Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Departementet gjer framlegg om ein ny lovregel i kontantstøttelova som vil gjere at føresegnene i trygdedelen i EØS-avtalen blir gjeldande for personar som arbeider på den norske kontinentalsokkelen, slik at dei får rett til kontantstøtte i same utstrekning som personar som arbeider på land.

Vidare gjer departementet framlegg om ei endring av ordlyden i nokre av føresegnene i lova. Dette er tekniske endringar som følgjer av at kontantstøtta no blir utbetalt til personar i fleire land enn Noreg.

Regjeringa meiner at Noreg ikkje har plikt til å gjere føresegnene i trygdedelen av EØS-avtalen gjeldande på den norske delen av kontinentalsokkelen.

I 2001 valde Stortinget å endre folketrygdlova og barnetrygdlova slik at arbeid på den norske delen av kontinentalsokkelen blei likestilt med arbeid på land når det gjeld rett til ytingar etter desse lovene.

Departementet meiner at dei vurderingane som låg til grunn for endringane i barnetrygdlova og folketrygdlova, nemleg at det ville vere rimeleg og rettferdig overfor dei som arbeider på sokkelen, gjer seg gjeldande på same vis når det gjeld kontantstøtta. Vidare kan departementet ikkje sjå nokon grunn til å ha andre reglar for kontantstøtta enn dei som gjeld for barnetrygda.

På bakgrunn av dette føreslår departementet å endre kontantstøttelova slik at arbeidarar på den norske kontinentalsokkelen får rett til kontantstøtte, og såleis blir stilte likt med dei som arbeider på land.

Departementet føreslår at endringa i kontantstøttelova blir gitt verknad frå kontantstøtteordninga blei innført, dvs. 1. august 1998.

Departementet meiner at ein må setje ein frist for å setje fram krav om etterbetaling av kontantstøtte etter den nye føresegna. Denne fristen kan setjast til 1. januar 2006.

Departementet meiner at den praksisen ein har i dag med å krevje at barnet ikkje, eller berre delvis, går i barnehage som får offentleg tilskot, er i samsvar med kontantstøttelova. For å unngå eventuelle mistydingar som ordlyden i den nogjeldande lova kan skape, ser likevel departementet at det kan vere ein fordel å endre nokre av føresegnene i lova. Dei føreslåtte lovendringane inneber ingen realitetsendringar når det gjeld retten til kontantstøtte, korkje for personar busette i Noreg eller for personar busette i utlandet.

Meirkostnadane ved den endringa som er føreslått, er rekna ut til å bli på mellom 1,5 og 2 mill. kroner per år. Etterbetaling av kontantstøtte vil utgjere mellom 5 og 10 mill. kroner for perioden frå og med 1. august 1998 til og med 31. desember 2003. Overslaget er noko usikkert.