Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med forslag der videregående opplæring i friskoleloven defineres på samme måte som i opplæringsloven.

Forslag fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen:

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) gjøres følgende endringer:

Forslag 2

§ 2-1 andre ledd skal lyde:

Vertskommunen kan gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.

§ 2-2 andre ledd skal lyde:

Vertsfylket kan gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.

Forslag 3

§ 2-2 tredje ledd skal lyde:

Retten til godkjenning, jf. første og andre ledd, gjeld også norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet, internasjonale frittståande vidaregåande skolar i Noreg og frittståande vidaregåande skolar oppretta for funksjonshemma. Skolar oppretta for vaksne kan etter søknad godkjennast særskilt etter ei samla vurdering. Før ein internasjonal frittstående vidaregåande skole, ein vidaregåande skole for funksjonshemma eller skolar for vaksne blir godkjend, kan vertsfylket gi fråsagn i saka.

§ 2-2 nytt femte ledd skal lyde:

Eksisterande skolar godkjende og drevne for vaksne både med og utan rett kan oppretthaldast med tilskot ut fra den godkjenninga dei har.

Nåværende femte, sjette og syvende ledd blir sjette, syvende og nytt åttende ledd.

§ 3-1 andre ledd skal lyde:

Ved inntak til frittståande vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslovas § 4-3. Vaksne utan rett til opplæring etter opplæringslova kan takast inn, men prioriterast etter vaksne med rett til vidaregåande opplæring. Skolar for funksjonshemma og skolar godkjende for vaksne kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett. Den frittståande skolen skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev. Den frittståande skolen skal også kunne delta i yrkesprøvingsarbeidet innafor dei studieretningane som skolen er godkjend for. Norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet kan ikkje ta inn vaksne.

Forslag 4

§ 3-3 fjerde ledd skal lyde:

Opplæringsloven § 3-1 fjerde ledd om omval gjeld tilsvarande for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova.

Forslag 5

§ 5-1 første ledd nytt andre og tredje punktum skal lyde:

Styret er valt av eigaren, som fastset kor mange medlemmer og varamedlemmer styret skal ha. Med samtykke frå departementet kan to eller fleire skolar har sams styre.

Nåværende andre punktum blir nytt fjerde punktum.

Forslag 6

§ 6-2 tredje ledd nytt femte punktum skal lyde:

Det same gjeld for skolar som har eit anerkjent fagleg-pedagogisk alternativ med dokumenterte meirkostnader ut frå dette.

Nåværende femte punktum blir nytt sjette punktum.

Forslag 7

I § 6-1 endres samtlige tilskuddssatser til frittstående grunnskoler fra 85 % til 100 %.

§ 6-3 andre ledd nr. 1 første punktum skal lyde:

For vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2, blir 100 % av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot.

§ 6A-8 første ledd første punktum skal lyde:

For skolar godkjende etter § 6A-1 blir 100 % av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot.

Forslag 8

§ 6A-3 nytt første og andre ledd skal lyde:

Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for dei som fyller vilkåra for inntak. Desse vilkåra skal framgå av inntaksreglementet til skolen. Andre vilkår for inntak enn dei som gjeld i offentlege vidaregåande skolar, kan setjast for å sikre at elevane kan gjere seg nytte av den yrkesretta opplæringa skolen gir.

Skolane kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.

§ 6A-3 tredje ledd første punktum skal lyde:

Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser vilkåra for inntak og prioriteringa av søkjarane, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen.

Forslag 9

Stortinget ber Regjeringen utvide tilskuddsgrunnlaget til frittstående skoler til også å omfatte kapitalutgifter fra og med skoleåret 2005/2006.