Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogs­nes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Vens­treparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Pål Kårbø og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at Noreg har ratifisert fleire ILO-konvensjonar som vernar om streikeretten og at dette forpliktar den til ei kvar tid sitjande regjering til å visa stor varsemd med å gripa inn i ein arbeidskonflikt. Komiteen viser vidare til Regjeringa si orientering om arbeidstvisten mellom EL & IT-forbundet og Tekniske Entreprenørers Landsforening. Komiteen merkar seg at Regjeringa si grunngjeving for å ta i bruk tvungen lønsnemnd er at konflikten som har vart i fem månader, inneber ein raskt aukande tryggleiksrisiko slik det vert rapportert frå Statens bygningstekniske etat.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, vil peika på at det er lang tradisjon for å leggja til grunn Regjeringa sine vurderingar når det gjeld spørsmål om tvungen lønnsnemnd. Fleirtalet ynskjer ikkje å endra denne praksisen, og sluttar seg såleis til lovforslaget frå Regjeringa.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at Regjeringen begrunner tvungen lønnsnemnd i de forhold som påpekes i brev fra Statens bygningstekniske etat (BE). I brevet påpeker BE at sikkerheten knyttet til drift av heiser er forverret og at de oppfatter situasjonen som potensielt alvorlig fordi mange bygningseiere ikke har kompetanse til å utføre tilsyn. Heiskontrollen kan ikke utføre oppdrag utover det normale.

Det er ikke framlagt dokumentasjon fra helsemyndigheter på at liv og helse er i fare.

Utover dette har streiken selvsagt medført store vansker for funksjonshemmede og eldre, men det har vært praktisert en liberal dispensasjonsadgang fra fagforeningens side der slike søknader er innkommet. Imidlertid er slike søknader ikke alltid fremmet der det har vært behov. For diverse næringsvirksomheter gir streiken store praktiske problemer.

Disse medlemmer viser til at det ikke er lagt fram dokumentasjon på at liv og helse er i fare eller at store samfunnsinteresser er truet, og vil derfor gå imot loven.

Komiteen vil streka under at Stortinget til vanleg ikkje tek stilling til verken grunnlaget for ein konflikt eller korleis sjølve konfliktsituasjonen er handtert av partane.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, finn det likevel naudsynt å gi uttrykk for ein uro i forhold til kva konfliktar og påfølgjande samfunnskostnader og ulemper som kan oppstå framover dersom Regjeringa ikkje tek initiativ for å sikra norske løns- og arbeidsvilkår på norske arbeidsplassar.

Fleirtalet viser til at det stadig kjem fram nye urovekkjande døme som viser at det trengst aktive tiltak i norsk arbeidsliv for å demma opp mot uheldig press på norske løns- og arbeidsvilkår på grunn av utvidinga av arbeids- og tenestemarknaden etter EU/EØS-utvidinga 1. mai 2004. Fleirtalet viser til framlegg frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet i Innst. S. nr. 149 (2002-2003) og i Innst. O. nr. 64 (2003-2004) for å hindra sosial dumping. Fleirtalet ber Regjeringa leggja fram forslag til tiltak mot sosial dumping. Fleirtalet vil særleg peika på behovet for å implementera ILO-konvensjonen nr. 94, noko som vil innebera norske løns- og arbeidstilhøve i statleg og kommunal verksemd.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti registrerer at flertallet i komiteen fremmer synspunkter på sosial dumping og sikring av norske lønns- og arbeidsvilkår, og at de dermed går inn i en drøftelse av selve kjernepunktet i tvisten mellom partene. Disse medlemmer tar avstand fra at man på denne måten i realiteten går inn og vurderer innholdet i konflikten, og vil sterkt understreke at det utelukkende er konsekvensene av en arbeidskonflikt som er tema i en drøftelse av et inngrep med lønnsnemnd. Disse medlemmer viser for øvrig til forslag og merknader i Innst. S. nr. 49 (2002-2003) og i Innst. O. nr. 64 (2003-2004).