2. Bakgrunnen for lovforslaget
Tryggleikslova trådde i kraft 1. juli 2001. I denne lova gjev ein vilkåra for tryggleiksklarering og sakshandsamingsreglar for denne prosessen.
Departementet nedsette 18. september 2003 ei arbeidsgruppe der den sentrale del av mandatet var å sjå på gjeldande reglar og praksis i personelltryggleikstenesta med omsyn til ivaretakinga av rettstryggleiken.
Arbeidsgruppa leverte si rapport, "Grenseland mellom rettssikkerhet og personellsikkerhet," til Forsvarsdepartementet 1. mars 2004, der det blei foreslått fleire lovendringar med sikte på styrking av rettstryggleiken i tryggleiksklareringssaker. Arbeidsgruppa si samansetting er gjeve i proposisjonen kapittel 3 og nærare utgreiing om mandatet og arbeidet til arbeidsgruppa går fram av kapittel 3 og 4 i rapporten til arbeidsgruppa.