4. Grunnleggjande omgrep innanfor personelltryggleikstenesta
Den førebyggjande tryggleikstenesta er av defensiv karakter, og består av ulike tiltak som skal søkje å hindre at spionasje, sabotasje og terrorhandlingar blir satt i verk mot skjermingsverdig informasjon eller objekt.
Tryggleiksklarering er ein type førebyggjande tryggleikstiltak. Dette tiltaket inneber at person som skal ha tilgang til tryggleiksgradert informasjon blir kontrollert for å avdekkje den tryggleiksmessige kvalifikasjonen. Jf. tryggleikslova § 3 nr. 16 for definisjon av tryggleiksklarering. Etter at slik kontroll er gjennomført, blir klareringsavgjøring fatta av ei klareringsstyringsmakt. Hovudregelen er at vedkommande departement er klareringsstyringsmakt innan sitt styringsmaktsområde, jf. tryggleikslova § 23 første ledd.
Person som er tryggleiksklarert, må før kontakt med tryggleiksgradert informasjon også få ein særskilt autorisasjon for dette. Mens tryggleiksklarering skjer sentralt ved ei klareringsstyringsmakt, skjer autoriseringa lokalt hos den verksemda der vedkommande er tiltenkt kontakt med gradert informasjon. Jf. tryggleikslova § 3 nr. 17 for definisjon av autorisasjon. Formålet med autorisasjonen er hovudsakeleg å kontrollere at vedkommande er kjent med tryggleiksreglane og å få etablert eit tillitsforhold mellom verksemda og vedkommande person. Autorisasjonsprosessen er regulert i tryggleikslova § 23 femte ledd og i føresegna om personelltryggleik, kapittel 5.
Kontakt med gradert informasjon føreset ein totrinnsprosess, der ein først må få tryggleiksklarering av klareringsstyresmakta og deretter autorisasjon av den verksemda der den konkrete kontakt med gradert informasjon vil finne stad, autorisasjonsstyringsmakta. Denne prosessen kan eksemplifiserast ved at tryggleiksklarering er førarkortet som gir eit generelt høve til å ha kontakt med gradert informasjon, mens autorisasjonen er overleveringa av nøklane der den konkrete tilgangen til gradert informasjon blir gitt.
Eit klareringsbehov blir til vanleg utløyst når ei stilling blir besett. Likevel er ikkje klareringa avgrensa til bruk i ei bestemt stilling. Dersom ein sluttar i den stillinga ein først blei klarert for, kan ein gjere bruk av den same klareringa i ei eventuell ny stilling der det er krav om tilsvarande tryggleiksklarering. Denne type klarering som praktiserast i Noreg blir gjerne kalla nivåklarering, fordi ein blir klarert for eit bestemt graderingsnivå uavhengig av stilling. Dette i motsetnad til stillingsklarering, der klareringa er knytt til ei konkret stilling. Ved skifte til ny stilling som også krev klarering, blir det innanfor eit slikt system gjennomført ein ny personkontroll relatert til den nye stillinga.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunnar Halvorsen, leiaren Marit Nybakk og Rita Tveiten, frå Høgre, Bjørn Hernæs og Åge Konradsen, frå Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Ove Width, frå Sosialistisk Venstreparti, Kjetil Bjørklund, frå Kristelig Folkeparti, Åse Wisløff Nilssen, og frå Senterpartiet, Marit Arnstad, viser til dei innleiande kapittel i proposisjonen, der det går fram kvifor Forsvarsdepartementet tek opp forslag til enderingar i tryggleikslova på det noverande tidspunkt. Komiteen deler den oppfatning at det dei seinare åra har vore politiske hendingar som gjev grunnlag for ei revidering av det formelle lovgrunnlaget som gjeld på dette området. Komiteen viser i denne samanheng til Innst. O. nr. 20 (1997-1998) jf. Ot.prp. nr. 12 (1997-1998) og Ot.prp. nr. 49 (1996-1997).
Komiteen vil også nytte høvet til å presisere den positive medverknad som den refererte arbeidsgruppa og dei omfattande høyringsrundane har hatt på proposisjonens endelege innhald. Arbeidet med endringar på det saksfelt proposisjonen rører ved er av ei slik karakter at det er naudsynt med ei brei tilslutning og ein tilsvarande brei og omfattande høyringsrunde.
Komiteen vil også leggja til grunn at dei grunnleggjande definisjonar som proposisjonen legg til grunn i kapittel 4, får tilslutnad frå komiteen. Dette gjeld omgrepa tryggleiksklarering, autorisasjon, forholdet mellom tryggleiksklarering og autorisasjon og nivåklarering - stillingsklarering, slik det er presisert i det nemnte kapittelet.