Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Morten Lund, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, sluttar seg til Regjeringa sitt forslag til lov om endringer i lov 6. desember 1996 nr. 75 om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon mv. av finansinstitusjoner.

Komiteen viser til at lovforslaget må sjåast i samanheng med fusjoneringa av bankeiningane i tidlegare DnB og Gjensidige Nor til den nye DnB Nor Bank, og trongen for endringar som har oppstått i samband med denne. Komiteen viser til at forslaget medfører samanslåing av Sparebankenes sikringsfond og Forretningsbankenes sikringsfond til eitt felles fond. Føremålet er å oppnå ei betre spreiing av risiko. Trongen for betre risikospreiing er auka i og med fusjoneringa av bankeiningane.

Komiteen sluttar seg til Regjeringa sitt forslag om ei samanslåing av fonda, og viser til at dette vil gi ei betre risikospreiing og med det, auka slagkraft. Komiteen viser til at eit samanslått fond vil ha ein risikoutjamnande effekt som set det betre i stand til å ivareta oppgåva med å sikre innskott i bankane, sjølv om forslaget fører til reduksjon i kravet om ansvarleg kapital i fondet. Dette vil mellom anna vere eit føremun for medlemsbankane i høve til å konkurrere med bankar som står utanfor den norske sikringsordninga.

Komiteen vil peike på at konsekvensar for vanlege innskytarar, i første rekke vil vere knytt til storleiken av innskottsgarantien. Regjeringa sitt forslag går ut på å halde fast på 2-millionarsgrensa, noko som vil gi ein innskytar garanti om full dekning av innskott på inntil 2 mill. kroner, om ikkje ein bank kan gjere opp for seg. Komiteen viser til at dette er i samsvar med tidlegare, og vesentleg meir enn i andre land, mellom anna EU sitt minstekrav. Komiteen kan difor vanskeleg sjå at samanslåinga skal ha konsekvensar for forbrukaren.

Komiteen sluttar seg til Regjeringa sitt forslag om at dagens medlemer av Sparebankenes sikringsfond bør kompenserast for at deira fond er høgare kapitalisert, og at dette vert gjort i form av eit særskilt tidsavgrensa unntak frå plikta til å betale avgift, og at denne perioden med unntak frå avgiftsplikt vert sett til tre år.