetsendring. Når det gjeld unntaksreglane i bokstav a og b, er dette meint som ei presisering av gjeldande bestemmingar i § 25 tredje leddet om unntak for grunngjeving av kjeldevern omsyn eller av omsynet til vern av skjermingsverdig informasjon. Bokstav c erstattar den tidligare unntaksregelen av "personvernmessige" omsyn. Personvernmessige omsyn har etter oppfatninga til Etterretningstjenesten tidligare omfatta både personvernet for den som skal klarerast og andre sitt personvern, typisk nærståande til den som skal klarerast. Framlegget frå arbeidsgruppa til bestemming i bokstav c er etter Etterretningstjenesten sitt syn noko snevrare utforma, idet den kan tolkast til berre å regulere unntak for grunngjeving av omsyn personvernet til den som skal klarerast. Departementet presiserer at unntaksbestemminga ikkje er utarbeida av omsyn til personvernet til vedkommande, men omsynet til hans eller hennes forhold til nærståande personar. Sjølv om unntaksbestemminga er utforma av omsyn til den som skal klarerast, vil bestemminga samstundes gi til resultat personvern for dei nærståande til den som skal klarerast. Når det gjeld omsyn til andre sitt personvern og som ikkje er nærståande, ser departementet ikkje behov for å lovfeste ein slik unntaksregel i klareringssaker.

Politiets sikkerhetstjeneste har tatt til orde for at ein tar inn ein bokstav i tryggleikslova som seier at grunngjeving kan bli unnlate av "særlige grunner". Dette er ein vidt utforma "sekkebestemming" som departementet er skeptisk til å innføre i tryggleikslova. Riktig nok går fram ein slik bestemming i forvaltningslova, men departementet ønskjer ikkje at liknande bestemming med så ubestemt form som gir stort rom for skjønnsutøving skal gå fram av tryggleikslova.

Arbeidsgruppa har drøfta om det bør bli utarbeida ei intern grunngjeving hos klareringsstyringsmakta samstundes med at avgjerda blir fatta, jf. rapporten side 80. Dette vil tvinge klareringsstyringsmakta til å tenke nøye gjennom grunnane for avgjerda og sikre notoritet rundt henne slik at effektiv etterkontroll blir gjort mogleg. Ei slik plikt til å utarbeide ei intern grunngjeving er likevel ikkje foreslått lovfesta. Departementet er på dette punkt samd med Nasjonal sikkerhetsmyndighet som har uttalt at ein så vidt viktig rettstryggleiksregel, bør gå fram av lovteksten. Departementet vil såleis gjere framlegg om ei lovregulering av plikta for klareringsstyresmakta til å utarbeide intern grunngjeving.

EOS-utvalget reiser ei problemstilling om prinsippet om meiroffentlegheit i forvaltninga gjeld i klareringssaker. Departementet sluttar seg til EOS-utvalgets vurderingar om denne problemstillinga, og understrekar at meiroffentlegheitsprinsippet i forvaltningsretten skal nyttast på same måte i klareringssaker som forvaltninga elles.

Arbeidsgruppa gjer framlegg om å lovregulere ein hovudregel om rett til innsyn i eiga klareringssak. Denne innsynsretten trer i kraft etter at avgjerd er fatta i førsteinstansen, og skal i utgangspunktet skje med at vedkommande blir gitt kopi av dei aktuelle dokumenta. Grensene for når innsyn kan gis, er harmoniserte med det vedkommande har krav på av grunngjeving. Rapporten drøfter desse spørsmåla på side 88-89.

Eit særskilt spørsmål om innsyn oppstår i samanheng med audiovisuelt opptak av tryggleikssamtale. Problemstillinga er om vedkommande skal ha rett til å få sjå opptaket av samtalen. Arbeidsgruppa konkluderer med at vedkommande ikkje bør gis rett til innsyn i audiovisuelt opptak av tryggleikssamtale. Denne problematikken er drøfta i rapporten på side 79-80.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet støtter framlegget, og syner til at dette er i samsvar med gjeldande praksis og anbefalingar som tidligare er gitt av NSM. Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering er samd i framlegget, og peiker på at innsyn er avgjerande viktig og sjølvsagt. EOS-utvalget og Datatilsynet har merknader til spørsmålet om innsyn i audiovisuelt opptak frå tryggleikssamtale. Desse høringsinstansane er kritiske til at vedkommande ikkje skal ha rett til innsyn i opptaket av tryggleikssamtalen.

For detaljerte merknader frå EOS-utvalget og Datatilsynet, sjå punkt 6.7.1 i proposisjonen.

Departementet støtter framlegget til arbeidsgruppa om at det bør bli innført ein eigen paragraf som omhandlar retten til innsyn i eiga klareringssak. Innsyn er eit sentralt tryggleiksmessig element i sakshandsaminga, og bør derfor regulerast i lov.

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at innsynsretten bør tre i kraft etter at avgjerd om klarering er fatta av førsteinstansen. Kontradiksjonsomsyn tilseier i utgangspunktet at vedkommande bør kunne få innsyn før avgjerd blir fatta av førsteinstansen. Departementet meiner likevel at tungtvegande tryggleiksomsyn tilseier at innsynsretten bør oppstå etter at avgjerd er fatta av førsteinstansen.

Når det gjeld skrankane i innsynsretten, er departementet samd i at desse må vere i samsvar med dei skrankar som gjeld for retten til grunngjeving. Ein viser såleis til vurderingane ovanfor om lovmessige grenser i retten til grunngjeving. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at vedkommande ikkje bør ha innsynsrett i dokument som er utarbeida for den interne saksførebuinga, med unntak av opplysningar eller samandrag eller annen omarbeiding av faktum. Dette harmonerer med unntaksbestemminga for innsyn i forvaltningslova § 18.

Eit særskilt spørsmål er om vedkommande bør ha rett til innsyn i audiovisuelt opptak av tryggleikssamtale. Arbeidsgruppa har kome til at slik innsynsrett ikkje bør innførast. Departementet er ikkje samd i dette, og sluttar seg til dei vurderingar EOS-utvalget og Datatilsynet har gjort i dette spørsmålet. Departementet kan vanskeleg sjå at tryggleiksomsyn kan vege så tungt at ikkje vedkommande skal få sjå opptak av ein samtale han sjølv har deltatt i. Ein vil her presisere at vedkommande likevel ikkje bør få tilsendt kopi av opptaket. Dette kan opne for misbruk, særleg slik at samtalen og dei metodar tryggleikstenesta nyttar i denne, kan bli alminneleg kjent og gjenstand for analyse. Innsyn i tryggleikssamtale bør skje på den måten at vedkommande møter opp hos klareringsstyringsmakta, og ser samtalen der. Departementet vil fremje forslag om at innsynsrett i tryggleikssamtale blir lovfesta.

Arbeidsgruppa gjer framlegg om å etablere ei nyordning med oppnemning av advokat for dei tilfelle der grunngjeving eller innsyn ikkje kan bli gitt til den som har blitt nekta tryggleiksklarering. Advokaten vil etter å ha vurdert saka, gi råd til vedkommande om det hefter feil ved sakshandsaminga og om saka av den grunn bør påklagast. Arbeidsgruppa drøfter dette på side 83-84.

Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering og Telenor stiller seg bak framlegget til arbeidsgruppa. Politiets sikkerhetstjeneste ser føremon i advokatordninga, men peiker på at det vil vere vanskeleg å skilje mellom den grunngjevinga som er ukjent for den som har vært vurdert tryggleiksklarert og klareringsstyresmakta si interne vurdering. Nærings- og handelsdepartementet seier seg skeptisk til advokatordninga. Nasjonal sikkerhetsmyndighet spør om det er eit reelt behov for ei slik ordning. Norges vassdrags- og energidirektorat meiner Kontrollutvalet (EOS-utvalget) tek omsyn til grensesnittet mellom rettstryggleik og personelltryggleik, og stiller seg tvilande til oppnemning av ei særskilt advokatgruppe. Riksarkivaren meiner det ikkje er naudsynt at advokatane blir klarert for høgste nivå (COSMIC TOP SECRET), men at HEMMELIG er tilstrekkjeleg.

For detaljerte merknader frå Nærings- og handelsdepartementet og NSM, sjå punkt 6.8.1 i proposisjonen.

Departementet kan i det vesentlege slutte seg til dei vurderingar og den konklusjonen som arbeidsgruppa gjer seg om dette.

Etter dei erfaringar med klareringssaker ein har i dag, vil unntak frå grunngjeving/innsyn etter framlegga til nye reglar, berre skje i sjeldne tilfelle. Departementet går ut frå at dette er bakgrunnen for at Nasjonal sikkerhetsmyndighet stiller spørsmål ved behovet for ei slik ordning. Departementet meiner at ei advokatordning vil vere viktig, sjølv om denne ikkje vil vere aktuell i så mange tilfelle. Dersom ein unntaksvis må unnlate grunngjeving/innsyn, vil advokaten sin gjennomgang av saksopplysningane vere til hjelp for vedkommande sjølv. Den gjennomgangen av saksopplysningane som advokaten gjer, vil også syte for at det ikkje blir reist tvil om dei reelle forhold som tilseier tilbakehald av grunngjeving/innsyn. Såleis vil dette kunne vere ei ordning som kan bidra til å hindre ei eventuell mistenkeliggjering av motivet til klareringsstyringsmakta, noko som er essensielt med omsyn til den generelle tilliten til tryggleikstenesta.

Når det gjeld uttalinga frå Norges vassdrags- og energiverk om at EOS-utvalget tek omsyn til grensesnittet mellom rettstryggleik og personelltryggleik, vil departementet peike på at dette først og fremst er ein etterkontroll som skjer når ei sak er slutthandsama i forvaltninga. Dette er ein viktig parlamentarisk kontrollfunksjon, men rettstryggleiksmessig har den visse manglar som følgje av at kontrollen skjer på et seint stadium. Advokaten vil til skilnad kunne yte hjelp mens saka ennå verserer i forvaltninga, før ei endeleg klareringsavgjerd er fatta.

Advokaten blir ikkje automatisk brakt inn i saka, men berre etter direkte oppmoding frå vedkommande. Dette har også ei personvernmessig side, på den måten at vedkommande sjølv bør kunne velje om ein advokat skal få tilgang til personopplysningar.

Det er klareringsstyringssmakta som skal dekke advokatkostnadane. Ettersom unntak frå grunngjeving/innsyn vil vere aktuelt i sjeldne tilfeller, kan departementet ikkje sjå at dette vil vere nemneverdig kostnadsdrivande. Til dette kjem også at advokaten sin dokumentgjennomgang i dei fleste tilfelle ikkje vil vere nokon stor arbeidsbyrde.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet uttaler at advokaten i praksis vil kunne ta ei avgjersle om klage, som bør ligge hos klareringsstyringsmakta. Departementet vil generelt peike på at i dei tilfelle der ein person tek i mot hjelp av advokat eller annan fullmektig overfor forvaltninga, inngår det ofte i denne hjelpa råd om eventuell klage. I så måte kan ikkje departementet sjå at denne ordninga representerer nokon prinsipiell skilnad. Vidare vil vedkommande, som i andre saker, fritt kunne velje å gå imot advokatens råd.

Departementet er samd med Nasjonal sikkerhetsmyndighet om at oppnemning av advokat må setje som vilkår at vedkommande først har klaga på mang­lande grunngjeving/innsyn. Departementet vil presisere dette ved å ta inn ein ny, siste setning i § 25 b andre leddet.

Departementet vil gjere framlegg om ei mindre justering av andre leddet i § 25 b ved å sløyfe orda "av klareringsmyndigheten". I motsatt fall kan ein forstå det slik at det er klareringsstyringsmakta som oppnemnar advokat, noko som harmonerer dårleg med første ledd som bestemmer at departementet er oppnemningsstyringsmakta.

Vidare vil departementet gjere ein presisering i tredje ledd, der det går fram at advokaten ikkje skal ha tilgang til den interne vurderinga til klareringsstyresmakta. Med intern vurdering sikter nok arbeidsgruppa til interne dokumenter som nemnd i § 25 a andre leddet, siste punktum. Departementet gjer framlegg om ei presisering av dette i lovteksten.

Arbeidsgruppa har gjort framlegg om at den oppnemnde advokaten skal gis klarering for høgste nivå, det vil seie COSMIC TOP SECRET. Det kan reisast spørsmål om ei så høg klarering er naudsynt. Departementet meiner det ikkje kan utelukkast at det i dei sjeldne sakene der advokatoppnemning er aktuelt, kan innebere kontakt med informasjon av høgste gradering.

Klageretten er ein sentral rettstryggleiksgaranti som ein legg til grunn blir vidareført. Klagebestemmingane blir plassert i ein eigen paragraf. I denne blir det presisert kva for avgjerder som kan påklagast. Dessutan blir sentrale fristbestemmingar som tidlegare var regulert i føresegn, nå tatt inn i lova. Gjeldande § 25 i tryggleikslova bestemmer at forvaltningslova kapittel IV til VI ikkje gjelder for avgjerder om tryggleiksklarering. Arbeidsgruppa gjer framlegg om ei endring av dette utgangspunktet for så vidt gjeld klagebestemmingane. Ein viser elles til rapporten side 89-90.

Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering støtter forslaget til ny § 25 c, og viser til at reell handsaming i to instansar er eit absolutt rettstryggleikskrav. Nasjonal sikkerhetsmyndighet meiner det bør vurderast ei klargjering når det gjeld spørsmålet om avvisning av ein klage kan bli påklaga. Vidare blir det gjort framlegg om ei mindre språkleg justering av andre leddet i paragrafen, med at "manglende" grunngjeving blir endra til "nektet" grunngjeving.

Politiets sikkerhetstjeneste har ein merknad til tryggleikslova sitt forhold til forvaltningslova på dette punktet:

"I første ledd gir uttrykket så langt det passer store muligheter for individuell tolkning og kan skape usikkerhet. Vi kan vanskelig se forhold som skulle være aktuelle og hvor forvaltningsloven kap VI ikke skulle passe.

Vi foreslår derfor følgende tekst:

"Bestemmelsene i forvaltningsloven kapittel VI gjelder tilsvarende i klareringssaker om ikke annet følger av denne lov eller forskrift om personellsikkerhet."

Departementet sluttar seg i det vesentlege til arbeidsgruppa sitt lovforslag, men er samd med Politiets sikkerhetstjeneste om å stryke passusen "så langt det passer" for så vidt gjeld bruken av klagebestemmingane i forvaltningslova. Departementet går såleis inn for å utforme første leddet i tråd med høringsuttalinga frå Politiets sikkerhetstjeneste. Sidan departementet ikkje gjer framlegg om endringar i strukturen til klareringsstyringssmakta, jf. drøftinga nedanfor, blir gjeldande regel i § 25 fjerde leddet om kven som er klageinstans, vidareført i lovforslaget tredje leddet.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet ønskjer ei klargjering når det gjeld spørsmålet om avvisning av ein klage kan bli påklaga. Departementet presiserer at forvaltningslova sine reglar om klage foreslås å kunne bli brukt også i klareringssaker, såleis at forvaltningslova si løysing på dette spørsmålet gjeld i saker om tryggleiksklarering.

Departementet er elles samd med Nasjonal sikkerhetsmyndighet i at omgrepet "manglende" grunngjeving i andre ledd, bør endrast til "nektet" grunngjeving. Lovforslaget vil bli endra i samsvar med dette.

Vidare vil departementet ta inn ei ny, andre setning i fjerde leddet i klagebestemminga. Denne setninga klargjer dei nye fristane som gjeld for klage på realitetsavgjerda dersom vedkommande klager på at grunngjeving eller innsyn er nekta.

Komiteen viser til dei presiseringar som står innleiingsvis i kapittel 6, og at kapittelet tek opp relasjonen mellom tryggleikslova og forvaltningslova, og forhold knytt til utgreiingsplikt, tryggleikssamtale, underretning, grunngjeving, innsyn og klage.

Komiteen viser til kapittel 6.3 om utgreiingsplikt, og at dette er ei lovformalisering av gjeldande rett. Komiteen støttar departementets vurdering om at prinsippet om saksopplysning bør etablerast som ein del av tryggleikslova.

Komiteen viser til kapittel 6.4 om tryggleikssamtale, og deler oppfatninga til arbeidsgruppa om at tryggleikssamtale er eit nyttig reiskap for styresmaktene i klareringsarbeidet. Komiteen viser elles til dei vurderingar som departementet gjer, om at tryggleikssamtale er ei viktig informasjonskjelde, men at denne kjelda til informasjon vil støyte på innskrenkingar av ressursmessig art. Komiteen viser derfor til dei vurderingar som ligg føre med omsyn til bruk av telefon, for slike samtalar. Komiteen viser elles til departementets vurdering av lagring av tryggleikssamtalar, og sluttar seg til den.

Komiteen viser til kapittel 6.5 om underretning, og deler departementets syn om at underretning skal gjevast utan oppmoding når avgjerda er negativ, og komiteen deler dei prioriteringar som departementet legg til grunn, både når det gjeld ressursbruk og rettstryggleik.

Komiteen viser til kapittel 6.6 om grunngjeving. Komiteen viser forståing for at det av særskilte grunnar ikkje alltid kan grunngjevast kvifor ei klarering blir negativ, men viser også til at departementet skriv at det er sjeldan slik grunngjeving ikkje kan gjevast. Komiteen deler også dei vurderingar som blir gjort av EOS-utvalet, og også av departementet, om at prinsippet om meiroffentligheit også gjeld i klareringssaker.

Komiteen viser til kapittel 6.7 om innsyn, og deler det syn om at prinsippet om innsyn er så viktig at det bør regulerast i lov med ein eigen paragraf. Komiteen deler elles synet til departementet om at innsyn ikkje skal skje før ei avgjerd er fatta i første instans, og at unntak for innsyn elles bør harmonere med forvaltningslova. Komiteen er heller ikkje framand for at innsynsrett i tryggleikssamtale blir lovfesta, men at denne innsynsretten er innskrenka til framvising hos klareringsstyresmakta.

Komiteen viser til kapittel 6.8 om oversending av sak til særskilt oppnemnd advokat, og deler departementets vurdering, men vil leggje til at ordninga kan vise seg å vera kostnadskrevjande ut over den reelle nytteverdien, slik som NSM legg vekt på i sin høyringsuttale. Komiteen meiner at departementet på dette punkt må gi Stortinget tilbakemelding om korleis situasjonen går seg til. Viser det seg at NSM har rett i si vurdering av denne nyordninga, kan det stillast spørsmål om ordninga bør vidareførast.

Komiteen viser til kapittel 6.9 om klage, og legg til grunn at retten til å klage er eit sentralt forhold i prinsippet om rettstryggleik. Komiteen stør framlegget om at retingslinjene for klage skal plasserast i ein eigen paragraf. Komiteen har merka seg at departementet vil vidareføra klageinstansen som i dag, fordi departementet ikkje fremjar forslag om endringar i strukturen i klareringsstyresmakta, ref. kapittel 7. Komiteen vil på denne bakgrunn be om at departementet kjem tilbake med forslag til til klageinstans, dersom komiteen skulle finne det for formålstenleg å gjera endringar i strukturen til klareringsstyringsmakta.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at opptak av tryggleikssamtale ikkje må bevarast lenger enn det som er nødvendig av omsyn til ankemuligheiter ved eventuelle avslag på klarering, samt EOS-utvalets behandling.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til Datatilsynets vurdering om at den det gjelder straks skal ha beskjed, ikkje bare ved avslag, men også hvis klarering er gitt.

Disse medlemmer viser til at når det gjelder innsyn i egen saksbehandling, mener disse medlemmer at den enkelte bør ha rett til å se alt som omhandler egen person. Det vil redusere behovet for en egen oppnevnt advokat som kan få innsyn i de delene av saken som ev. er unntatt innsyn. En slik advokatordning tjener etter disse medlemmers syn ikke vedkommende som advokaten er satt til å representere. Så lenge en advokat får informasjoner som ikke kan deles med en klient, og et avslag uansett vil kunne påklages, er det vanskelig å se hvilken funksjon og verdi en slik advokatrolle vil ha.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"§ 25 skal lyde:

§ 25. Begrunnelse og underretning

Forvaltningsloven kapittel IV og V gjelder ikke for avgjørelser om sikkerhetsklarering eller autorisasjon.

Den som har vært vurdert sikkerhetsklarert, har rett til å bli gjort kjent med resultatet. Ved fattet avgjørelse skal vedkommende uoppfordret underrettes om resultatet og opplyse om klageadgangen dersom avgjørelsen var negativ.

Begrunnelse for en avgjørelse skal gis samtidig med underretningen om utfallet av klareringssaken. Vedkommende har krav på all informasjon som angår egen person, men ikke krav på begrunnelse i den utstrekning begrunnelse ikke kan gis uten å røpe opplysninger som

a) er av betydning for Norges eller dets alliertes sikkerhet, forholdet til fremmede makter eller andre vitale nasjonale sikkerhetsinteresser,

b) er av betydning for kildevern,

c) det av hensyn til vedkommendes helse eller hans forhold til personer som står denne nær, må anses utilrådelig at vedkommende får kjennskap til,

d) angår tekniske innretninger, produksjonsmetoder, forretningsmessige analyser og beregninger og forretningshemmeligheter ellers, når de er av en slik art at andre kan utnytte dem i sin næringsvirksomhet.

Klareringsmyndigheten skal i tillegg utarbeide en intern samtidig begrunnelse hvor alle relevante forhold inngår, herunder forhold som nevnt i tredje ledd."