1. Sammendrag
- 1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 1.2 Omgrepet barnepornografi og den lovtekniske reguleringa
- 1.3 Endring i straffebodet sitt innhald. Bør den nye føresegna uttrykkjeleg nemne alternativet "anskaffer"?
- 1.4 Endringar i området for førehandskontroll av film eller videogram - konsekvensar av grunnlovsvedtaket 30. september 2004
- 1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Justisdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om å utforme eit eige straffebod om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn. Straffelova § 204 omhandlar i dag både pornografi som gjer bruk av barn, og annan pornografi. Framlegget følgjer opp oppmodingsvedtaket som Stortinget gjorde 16. juni 2003 (vedtak nr. 521). Føremålet med å regulere dei to formene for kjønnslege skildringar kvar for seg, er å tydeleggjere at det materialet det er tale om, på fleire måtar skil seg frå kvarandre.
Departementet gjer òg framlegg om å seie uttrykkjeleg i den nye føresegna at det å "anskaffe" eller "planmessig" å gjere seg kjend med kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn i rørlege og urørlege bilete, er straffbart.
"Kjønnslige skildringer i rørlige og urørlige bilder hvor det gjøres bruk av barn" blir i dag omtala som barnepornografi. Med "barn" blir meint "personer som er eller fremstår som under 18 år".
Ei skriftleg framstilling av barn som deltek i seksuelle aktivitetar, er det ikkje straff etter § 204 første ledd bokstav d for å inneha. Framstillinga kan likevel vere pornografi, som det vil vere straffbart til dømes å selje eller utbreie på annan måte. Men føresegna set òg straff for nokre handlemåtar som er straffri dersom dei gjeld annan pornografi. Det gjeld til dømes for å overlate barnepornografi til vaksne.
Straffelova § 204 første ledd bokstav f femner om noko meir enn kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn, og annan pornografi, ved at føresegna gjeld "fremstilling av rørlige og urørlige bilder med seksuelt innhold" og set straff for den som får nokon under 18 år til å la seg avbilde som ledd i ei slik framstilling av kommersiell art.
Departementet er samd i at kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn, på fleire vis skil seg frå den pornografien som elles er regulert i straffelova § 204. Sjølv om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn ofte skildrar grove seksuelle overgrep, er ikkje det eit vilkår for at materialet skal reknast som barnepornografi. Å gjere det til eit vilkår at materialet må skildre slike seksuelle overgrep, ville gjere området for det straffbare for snevert.
Samla sett finn departementet at det er god grunn til å skilje ut slikt materiale frå § 204. Departementet legg særleg vekt på at eit skilje kan få betre fram at slikt materiale er noko anna enn andre straffbare kjønnslege skildringar. Departementet er jamvel samd i at ei oppdeling vil gje to paragrafar som kvar for seg er lovteknisk enklare enn den gjeldande § 204, og ser alt i alt det som ein føremon.
På bakgrunn av oppmodingsvedtaket har departementet vurdert om ei kopling til overgrep mot barn bør takast inn i sjølve lovteksta. Departementet vil likevel ikkje foreslå ei slik utforming, av di ho kan gje tolkingsproblem og skape fare for at straffebodet får for lita rekkjevidde. Departementet ser det som klårt at det ikkje skal vere eit vilkår for å anse materiale som ei kjønnsleg skildring som gjer bruk av barn at det samstundes vert gjort eit seksuelt overgrep mot barnet. Jamvel andre situasjonar kan gje seksuelle assosiasjonar og ut frå samanhengen bli å rekne som straffbart materiale.
Departementet er samd med Kripos i at det straffbare materialet ikkje bør nemna barnepornografi. Departementet legg mest vekt på at omgrepet "barnepornografi" kan gje gale assosiasjonar, og at eit anna omgrep bidrar til å tydeleggjere at materialet skil seg på fleire måtar frå pornografi som ikkje gjer bruk av barn. Departementet foreslår i staden å føre vidare frå gjeldande § 204 bokstav d omgrepet "kjønnslige skildringer hvor det gjøres bruk av barn".
Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at gjeldande reglar om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn, blir skilde ut og tekne inn som ny § 204a. Departementet går inn for å samle i den nye paragrafen alle dei reglane som gjeld bruk av barn i kjønnslege skildringar.
Eitt spørsmål om innhaldet i straffebodet mot kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn som departementet vil ta opp her, er spørsmålet om det bør vere eit særskilt alternativ i gjerningsinnhaldet at nokon "anskaffer" eller utan vederlag gjer seg kjend med kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn.
Straffetrusselen i straffelova § 204 knyter seg ikkje uttrykkjeleg til det å skaffe seg såkalla barnepornografi. Men dei ulike alternativa som blir nemnde i føresegna, har eit dekningsfelt som gjer det vanskeleg å tenkje seg praktiske måtar å skaffe seg slikt materiale på, som ikkje er straffbare. Det kan likevel vere at den er straffri som gjer seg kjend med barnepornografi utan å gje vederlag for det og utan at det fører til innehav av barnepornografien.
Departementet meiner høyringa syner at det er grunn til uttrykkjeleg å nemne omgrepet "anskaffer" i føresegna om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn. Truleg vil det gjere at straffebodet vil ramme nokre handlemåtar som ikkje vert rekna for innehaving ("besittelse"), men departementet kan ikkje sjå nokon grunn til straffridom her når dei vanlege straffvilkåra er oppfylte. Departementet foreslår difor at "anskaffer" vert teke inn som eit særskilt alternativ i det nye straffebodet.
Departementet har merkt seg fråsegnene frå Kripos og Økokrim om lagring av rørlege og urørlege bilete på såkalla "Temporary Internet Files". Departementet er samd i at berre tilfelle der personar støter på materiale dei ikkje leitte etter, eller der dei mottek uynskt epost (såkalla "spam"), bør falle utanfor føresegna. Departementet foreslår difor at det å gjere seg kjend med slikt materiale planmessig, skal vere omfatta av straffebodet.
Etter gjeldande rett gjer § 204 fjerde ledd unnatak for film eller videogram som Statens filmtilsyn ved førehandskontroll har godkjent til "ervervsmessig fremvisning eller omsetning".
Departementet foreslår å føre vidare unnataket for førehandsgodkjend film og videogram i lovutkastet §§ 204 og 204a. Departementet vil vurdere om det trengst endringar i samband med at Kultur- og kirkedepartementet legg fram ein proposisjon med forslag til endringar i filmsensuren som følgje av endringa i § 100 i Grunnlova.
Departementet kan ikkje sjå at framlegget vil ha nokre nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.