Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover

Innhold

Til Odelstinget

Nærings- og handelsdepartementet kjem i proposisjonen med forslag til endringar i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover. Føremålet med endringane er å leggje betre til rette for at Einingsregisteret og Føretaksregisteret kan fylle oppgåvene som samordnarar og tilretteleggjarar for brukarane, dvs. både næringsliv og andre private og for det offentlege.

Hovuddelen av proposisjonen omhandlar Einingsregisteret. Erfaringane viser behov for tiltak for å auke kvaliteten. Forslaga i proposisjonen vil føre til høgare kvalitet i både Einingsregisteret og Føretaksregisteret, til betre samordning og gjenbruk av dei registrerte opplysningane og til betre effektivitet i registra.

Det blir foreslått ei endring i formålsparagrafen i einingsregisterlova, for å gjere det klart at offentlege etatar har plikt til å nytte grunndata frå Einingsregisteret. Departementet legg vidare fram forslag til betre samordning av forholdet mellom Konkursregisteret og Einingsregisteret. Etter dette skal Einingsregisteret få melding om konkursopningar frå Konkursregisteret. Vidare blir det foreslått eit betre tilpassa regelverk for sletting av konkursdebitor. Proposisjonen inneheld òg forslag til både materielle og systematiske endringar i regelverket om dokumentasjonskrav ved registrering i Einingsregisteret, mellom anna lovfesting av reglar om minimumsinnhald i stiftingsdokument.

Departementet foreslår at retten til sjølv å fråtre ei registrert rolle i Einingsregisteret blir utvida. Det same gjeld rett til å melde endringar på grunnlag av dom, registrering av opplysningar som følgje av rettstap, og rett til å hente inn opplysningar frå andre register enn dei tilknytte. I tillegg blir det foreslått endringar i tilgangen på informasjon frå Einingsregisteret, og ei presisering av reglane om korleis Einingsregisteret skal føre kontroll. Einingsregisteret skal få høve til å gjere såkalla påteikningar i registeret, og det skal ikkje lenger vere nødvendig å registrere opplysningar om sameigarar i eigarseksjons­sameige.

I føretaksregisterlova blir det mellom anna foreslått ei forenkling i kravet til underskrifter ved nymeldingar til Føretaksregisteret, slik at den som har signaturrett, kan skrive under.

Ved kongeleg resolusjon av 29. august 2003 vart Einingsregisteret overført frå Finans- og tolldepartementet til Nærings- og handelsdepartementet. Denne odelstingsproposisjonen blir dermed lagt fram frå Nærings- og handelsdepartementet.

Einingsregisteret vart etablert i 1995, og er regulert i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Einingsregisteret. Einingsregisteret fungerer i dag etter intensjonane og bruken av eit felles organisasjonsnummer/identifikasjonssystem for alle juridiske personar må seiast å vere ein suksess. I dag er Einingsregisteret i praksis langt på veg eit fullstendig register over alle juridiske personar, sjølv om det ikkje er generell registreringsplikt. I denne proposisjonen blir det ikkje foreslått utvidingar i den generelle registreringsplikta.

Frå offentleg forvaltning blir det påpeika at kvaliteten ved registeret er noko lågare enn det som er ønskjeleg. Forslaga i proposisjonen tek sikte på å gjere det lettare for registeret å halde ein nødvendig høg kvalitet på den registrerte informasjonen, utan å leggje unødig store innrapporteringsbyrder på dei enkelte einingane. Forslaga i høyringsnotatet får generelt stor støtte.

Nærings- og handelsdepartementet går inn for å utvide formålsføresegna i einingsregisterlova slik at offentlege organ og register som ikkje er tilknytte register, skal nytte opplysningar frå Einingsregisteret så langt det er praktisk mogleg. Ei lovfesting av plikta vil markere kor viktig dette kravet er. Ei utviding av plikta til å nytte Einingsregisteret som grunndatakjelde er ei naturleg vidareutvikling så vel som ei styrking av registeret og av samordningsrolla innanfor offentleg sektor. Prosessen er eit viktig steg for å unngå dobbeltrapportering til offentlege etatar og register.

Det konkrete omfanget av plikta må først og fremst vurderast ut frå føremålet om å redusere oppgåvepliktene for næringslivet. For dei organa som på grunn av omfanget eller den systematiske bruken av grunndata kjem inn under plikt-regelen, er det foreslått eit unntak frå plikta til å bruke grunndata frå Einingsregisteret dersom det ikkje er "praktisk mulig". Unntaket skal berre brukast i svært avgrensa omfang.

Det er nytt at formuleringa "offentlige organer og registre" omfattar kommunesektoren. I høve til føremålet med regelen; mindre oppgåveplikter for næringslivet, er det viktig at også kommunal sektor er omfatta.

Utvidinga av formålsparagrafen som er foreslått i proposisjonen, kan likevel saman med regjeringsvedtaket om det same, føre til at nokre fleire offentlege register vil krevje organisasjonsnummer av dei som blir registrerte. Men det vil dreie seg om einingar som alt er registrerte i Einingsregisteret. Fordelen med bruk av organisasjonsnummer er at det sikrar sikker identifikasjon av den aktuelle eininga.

I dag er Konkursregisteret ikkje tilknytt register til Einingsregisteret.

I høyringsnotatet var det med forslag om å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register til Einingsregisteret, og i samband med det å gjere konkursbuet til registreringseining i Konkursregisteret. Høyringsinstansane var positive til endringane. Desse forslaga høyrer nøye saman med eit høyringsnotat frå Justisdepartementet som inneheldt eit forslag frå Konkursrådet om endringar i konkurslova og i konkursforskrifta. Formålet med endringane er å ta i bruk meir elektronisk kommunikasjon ved kunngjeringar og meldingar frå bustyret. Konkursregisteret som tilknytt register til Einingsregisteret vil gje ein eintydig identifikasjon av alle konkursbu. Justisdepartementet er i gang med arbeidet med å fremje eit lovforslag på dette området. Arbeidet er omtala i Ot.prp. nr. 23 (2003-2004) om endringar i gjeldsforhandlingslova, konkurslova mv. som vart behandla i Stortinget i mars 2004. Til saman vil desse forslaga gje ei meir effektiv konkursbehandling for både konkursbustyret, kreditorar og alle involverte register. Departementet tek sikte på å leggje fram dei nemnde forslaga frå høyringsnotatet i samband med Justisdepartementet sin proposisjon.

Det er i dag ingen reglar om at Konkursregisteret skal gje melding til Einingsregisteret.

Departementet går i proposisjonen inn for å leggje Einingsregisteret til lista over dei registra som skal få melding om opning av konkurs etter konkurslova. Dagens situasjon med at Einingsregisteret har informasjon berre om konkurs i dei einingane som er registrert i Føretaksregisteret, er uheldig. Endringa vil gjere at Einingsregisteret vil få melding om alle konkursopningar i registereiningane. Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til dette forslaget.

I høyringsnotatet vart det foreslått at det skal takast inn eit nytt ledd i einingsregisterlova § 26, om sletting av samanslutningar med uavgrensa ansvar. Forslaget svarer stort sett til ordninga etter føretaksregisterlova og gir Einingsregisteret ein heimel til å følgje opp slike samanslutningar for å få avklart om dei framleis er i aktivitet. Eit forslag til endring i konkurslova § 138 om melding frå Konkursregisteret til Einingsregisteret om avslutning av konkursbehandlinga i saker der konkursdebitor er einingar med avgrensa ansvar, vil gje Einingsregisteret heimel direkte i konkurslova til å slette desse einingane. Datatilsynet peikar på at det frå ein personvernrettsleg ståstad er positivt at rutinar for sletting frå dei ulike registra etter avslutning av konkurs blir tydeleg regulerte gjennom endringsforslaget. Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til forslaget.

Nærings- og handelsdepartementet foreslår at einingsregisterlova § 26 får eit nytt ledd som regulerer oppfølging av konkursar i einingar med uavgrensa ansvar. Vidare går ein inn for eit tillegg til konkurslova § 138. Denne endringa i konkurslova er avgjerande for at Einingsregisteret skal få den informasjonen frå Konkursregisteret som er nødvendig for å følgje opp desse sakene, og for å gje Einingsregisteret heimel til å følgje opp konkursar i einingar med avgrensa ansvar. Forslaget må sjåast i samanheng med forslaget om å leggje Einingsregisteret til lista over dei som skal ta imot melding om opning av konkurs.

Plikta til å registrere seg i Einingsregisteret er regulert i einingsregisterlova § 4. For dei registreringseiningane som er lista opp i første ledd bokstav a-d i føresegna, blir plikta til å registrere seg utløyst i samband med registrering i tilknytt register. Dei registreringseiningane som ikkje har registreringsplikt i Einingsregisteret har ein registreringsrett.

Sidan Einingsregisteret vart oppretta i 1995, har bruken av organisasjonsnummer som identifikator auka kraftig, slik at det i stadig fleire samanhenger blir kravd at juridiske personar identifiserer seg ved bruk av organisasjonsnummer. Dette er ei ønskt utvikling. I høyringsnotatet om registrering i Einingsregisteret etter krav i andre regler vart det understreka at det ikkje er teke stilling til om den generelle registreringsplikta i Einingsregisteret bør utvidast. Men einingsregisterlovgivinga bør innehalde føresegner som opplyser om at enkelte lover og forskrifter har føresegner om plikt til å gje opp organisasjonsnummer, slik at det for enkelte ikkje-registreringspliktige einingar likevel finst eit faktisk krav om registrering. Nærings- og handelsdepartementet går inn for å lovfeste at krav om registrering i Einingsregisteret også kan følgje av andre lover. Det er viktig for brukarane at informasjonen blir plassert direkte i lova, slik at informasjonen til desse brukarane blir best mogleg.

I høyringsnotatet om registrering av sameigarar i eigarsameie vart det vist til at føresegna om registrering av sameigarar i eigarseksjonar ikkje fungerer slik ho var meint. I store eigarseksjonssameige, med mange sameigarar og hyppige utskiftingar av sameigarane er det eit problem å halde registeret à jour. Dette forringar kvaliteten på dei registrerte opplysningane i Einingsregisteret, som igjen kan føre til redusert tillit og truverd til opplysningane i Einingsregisteret. Nærings- og handelsdepartementet går inn for at registreringsplikta for sameigarar skal falle bort. Opplysningane finst offentleg tilgjengelege og oppdaterte i grunnboka, og det er både unødvendig og uheldig å ha denne informasjonen i to register. Departementet vil derfor foreslå ei ordning der det ikkje lenger er rett til å registrere slike opplysningar i Einingsregisteret.

I høyringsnotatet om dokumentasjonskrav ved førstegongsregistrering vart det foreslått at kravet om stiftingsdokument som vedlegg ved førstegongsregistrering skal gå fram av einingsregisterlova. Dette gjer gjeldande krav meir føreseielege og tilgjengelege. Av same grunn vart det foreslått at eit krav om å leggje fram vedtekter, dersom slike finst, blir teke inn i lova. I høyringsnotatet vart det foreslått at desse krava til vedlegg blir samla i einingsregisterlova § 8. Finansnæringens Hovudorganisasjon/Sparebankforeningen har ikkje innvendingar mot forslaget, men meiner at ein bør finne betre formuleringar slik at lovteksten blir tydeleg. Departementet er einig med innvendinga frå Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen, og foreslår ein noko endra ordlyd i forhold til forslaget slik det låg i høyringsnotatet. Krava til dokumentasjon i forslaget til § 8 fjerde ledd kan synest strenge i ein del saman­hengar, men reglane har vore forskriftsfesta sidan 1995, utan særlege problem i praksis. Departementet legg til grunn at praktiseringa av krava skal vere som før.

I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova skal få ein ny regel om rett til sjølv å kunne melde eigenfråtreden frå registrert rolle i Einingsregisteret. Det må gjerast unntak for innehavarar av enkeltpersonføretak og registrerte enkeltpersonar som ikkje er enkeltpersonføretak, fordi det her er full identitet mellom personen og sjølve eininga. Dersom desse personane ikkje lenger ønskjer å vere registrerte i Einingsregisteret, vil rett framgangsmåte vere å slette eininga frå registeret. Det vart vidare presisert at Einingsregisteret berre kan behandle melding om eigenavgang når Einingsregisteret har kontrollansvaret for opplysninga. I høyringsnotatet vart det vidare foreslått ei ny føresegn som skal gje tredjemann rett til å melde frå om endringar i registeret som følgje av dom. Kva for endringar som skal gjerast er avhengig av domsresultatet. Det vart òg foreslått å gje domstolane høve til å krevje at opplysningar blir tekne inn i Einingsregisteret, på same måte som dette i dag er mogleg i Føretaksregisteret.

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen støttar forslaget om å gi enkelte grupper utvida høve til å melde frå om avgang til registeret. Dei uttalar at dette ikkje minst er viktig for "ikkje-profesjonelle" einingar som har avgrensa høve til å følgje opp dei opphavlege registermeldingane sine, og dermed bidra til å oppnå betre registerkvalitet. Næringslivets Hovedorganisasjon er positiv til at det blir utvida høve til å melde frå om eigenavgang, fordi det gjer registeret meir truverdig og tillitvekkjande. Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til dette forslaget. Departementet går inn for å endre einingsregisterlova ved at det blir lagt til ei ny føresegn om utvida høve til endringsmeldingar frå andre. Ei slik endring kan få positiv innverknad på kvaliteten av registeret.

I høyringsnotatet vart det foreslått eit nytt andre ledd i einingsregisterlova § 20, slik at det uttrykkeleg blir opna for oppdatering frå andre register enn dei tilknytte. Statistisk sentralbyrå støttar forslaget, og peikar særleg på kor viktig det er med gode adresseopplysningar. Næringslivets Hovedorganisasjon går ut frå at personvernomsyn er vurdert, og at ein meiner det ikkje er til hinder for forslaget om at opplysningar som er registrerte i andre register enn tilknytte register, kan innhentast og registrerast i Einingsregisteret.

Departementet går inn for at Einingsregisteret kan innhente og registrere opplysningar frå andre register. Utan ein tydeleg heimel for slik innhenting er det ikkje mogleg for Einingsregisteret å drive kontroll og såkalla "vasking" av opplysningar opp mot andre register. Det vil ikkje vere høve til å ta inn informasjon som etter einingsregisterlova skal meldast inn av eininga sjølv, og som skal dokumenterast. Dette set klare grenser for kva informasjon som kan leggjast inn frå andre register. Vidare skal innhenting av slik informasjon berre kunne gjerast der det er tvillaust rett. Dersom Einingsregisteret gjer feil vil det kunne føra til at det blir erstatningsansvarleg etter § 27. Vidare kan slik innhenting berre skje i den grad det ikkje strir mot personvernomsyn.

Departementet foreslår å endre reglane om overlevering av opplysningar frå Einingsregisteret. Opplysningane etter § 6 første ledd kan i dei fleste tilfelle hentast frå andre kanalar. Avgrensinga i andre punktum sørgjer samtidig for at det blir teke personvernomsyn. Det er ein uheldig og unødvendig konsekvens av regelverket at det blir meir tungvint for brukarane å hente inn opplysningar, og endring her vil føre til enkelt tilgjengeleg og samla informasjon.

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget til utvida innsyn i opplysningar i Einingsregisteret. Datatilsynet peikar på at ein ikkje er prinsipielt imot å samordne data som er registrerte i Einingsregisteret og i Konkursregisteret, men understrekar at ein slik bruk av opplysningar frå Konkursregisteret ikkje er i samsvar med det opphavlege formålet med Konkursregisteret. Registrering av informasjon om kva status eininga har i forhold til konkurs kan likevel ikkje seiast å vere i strid med det opphavlege formålet, og såleis heller ikkje i strid med personopplysningslova § 11. Rikstrygdeverket er positiv til den foreslåtte endringa. Statistisk sentralbyrå støttar forslaget om at all informasjon i Einingsregisteret blir gjort tilgjengeleg, og legg til at SSB gjer denne typen informasjon tilgjengeleg overfor statlege og private registerførarar i dag. Endringa vil gjere at opplysningane som blir registrerte etter einingsregisterlova § 6 første ledd, blir gjorde tilgjengelege for alle. I dag er berre opplysningar etter § 5 og § 6 andre ledd omfatta av den generelle innsynsretten.

Det er ikkje fullstendig overlapping mellom dei opplysningane som kan hentast frå andre register og dei som etter forslaget skal kunne hentast frå Einingsregisteret. Departementet vil særleg vurdere to område der forslaget til lovendring vil få verknad.

Det er for det første ein del einingar som er registrerte berre i Einingsregisteret, og "§ 6 første ledd"-opplysningar om desse er i dag ikkje offentleg tilgjengelege nokon annan stad. For dei som samhandlar med eininga kan det vere viktig å ha tilgang til denne informasjonen. Faren her er at informasjon kan misbrukast ved samanstilling. Føresegna i § 22 tredje ledd motverkar dette, ved at det er sett forbod om samanstilling av andre opplysningar om personar enn det som gjeld næringsverksemd.

Vidare er, som Rikstrygdeverket peikar på, talet på tilsette i ei eining i dag ein "§ 6 første ledd"-opplysning som ikkje er tilgjengeleg frå Einingsregisteret. Denne opplysninga er heller ikkje tilgjengeleg frå trygdeetaten. Men gjennomsnittleg tal tilsette er offentleg gjennom årsrekneskapane til alle rekneskapspliktige. Departementet kan derfor ikkje sjå at det er grunnlag for å kalle denne opplysninga ein forretningsløyndom.

Det er vidare viktig å vere klar over at Einingsregisteret ikkje inneheld nokon form for sensitive personopplysningar. Forslaget endrar ikkje på unntaksføresegna i § 22 om at fødselsnummer ikkje kan givast ut.

Datatilsynet sin merknad tek utgangspunkt i forslaget om å gjere Konkursregisteret til tilknytt register til Einingsregisteret og blir ikkje følgt opp i denne proposisjonen. Tilhøvet til personvernet vil bli særskilt vektlagt når departementet kjem tilbake til den saka.

I høyringsnotatet om Einingsregisteret vart det foreslått at det blir teke inn eit nytt andre punktum i § 17 første ledd, som klart seier at Einingsregisteret skal gjere ein utvida kontroll av opplysningar mot andre lover og forskrifter. Det vart presisert at denne kontrollen, på same måte som kontrollen i samsvar med einingsregisterlova og forskrift gitt i medhald av einingsregisterlova, berre er aktuelt for dei einingar som Einingsregisteret har kontrollansvaret for etter § 17 andre ledd, jf. § 13, altså einingar som ikkje er kontrollerte av tilknytte register. Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget om at registerføraren skal prøve opplysningane som det blir søkt om å få registrert, i forhold til generelle lover og forskrifter. Nærings- og handelsdepartementet går inn for å gje Einingsregisteret utvida høve til å kontrollere innsende opplysningar. Lovteksten i forslaget er endra frå ein "skal"-regel til ein "kan"-regel, då dette er best i samsvar med føremålet med regelen.

I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova § 23, som pålegg alle registreringseiningar å føre organisasjonsnummeret på breva og forretningsdokumenta sine, blir endra, slik at ikkje-næringsdrivande enkeltpersonar blir unnatekne frå plikta.

Det vart vidare foreslått at det skal stillast krav om at namnet/føretaksnamnet til registreringseininga blir oppgitt i brev og forretningsdokument. Ei tilsvarande endring er foreslått i føretaksregisterlova. Det er behov for klarare regelverk på området.

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar ei klargjering av regelverket på området, men synes omgrepet "forretningsdokument" er uklart og meiner forslaget går for langt i høve til kva som er nødvendig. Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen er positive til at reglane om dokumentopplysningar i føretaksregisterlova og i einingsregisterlova blir harmoniserte. Det bør stillast krav til meir omfattande opplysningar i aksjeselskap sine brev o.a. Dei peikar vidare på at omgrepet "brev og forretningsdokumenter" er uklart. Departementet går inn for å endre einingsregisterlova § 23 slik at det blir gjort unntak frå kravet om å gje opp organisasjonsnummer for enkeltpersonar som ikkje er innehavar av enkeltpersonsføretak. Ein støttar òg forslaget om å endre føresegna slik at det kjem klart fram at brev og forretningsdokument skal innehalde føretaksnamn/namn på registreringseininga. Til merknadene om at uttrykket "brev og forretningsdokumenter" er uklart, vil departementet vise til drøftinga av dette i kap. 4.4 i proposisjonen. Behovet for endring i einingsregisterlova på dette området vil bli tatt i samband med gjennomføringa av endringar i første selskapsdirektiv og endringar i føretaksregisterlova § 10-2.

Nærings- og handelsdepartementet foreslår å endre omgrepet einingstype til omgrepet organisasjonsform i einingsregisterlova § 5 andre ledd bokstav c for å harmonisere omgrepsbruken. Tilsvarande endring vil bli gjort i forskrifta til einingsregisterlova.

Nærings- og handelsdepartementet går inn for å endre omgrepet aksjefond til omgrepet verdipapirfond i einingsregisterlova § 4 første ledd bokstav b. Innhaldsmessig fører ikkje dette med seg nokon endring.

Departementet går inn for at opplysning om forretningskommune blir eit lovbestemt minimumskrav for vedtekter for andre selskap med avgrensa ansvar, på linje med aksjeselskap/allmennaksjeselskap.

Ingen av høyringsinstansane har kommentert dette forslaget.

I høyringsnotatet om underskrift ved førstegongsmelding til Føretaksregisteret vart det framheva at dei forholda som var grunngiving for å forenkle krav til underskrift ved endringsmeldingar, også gjer seg gjeldande ved nyregistrering. I høyringsnotatet vart det derfor foreslått at føretaksregisterlova blir endra, slik at dei med signaturrett òg kan skrive under ved melding om nyregistrering. Den praktiske verdien av at dei med signaturrett får høve til å skrive under på melding om nyregistrering, varierer noko frå organisasjonsform til organisasjonsform. For enkeltpersonføretak inneber endring av underskriftsregelen ikkje noka realitetsendring. For føretak med styre ligg det meldeplikt på kvar enkelt styremedlem. I høyringsnotatet vart det understreka at det er ei vesentleg forenkling dersom det blir tilstrekkeleg å hente inn særskild tiltredingserklæring frå dei styremedlemmene som ikkje skriv under på meldinga som signaturrettshavar.

I ansvarlege selskap og kommandittselskap som ikkje er organiserte med styre ligg meldeplikta på kvar enkelt ansvarleg deltakar. I samsvar med dagens regelverk må derfor alle deltakarar underteikne blanketten ved nyregistrering. I kommandittselskap er det berre komplementaren som er ansvarleg deltakar. Her har ei endring av underskriftskravet dermed noko å seie berre dersom selskapet har to eller fleire komplementarar. For ansvarlege selskap følgjer det av selskapslova at kvar enkelt deltakar representerer selskapet utetter. Denne føresegna må etter analogi gjelde tilsvarande for partsreiarlag. Endring av underskriftskravet har dermed i forhold til ansvarlege selskap og partsreiarlag innverknad i alle tilfelle, med unntak av dei tilfella der selskapet samtidig melder at deltakarane har selskapssignatur i fellesskap.

Det vart derfor foreslått at føretaksregisterlova § 4-4 bokstav f blir endra i samsvar med dagens praksis "erklæring fra ansvarlig deltaker som ikke selv har meldeplikt om at meldingen skjer med deres samtykke".

Samtykke til registrering i Føretaksregisteret kan takast inn i selskapsavtalen, eventuelt givast i form av underskrift på blanketten eller som ei særskild erklæring. Den foreslåtte endringa av underskriftskravet inneber at føretaksregisterlova § 4-4 bokstav f òg skal omfatte ansvarlege deltakarar i selskap som ikkje er organiserte med styre. I praksis får det noko å seie berre der det er/blir gitt signaturrett.

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget om at førstegongsmelding kan underskrivast berre av signaturrettshavar.

Departementet går inn for å forenkle kravet til underskrift ved nyregistrering, slik at dette kan gjerast av signaturrettshavar åleine. Tilsvarande sluttar departementet seg til den foreslåtte endringa i føretaksregisterlova slik at føresegna om vedlegg til førstegongsmelding og endringsmelding òg kan omfatte ansvarlege deltakarar i selskap som ikkje er organiserte med styre.

Det ble foreslått i høyringsnotatet at føresegnene i einingsregisterlova og føretaksregisterlova skal harmoniserast, ved at det blir presisert i føretaksregisterlova § 10-2 at andre føretak enn aksjeselskap, allmennaksjeselskap og filial av utanlandsk føretak skal gje opp organisasjonsnummeret sitt på brev og forretningsdokument. Det blir foreslått at plikta til å bruke bokstavane "MVA" på salsdokument blir teken inn også i føretaksregisterlova. Dei to lovene har i dag ulike formuleringar av kva type dokument dokumentopplysningsplikta omfattar. Det vart foreslått ei språkleg samordning av einingsregisterlova § 23 og føretaksregisterlova § 10-2, slik at formuleringa "brev og forretningsdokumenter" blir brukt i begge dei to lovene.

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen er positive til at reglane i dei to lovene vert harmoniserte noko, likevel slik at det vert stilt krav til meir omfattande opplysningar i aksjeselskapa sine brev og forretningsdokument. Dei er imidlertid noko usikre på kva for dokument som vert omfatta av "brev og forretningsdokumenter", og om ulike slag reklamemateriell og kundepleieprodukt er omfatta. Næringslivets Hovedorganisasjon gjev si støtte til at regelverket vert klarare, men stiller spørsmålstegn ved om kravet om at opplysningene skal framkomme på alle "forretningsdokumenter" (i tillegg til brev), går for langt i forhold til dei formuleringane som er å finne i dei direktiva dokumentopplysningskrava byggjer på. Næringslivets Hovedorganisasjon foreslår uttrykket "brev og ordredokumenter" i staden. Elles går organisasjonen ut frå at det blir ein overgangsperiode for einingar som har innretta seg annleis på grunn av dagens uklare krav.

Departementet vil, på grunnlag av merknadene frå høyringsinstansane, ikkje gå inn for endringa i oppramsinga av kva type dokument dokumentopplysningsplikta skal omfatte. Ein vil kome tilbake til dette spørsmålet i samband med oppfølginga av rådsdirektiv 2003/58/EF om endring av rådsdirektiv 68/151/EF (første selskapsrettsdirektiv). Direktivet vil gjere det nødvendig med endringar i § 10-2. Dette gjeld krav til opplysningar om føretak på heimesider.

Departementet går, i tråd med høyringsinstansane sitt syn, inn for dei andre endringsforslaga som vart lagde fram i høyringsnotatet. Det er rimeleg at næringsdrivande finn regelverket som gjeld for dei, mest mogleg samla i føretaksregisterlova.

Ved ein inkurie vart to føresegner i føretaksregisterlova og ei føresegn i dekningslova ikkje tekne med i samband med ei rekkje endringar i rettsgebyrlova og selskapslovgivinga. Det er nødvendig å få retta opp dette. Ein viser til forslaget til endring i føretaksregisterlova § 6-2 andre ledd andre punktum og § 7-3 første ledd andre punktum, og i dekningslova § 1-3.

Forslaga i proposisjonen vil totalt sett ikkje gje særleg auke i arbeidsmengda ved registra, og heller ikkje føre til auke i driftskostnadene.

Utvidinga av formålsparagrafen i einingsregisterlova fører til at andre offentlege organ kan få noko auka utgifter for tilpassingar i tekniske løysingar for å henta opplysningar frå Einingsregisteret. Med den pågåande utviklinga av web-tenester, vil kostnadene bli små. Større bruk av grunndata vil føre til noko hyppigare ajourføringar, men også til betre kvalitet på dei registrerte opplysningane.

For kommunal sektor er plikta ny, og ein må pårekna ei begrensa økonomisk belastning i ein overgangsperiode. Den praktiske tilpassinga i kommunal sektor vil kunne ta noko lenger tid.

Dei foreslåtte endringane i forholdet mellom Einingsregisteret og Konkursregisteret vil leggje grunnlaget for ryddigare tilhøve mellom registra og for arbeidet i dei enkelte register. Dei andre endringane i einingsregisterlova vil gje eit ryddigare og meir tilpassa regelverk for arbeidet i registeret, særleg når det gjeld oppdatering og sletting.

Forslaget til endringar i føretaksregisterlova vil, i tillegg til å gje Føretaksregisteret eit ryddigare regelverk å handheve, føre til færre registreringsnektingar som vil vere kostnadssparande.

Fleire av dei foreslåtte endringane medfører enk­lare rutinar for dei næringsdrivande/brukarane som skal samhandle med Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Mellom anna medfører ei endring i kravet til underskrift ved førstegongsmelding til Føretaksregisteret at meldinga ikkje må sendast til alle meldepliktige når eit føretak skal nyregistrerast, noko som inneber eit langt mindre ressurskrevjande forarbeid i samband med førstegongsregistrering.

Vidare vil endringa i formålsparagrafen til einingsregisterlova vere med på å redusere innrapporteringane frå næringslivet til det offentlege totalt sett. Auka bruk av grunndata frå Einingsregisteret vil vere med og redusere dei administrative byrdene for dei næringsdrivande.

For bustyrarane og konkursdebitor vil lovendringane i einingsregisterlova og endringane i konkurslova gjere at prosedyrane ved oppretting og sletting av konkurs- og tvangsavviklingsbu blir noko forenkla.

Den foreslåtte reguleringa av krav til innhald i stiftingsdokument og vedtekter inneber inga endring av dagens praksis. Lettare tilgang til krava til dokumentasjon ved registrering/endring er ein fordel for brukarane.

Ei utviding av retten til innsyn i Einingsregisteret vil gje næringsdrivande og andre brukarar noko lettare tilgang på grunndata.

Både auka bruk av Einingsregisteret, betre regulering av arbeidet med oppdatering osv. av registra og betre kvalitet på registerinformasjonen vil generelt sett vere til fordel for næringsliv og andre brukarar.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til Ot.prp. nr. 80 (2003-2004) som gjer framlegg til endringar som har til formål å auke samordning, effektivisering og gjenbruk av grunndata og registra med resultat at Einingsregisteret og Føretaksregisteret betre kan fylle oppgåvene som samordnar og tilretteleggjar for brukarane.

Komiteen meiner den auka gevinsten ved desse forslaga er høveleg og støtter opp under målsetjinga som er lagt til grunn. Den teknologiske utviklinga gir mogelegheit for å påverke og utforme det offentlege tilbodet på måtar vi ikkje før har kunne tenkt oss. Dette er ikkje minst til fordel for brukarane som skal nytte desse tenestene.

Komiteen har merka seg at føremålsparagrafen i Einingsregisteret vert endra for å gjere det klårt at offentlege etatar har plikt til å bruke grunndata frå Einingsregisteret. Komiteen ser at dette vil gje større gjenbruk av informasjon som alt er lagra, noko som òg vil føre til mindre skjemabruk for brukarane.

Komiteen har merka seg forslaga til betre samordning mellom Konkursregisteret og Einingsregisteret. Einingsregisteret skal få melding om konkursopningar frå Konkursregisteret. Vidare skal det bli eit betre tilpassa regelverk for sletting av konkursdebitor. Dette vil betre kvaliteten på Einingsregisteret og lette arbeidet for registra og brukarane.

Komiteen har vidare merka seg at det er gjort framlegg om materielle og systematiske endringar i reglane om dokumentasjon ved registrering i Einingsregisteret ved at det blir gjort framlegg om å lovfeste reglar om minimumsinnhald i stiftingsdokument og vedtekter. Dette er viktig for å synleggjere og konkretisere noverande krav for å gjere dei lettare tilgjengelege for brukarane.

Komiteen ser også at tilgangen på informasjon frå Einingsregisteret vert auka. Dette vil føre til at kvar og ein har rett til å få alle grunndata frå Einingsregisteret, men slik at ein opprettheld noverande unntak for fødselsnummer. Komiteen ser at dette gir brukarane forenkla tilgang til opplysingane og forenklingar i Einingsregisteret sitt system for utlevering.

Komiteen har merka seg at det vert gjort framlegg om endringar i kravet til underskrift ved nymeldingar til Føretaksregisteret, slik at desse kan underskrivast av den som har signaturrett åleine, og vil gje forenklingar for mange føretak.

Komiteen vil legge vekt på verdien av auka bruk av, betre regulering av og betre kvalitet på registra slik at dette vil gje fordelar for næringslivet og andre brukarar. Det er viktig for brukarane at vi får til avgjerande bidrag til betra kvalitet i registra og betre samordning mellom registra. Komiteen tykkjer også det er bra at denne kvalitets- og effektivitetsforbetringa i liten grad vil føre til auking i driftskostnader for registra, då bruk av nye tekniske løysingar gjer dette svært lite krevjande. Komiteen ser framlegga i Ot.prp. nr. 80 (2003-2004) som viktige innlegg i høve til arbeidet med forenklingar overfor næringslivet.

Komiteen sin tilråding fremmast av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover

I

I lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret skal det gjerast desse endringane:

§ 1 andre ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Offentlige organer og registre som ikke er tilknyttede registre, plikter, der det er praktisk mulig, å benytte opplysninger fra Enhetsregisteret.

§ 4 første ledd bokstav b skal lyde:

b) Selskaper, foreninger, stiftelser, verdipapirfond, bo og andre juridiske personer. Dødsbo og felleseiebo som identifiseres ved fødselsnummer, og indre selskaper, er likevel ikke registreringspliktige.

§ 4 nytt tredje ledd skal lyde:

Krav om registrering i Enhetsregisteret kan også følge av særskilt bestemmelse gitt i eller i medhold av lov.

Noverande tredje og fjerde ledd blir til fjerde og femte ledd.

§ 5 andre ledd bokstav c skal lyde:

c) Organisasjonsform.

§ 6 første ledd bokstav b skal lyde:

b) Sameiere. Dette gjelder ikke for sameier som er seksjonert etter eierseksjonsloven.

§ 8 skal lyde:§ 8 Dokumentasjon av opplysningene

Det kreves skriftlig erklæring fra daglig leder, forretningsfører, innehaver eller tilsvarende kontaktperson om at de opplysninger som meldes, er riktige.

Registerfører kan kreve fremlagt den dokumentasjon han finner nødvendig for å vurdere om det som meldes, er riktig. Ved førstegangsregistrering av enheter som ikke er enkeltpersoner eller enkeltpersonforetak, skal det fremlegges stiftelsesdokument dersom det finnes, og ellers annen dokumentasjon for at enheten eksisterer. Ved første gangs registrering av slike enheter skal det i tillegg vedlegges vedtekter dersom slike finnes.

Registerfører kan bestemme at andre ledd ikke skal gjelde for enheter hjemmehørende i utlandet som ved registrering i Enhetsregisteret fremlegger bekreftet utskrift fra offentlig registreringsmyndighet i hjemlandet som viser at enheten er stiftet eller opprettet i henhold til hjemlandets lover. I den grad en slik utskrift inneholder opplysninger som nevnt i § 6, kan registerfører bestemme at den legges til grunn som dokumentasjon for også registrering av disse opplysningene.

Hvis enheten ikke skal registreres i Foretaksregisteret, må dessuten følgende dokumentasjon vedlegges meldingen dersom slike opplysninger meldes:

a)protokoll som viser valg av styre

b)erklæring fra revisor om at han påtar seg oppdraget

c)erklæring fra regnskapsfører om at han påtar seg oppdraget

d)protokoll fra kompetent organ eller vedtekter som viser tildeling av signatur

e)protokoll eller erklæring som viser tildeling av prokura.

Erklæring fra revisor og regnskapsfører kan fremgå av meldingsblanketten.

Kravet til vedlegg gjelder både ved førstegangsregistrering og ved senere endringer, i den grad det meldes opplysninger som betinger vedlagt dokumentasjon.

Ny § 15a skal lyde:§ 15a. Endringsmeldinger fra andre

I andre enheter enn enkeltpersonforetak og registrerte enkeltpersoner kan en rolleinnehaver som har trådt ut av registreringsenheten, selv gi melding om dette.

Den som har ervervet dom om forhold som er eller skulle ha vært meldt til Enhetsregisteret, kan forlange opplysningene endret i samsvar med domsresultatet.

Domstolene og andre offentlige organer gir Enhetsregisteret melding om forhold vedrørende registrerte enheter når det i særlovgivningen er gitt bestemmelser om dette.

På bakgrunn av dom, kjennelse eller annen rettslig beslutning kan domstolene begjære opplysninger om innførte enheter inntatt i registeret.

§ 17 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Ved kontroll av om enheten er en registreringsenhet etter § 4, samt om en innmeldt rolleinnehaver kan registreres i registeret, kan registerføreren også prøve om opplysningene er i samsvar med andre lover og forskrifter.

§ 17 første ledd noverande andre punktum blir tredje punktum.

§ 20 nytt andre ledd skal lyde:

Opplysninger som er registrert i andre registre enn de tilknyttede registrene, kan innhentes og registreres i Enhetsregisteret når registerfører mener det ikke er betenkelig.

§ 22 andre ledd første punktum skal lyde:

Enhver har rett til å få tilgang til og utskrift av opplysninger registrert i Enhetsregisteret.

§ 23 Dokumentopplysninger skal lyde:

En registreringsenhets brev og forretningsdokumenter skal inneholde enhetens organisasjonsnummer og navn. Dette gjelder ikke for enkeltpersoner som ikke er innehaver av enkeltpersonforetak. For enheter registrert i Merverdiavgiftsmantallet skal salgsdokumenter i tillegg inneholde bokstavene MVA plassert bak organisasjonsnummeret.

§ 25 nytt tredje ledd skal lyde:

Dersom det er uklart hvordan feilen skal rettes, eller den av andre grunner ikke kan rettes uten etter ny melding fra enheten, kan registerføreren ta inn en opplysning om feilen i registeret. Samtidig skal han pålegge enheten å gi ny melding innen en bestemt frist.

§ 26 Sletting av opphørte enheter skal lyde:

Dersom registerføreren har grunn til å tro at en enhet er opphørt, skal han varsle enheten eller den meldepliktige kontaktperson om at enheten kan bli slettet dersom det ikke innen en nærmere angitt frist fremkommer opplysninger som gjør det sannsynlig at den fortsatt består.

Har Enhetsregisteret mottatt melding etter konkursloven § 138 andre ledd om at bobehandlingen er avsluttet i medhold av konkursloven § 128 eller § 135 i registrert foretak med ubegrenset ansvar, skal registerføreren gi de registreringspliktige varsel om at dersom de ikke innen ett år gir opplysninger om at enheten fortsatt består, vil enheten bli slettet. Gis det ikke slike opplysninger innen fristen, skal enheten slettes av registeret.

Bestemmelsene i første og andre ledd gjelder ikke dersom et tilknyttet register etter særlovgivningen er tillagt ansvar for sletting av opphørte enheter.

II

I lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak skal det gjerast desse endringane:

§ 3-2 andre ledd nr. 2 skal lyde:

2.Selskapets forretningskommune

§ 3-2 andre ledd noverande nr. 2-7 blir nr. 3-8.

§ 4-3 (underskrift) skal lyde:

Melding til registeret etter § 4-1 skal være underskrevet av samtlige meldepliktige eller av signaturberettiget.

§ 4-4 første ledd bokstav f skal lyde:

f) Dersom meldingen gjelder nyregistrering eller endringer som berører deltakerforholdet, skal det vedlegges erklæring fra ansvarlige deltakere som ikke har underskrevet meldingen, om at meldingen skjer med deres samtykke. Tilsvarende erklæring skal gis av ansvarlig deltaker som er trådt ut av selskapet når det inngis melding fra foretaket om uttredenen.

§ 6-2 andre ledd andre punktum skal lyde:

Registerføreren skal videre påse at opplysningene som skal offentliggjøres i De Europeiske Fellesskaps Tidendes EØS-avdeling, jfr. forordningens artikkel 11, oversendes Kontoret for De europeiske fellesskaps offisielle publikasjoner innen en måned etter kunngjøring i Brønnøysundregistrenes elektroniske kunngjøringspublikasjon.

§ 7-3 første ledd andre punktum skal lyde:

Dersom det ikke kommer svar innen fristen, skal tilsvarende varsel også kunngjøres i Brønnøysundregistrenes elektroniske kunngjøringspublikasjon og i en avis som er alminnelig lest der foretaket ifølge registeret har sitt forretningskontor.

§ 7-3 andre ledd blir oppheva. Noverande tredje, fjerde og femte ledd blir andre, tredje og fjerde ledd.

§ 10-2 (dokumentopplysninger) skal lyde:

Et foretaks brev, kunngjøringer og andre dokumenter skal inneholde foretakets organisasjonsnummer og foretaksnavn. For foretak som er registrert i Merverdiavgiftsmanntallet, skal salgsdokumenter i tillegg inneholde bokstavene MVA plassert bak organisasjonsnummeret.

Et aksjeselskaps og et allmennaksjeselskaps brev, kunngjøringer og andre dokumenter skal i tillegg angi det register der selskapet er registrert, selskapsform, hovedkontor og eventuelt at selskapet er under avvikling. Er aksjekapitalen angitt på disse dokumenter, skal den tegnede og innbetalte aksjekapital angis.

For filial av utenlandsk foretak, jf. § 3-8, skal filialens brev, kunngjøringer og andre dokumenter i tillegg angi det register filialen er registrert i. I tillegg skal det angis opplysninger om hovedforetaket som nevnt i andre ledd.

Dersom et foretaks dokumenter ikke inneholder opplysninger som pålagt i første, andre og tredje ledd, kan registerfører ilegge foretaket og de som har meldeplikt etter § 4-2 første ledd løpende tvangsmulkt inntil dokumentene er i samsvar med denne bestemmelsen. Det samme gjelder opplysninger som nevnt i forordning (EØF) nr. 2137/85 art. 25, jfr. EØFG-loven § 1. Departementet kan gi regler om fastsettelse og beregning av tvangsmulkt og om ettergivelse av ilagt mulkt. Vedtak om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 10-6 (lovens anvendelse på Svalbard og Jan Mayen) skal lyde:

Kongen kan i forskrift bestemme om loven helt eller delvis skal gjøres gjeldende på Svalbard og kan fastsette særlige regler av hensyn til de stedlige forhold.

III

I lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs skal det gjerast desse endringane:

§ 79 andre ledd nr. 2 skal lyde:

2)Enhetsregisteret, dersom skyldnerens virksomhet er innført der,

§ 79 andre ledd noverande nr. 2 og 3 blir nr. 3 og 4.

§ 138 andre ledd første punktum skal lyde:

Føreren av Konkursregisteret sørger for at avsluttet bobehandling blir meldt til de registre som er nevnt i § 79 annet ledd nr. 1, 2, 3 og 4.

§ 138 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Er skyldneren en stiftelse eller en sammenslutning med begrenset ansvar, og bobehandlingen er endelig avsluttet i henhold til §§ 128 og 135, skal føreren av Konkursregisteret samtidig anmode om sletting av sammenslutningen i Enhetsregisteret og Foretaksregisteret.

IV

I lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett skal § 1-3 andre ledd første punktum lyde:

Fristdagen ved tvangsoppløsning etter konkurslovens regler av aksjeselskaper i medhold av aksjeloven § 16-15, jf § 16-18, og av allmennaksjeselskaper i medhold av allmennaksjeloven § 16-15, jf § 16-18, er dagen da kunngjøring som nevnt i aksjeloven § 16-16 annet ledd eller allmennaksjeloven § 16-16 annet ledd for vedkommende selskap ble kunngjort i Brønnøysundregistrenes elektroniske kunngjøringspublikasjon.

V

Ikraftsetjings- og overgangsreglar

1. Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei ulike føresegnene til ulik tid.

2. Einingar eller føretak som er registrerte før endringane i einingsregisterlova § 23 første ledd første punktum og føretaksregisterlova § 10-2 første ledd første punktum blir sette i kraft, må oppfylle dei nye krava om kva dokument, brev og kunngjeringar skal innehalde innan to år etter at lova har teke til å gjelde.

3. Føretak som er stifta før endringane i føretaksregisterlova § 3-2 andre ledd blir sette i kraft, skal endra vedtektene sine i samsvar med lova innan to år etter at lova har teke til å gjelde.

Oslo, i næringskomiteen, den 16. november 2004

Olav Akselsen May-Helen Molvær Grimstad
leiar ordførar