Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Stiftingslova vart vedteken som lov 15. juni 2001 nr. 59. For at lova skal kunne tre i kraft, må Stiftingstilsynet vere på plass. Før dette kan skje, må finansieringsopplegget for tilsynet vere klart.

I Ot.prp. nr. 15 (2000-2001) om stiftelser vart det foreslått at stiftingane sjølv skulle finansiere Stiftingstilsynet heilt eller delvis gjennom gebyr for registreringar. Justiskomiteen var samd i dette, jf. Innst. O. nr. 74 (2000-2001). Regjeringa foreslår no at Stiftingstilsynet fullt ut skal finansierast gjennom betaling frå stiftingane.

Departementet foreslår to materielle endringar. Det første framlegget gjeld innføring av ei årleg avgift for stiftingane i tillegg til gebyr for førstegongsregistrering. Departementet gjer også framlegg om at gebyr og avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

Det er ca. 9 000 stiftingar her i landet. Det karakteristiske for stiftingane som organisasjonsform er at dei har det rettslege grunnlaget sitt i ei formue som er stilt sjølvstendig til disposisjon for eit bestemt eller fleire bestemte formål. Sidan stiftingane er sjølveigande, er det ingen som i kraft av eigarposisjonar kan føre kontroll med at dei vert forvalta i samsvar med dette. Dette er bakgrunnen for at det er eit offentleg tilsyn med stiftingane.

Den nye lova om stiftingar av 15. juni 2001 representerer ein gjennomgåande revisjon av 1980-lova. Det har vore eit sentralt siktemål med den nye lova å ta vare på og verne om særpreget ved stiftinga som organisasjonsform. Det er vidare lagt stor vekt på å gjere lova meir brukarvennleg og lettare tilgjengeleg.

Det er i dag fylkesmennene som har tilsynet med stiftingane. Den nye stiftingslova inneber at eit sentralt stiftingstilsyn skal overta dei oppgåvene fylkesmennene har overfor stiftingane, og at det skal førast eitt sentralt stiftingsregister. Den nye lova fastset at tilsynet skal heite Stiftelsestilsynet, og slår fast at registeret skal heite Stiftelsesregisteret. Nynorsknamnet på tilsynet skal vere Stiftingstilsynet, og registeret skal heite Stiftingsregisteret.

Stiftingstilsynet vil krevje om lag 10 årsverk. Det vil være ressursar å spare ved samlokalisering med eit allereie eksisterande tilsyn med liknande funksjonar. Regjeringa har kome til at dei beste grunnane taler for å lokalisere Stiftingstilsynet saman med Lotteritilsynet i Førde med ein felles administrasjon.

Den nye stiftingslova slår fast at Stiftingstilsynet skal vere ei eiga eining og ikkje ein integrert del av eit "fellestilsyn". Organiseringa Lotteritilsynet og Stiftingstilsynet imellom må derfor gjennomførast slik at føresetnadene om Stiftingstilsynets sjølvstende vert følgt opp.

Justisdepartementet skal framleis ha ansvar for stiftingslova. I Ot.prp. nr. 15 (2000-2001) Om stiftelser vart det inntil vidare konkludert med at klager over Stiftingstilsynets vedtak skal handsamast på vanleg måte etter reglane i forvaltningslova, og at det ikkje skal opprettast ei eiga klagenemnd for Stiftingstilsynets avgjerder.

Departementet ser ikkje bort frå at talet på klagesaker kan auke noko etter den nye lova, men legg likevel til grunn at det ikkje vil dreie seg om så mange saker at det i utgangspunktet kan forsvare opprettinga av ei eiga klagenemnd nå.

Dei allmenne klagereglane i forvaltningslova kapittel IV-VI vil òg gjelde for vedtak etter den nye stiftingslova. Det same vil gjelde avgjerder om gebyr- og avgiftsfastsetjing som er enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Etter framlegget er krava tvangsgrunnlag for utlegg. Under fullbyrdinga av kravet vil skyldnaren kunne gjere dei same motsegnene gjeldande som under ei eventuell rettssak om kravet. Dette er i samsvar med ein ganske vanleg lovgjevingspraksis om at offentlege krav er tvangsgrunnlag for utlegg.

Stiftingstilsynet vil ha behov for om lag 10 årsverk. Driftskostnadene vil etter dagens berekningar utgjere i underkant av 9 mill. kroner per år. Ei gebyr- og avgiftsbasert fullfinansiering vil dermed medføre ei samla belastning som svarer til om lag kr 1 000 i gjennomsnitt per stifting per år.

Etter opplysningar frå Einingsregisteret er det i dag ca. 350 nyregistreringar kvart år. Dersom ein berre baserer inntektsgrunnlaget på gebyr for nyregistreringar, vil dette føre til eit gjennomsnittleg nyregistreringsgebyr på kr 25 000 per stifting. Ved handsaminga av Ot.prp. nr. 15 (2000-2001) la justiskomiteen til grunn at dei næringsdrivande stiftingane ikkje skal vere gjenstand for dobbel gebyrlegging ved nyregistrering. Difor vert det lagt til grunn at dei næringsdrivande stiftingane berre skal betale gebyr for førstegongsregistrering i Føretaksregisteret og ikkje gebyr for førstegongsregistrering i Stiftingstilsynets stiftingsregister.

Ein finansieringsmodell bygd utelukkande på førstegongsregistreringsgebyr vil etter departementet sitt syn føre til for høge utgifter for stiftingane. Gode grunnar kan difor tale for at ein ved val av inntektsmodell freistar å halde utgiftene så låge som mogeleg. Ein måte å gjere det på, er å la inntektene i det vesentlege basere seg på ei årleg avgift. Sidan sentraliseringa av tilsynsfunksjonane overfor stiftingane vil skape større tryggleik og legitimitet rundt alle dei registrerte stiftingane, og betre service og rettleiing, er det rimeleg at alle stiftingane også betaler ei årleg avgift uavhengig av registreringsforretningar.

Det kan likevel vere rimeleg å la ein del av inntektsgrunnlaget knyte seg til gebyr for førstegongsregistreringar. Gebyret vil her være ei betaling for dei utgiftene tilsynet har ved den enkelte registreringa. Gode grunnar kan likevel tale for ikkje å ta betaling for andre registreringsforretningar enn nyregistreringar i Stiftingsregisteret, som til dømes omdanningar, meldingar om endringar i styresamansetjinga osv. I staden for konkret gebyrlegging av desse registreringsforretningane bør ein la den årlege avgifta og gebyra for førstegongsregistrering representere ei godtgjering også for desse forvaltningsoppgåvene.

Innføringa av ei allmenn rekneskaps- og revisjonsplikt for stiftingane tilseier varsemd med å pålegge stiftingane ytterlegare kostnader som i nemneverdig grad reduserer deira evne til å oppfylle sine formål. Departementet viser her til justiskomiteen sine samla fråsegner i Innst. O. nr. 74 (2000-2001). For å nå denne målsettinga er det naudsynt at ordninga tek omsyn til kapitalen til stiftingane ved gebyrfastsetjinga.

Grunnkapitalen vil kunne gje ein brukbar indikasjon på den økonomiske bereevna til stiftingane. Gode grunnar kan likevel tale for at ein fastset nivået etter ei gruppering basert på grunnkapitalen til stiftingane og ikkje som ein promille av grunnkapitalen i kvar einskild stifting. I tabell 1.3.1 er det gjort ei inndeling av stiftingane etter storleiken på grunnkapitalen.

Tabell 1.3.1

Aca. 30 %(2600) av stiftingane har ein grunnkapital på under kr 100 000.
Bca. 14 %(1300) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 100 000 - kr 199 000.
Cca. 22,5 %(2000) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 200 000 - kr 500 000
Dca. 12,5 %(1100) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 500 000 - kr 1 mill.
Eca. 21 %(1800) av stiftingane har ein grunnkapital på over kr 1 mill.

I det følgjande vert det skissert to finansieringsmodellar som kan vere aktuelle. Begge modellane føreset både inntekter gjennom gebyrlegging av førstegongsregistreringar og ei årleg avgift. Modellane skil seg ved at modellen i kapittel 1.3.2 føreset ei finansiering som i det vesentlege baserer seg på ei årleg avgift. I modellen i kapittel 1.3.3 er finansieringa i større grad basert på gebyr for førstegongsregistreringar.

Einingsregisteret opplyser at det i dag vert gjort ca. 350 nyregistreringar per år. Med dette som basis foreslår departementet å pålegge stiftingane eit nyregistreringsgebyr på høvesvis:

  • kr 750 for gruppe B,

  • kr 1 200 for gruppe C,

  • kr 2 000 for gruppe D og

  • kr 3 500 for gruppe E.

Ved berekningane her er det lagt til grunn at stiftingar som alt er registrerte i registra til fylkesmennene, ikkje skal ileggjast nyregistreringsgebyr ved konverteringa til det sentrale stiftingsregisteret.

Tabell 1.3.2 Inntekter nyregistreringar pr år:

B.350 x 0,14 % x kr 750 = kr 36 750
C.350 x 0,225 % x kr 1200 = kr 98 437
D.350 x 0,125 % x kr 2000 = kr 85 400
E.350 x 0,21 % x kr 3500 = kr 280 000
Sum nyregistreringsgebyr kr 500 587

I tillegg til gebyr for nyregistreringane skal stiftingane kvart år betale ei årleg avgift ut frå den same klasseinndelinga som er nemnt i tabellane over. Med dette som basis foreslår departementet å pålegge stiftingane ei årleg avgift på høvesvis:

  • kr 500 for gruppe B,

  • kr 750 for gruppe C,

  • kr 1 250 for gruppe D og

  • kr 2 500 for gruppe E.

Tabell 1.3.3 Inntekter årlege avgifter og gebyr ved nyregistreringar per år:

Bca. 14 % (1 300) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 100 000-kr 199 000
kr 500 x 1 300 = kr 650 000
Cca. 22,5 % (2 000) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 200 000-kr 500 000
kr 750 x 2 000 = kr 1 500 000
Dca. 12,5 % (1 100) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 500 000-kr 1 000 000
kr 1 250 x 1 100 = kr 1 375 000
Eca. 21 % (1800) av stiftingane har ein grunnkapital på over kr 1 000 000
kr 2 500 x 1 800 = kr 4 500 000
Sum årlege avgifter kr 8 025 000
Sum nyregistreringsgebyr kr 500 587
Totale inntekter kr 8 525 587

Modellen byggjer i utgangspunktet på dei same føresetnadene som modellen over, men inneber at modellen i større grad byggjer på inntekter gjennom gebyrlegging av førstegongsregistrering og i mindre grad på årleg avgift.

Med dette som basis foreslår departementet å pålegge stiftingane eit førstegongsregistreringsgebyr på:

  • kr 6 000 for gruppe B,

  • kr 10 000 for gruppe C,

  • kr 20 000 for gruppe D og

  • kr 40 000 for gruppe E.

Tabell 1.3.4 Inntekter nyregistreringar per år:

B.350 x 0,14 % x kr 6 000 = kr 294 000
C.350 x 0,22 % x kr 10 000 = kr 770 000
D.350 x 0,12 % x kr 20 000 = kr 840 000
E.350 x 0,20 % x kr 40 000 = kr 2 800 000
Sum nyregistreringsgebyr kr 4 704 000

Dette medfører eit behov for ca. 4 mill. kroner meir gjennom den årlege avgifta. Ut frå dette foreslår departementet å påleggje stiftingane ei årleg avgift på:

  • kr 500 for gruppe B,

  • kr 600 for gruppe C,

  • kr 750 for gruppe D og

  • kr 1 000 for gruppe E.

Tabell 1.3.5 Inntekter årlege gebyr og nyregistreringar:

Bca. 14 %(1 300) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 100 000-kr 199 000
kr 500 x kr 1 300 = kr 650 000
Cca. 22,5%(2 000) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 200 000-kr 500 000
kr 600 x 2 000 =… kr 1 200 000
Dca. 12,5 %(1 100) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 500 000-kr 1 000 000
kr 750 x 1 100 = kr 825 000
Eca. 21 %(1 800) av stiftingane har ein grunnkapital på over kr 1 000 000
kr 1 000 x 1 800 = kr 1 800 000
Sum årlege gebyr kr 4 475 000
Totale inntekter kr 9 179 000

Justisdepartementet sende 2. mars 2004 ut høyringsbrev med framlegg til endringar i stiftingslova, der mellom anna dei ulike modellane for finansiering av Stiftingstilsynet vart presenterte.

Regjeringa har gått inn for at det skal vere ei fullfinansiering av Stiftingstilsynet gjennom gebyr for førstegongsregistreringar og ei årleg avgift. Enkelte høyringsinstansar har vore kritiske til ei slik inntektsdekning.

Foreningen for Allmennyttige Stiftelser hevdar at ei slik ordning i realiteten er ei skattlegging av stiftingane. Til dette vil departementet vise til at det ikkje er tvil om at Stortinget i lovs form kan gje forvaltninga heimel til å innkrevje gebyr og avgifter for offentlege kontrolloppgåver. Regelen om årlege skatte- og avgiftsvedtak i Grunnlova § 75a, kan ikkje sjåast å ha relevans i dette tilfellet.

Foreningen for Allmennyttige Stiftelser går imot at det skal krevjast ei årleg avgift. Departementet ser at det kan oppfattast som urimeleg at stiftingar som ikkje har noko med Stiftingstilsynet å gjere i løpet av året, likevel skal betale ei årleg avgift. Departementet er likevel kome til at dei argumenta som taler for ei slik avgift, veg tyngre.

Av høyringsnotatet går det fram at næringsdrivande stiftingar ikkje skal betale gebyr for førstegongsregistreringar. Det går likevel ikkje klart fram om dei skal betale den årlege avgifta. Departementet legg til grunn at dei skal det. Det er berre førstegongsregistreringsgebyret som ville ha ført til ei dobbel gebyrlegging, sidan dei næringsdrivande stiftingane skal betale slikt gebyr for registrering i Føretaksregisteret. Når det gjeld den årlege avgifta, er det ingen grunn til å handsame dei næringsdrivande stiftingane annleis enn dei som ikkje er næringsdrivande.

Dei aller fleste høyringsinstansane har uttalt at dei føretrekkjer modellen som omhandla i kapittel 1.3.2, framfor den i kapittel 1.3.3, slik at hovudtyngda av inntektene kjem frå den årlege avgifta. Departementet deler denne oppfatninga. Ein slik modell vil i større grad halde storleiken på utgiftene nede samstundes som han vil gje eit meir stabilt inntektsgrunnlag for Stiftingstilsynet.

Fleire høyringsinstansar foreslår at ordninga i større grad tek utgangspunkt i dei konkrete oppgåvene som tilsynet gjer for stiftingane. Departementet er førebels kome til at dei tyngste argumenta taler for ikkje å ta gebyr for andre registreringsforretningar enn førstegongsregistreringar. Etter at Stiftingstilsynet har fått erfaring som gjev sikrare tal og betre grunnlag for å fastslå ulike arbeidsbelastningar for tilsynet, kan spørsmålet eventuelt vurderast på nytt.

Departementet er samd i at det kan sjåast på som rimeleg at også andre brukarar av registeret enn stiftingane, medverkar til finansieringa av Stiftingstilsynet gjennom prising av ulike registerforretningar. Også her foreslår likevel departementet at ein ventar med å vurdere innføringa av ei slik prising til Stiftingstilsynet har fått ei viss røynsle å byggje på. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som i utgangspunktet er skeptiske til å la grunnkapitalen utgjere grunnlaget for fastsetjinga av storleiken på betalinga. Problemet er likevel at forvaltningskapitalen til stiftingane førebels ikkje er ein samla registrert storleik. Så snart Stiftingstilsynet får ein slik samla registrert storleik å halde seg til, er det naturleg at departementet vurderer å la grunnlaget for berekningane av betalinga heller knyte seg til forvaltningskapitalen enn til grunnkapitalen.

Etter dette har departementet kome til at finansieringa og betalingsprofilen førebels bør forankrast i modellstrukturen som omhandla i kapittel 1.3.2 over.

Ingen av høyringsinstansane er imot at krava er tvangsgrunnlag for utlegg. Foreningen for Allmennnyttige Stiftelser har likevel reagert på forslaget, som gjev Statens Innkrevjingssentral heimel til å drive inn krava med trekk i lønn og andre liknande ytingar.

Departementet er samd i at føresegna kan framstå som uklar utan nærare grunngjeving. Poenget med regelen er at til dømes styremedlemmer og daglege leiarar i stiftingar i einskilde tilfelle kan komme i personleg ansvar for at gebyra og avgiftene ikkje blir betalte, dersom dette skyldast aktløyse frå deira side.

Det er lagt til grunn at Stiftingstilsynet vil ha behov for om lag ti årsverk og at driftskostnadene vil utgjere i underkant av 9 mill. kroner per år. Då er det også teke høgde for etableringskostnadene. Ei fullfinansiering vil medføre ei samla belastning som svarar til om lag kr 1 000 i gjennomsnitt per stifting per år.

Departementet foreslår at stiftingane skal finansiere kostnadene med Stiftingstilsynet fullt ut. Inntektene vil likevel ikkje ta til å kome inn før stiftingane kan registrere seg i det nye Stiftingsregisteret. Det kan først skje etter opprettinga 1. januar 2005. Justisdepartementet har derfor i Revidert nasjonalbudsjett for 2004 foreslått å bruke inntil 1 mill. kroner av dei løyvingane som er gjevne for 2004 under Kultur- og kyrkjedepartementet kap. 305 Lotteritilsynet post 1 Driftsutgifter til dekning av etableringskostnader.