Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Justisdepartementet gjer i proposisjonen hovudsakleg framlegg om endringar i foreldingslova og finansavtalelova.

I foreldingslova foreslår departementetet tre materielle endringar. Det blir for det første foreslått at foreldingsfristen skal bli avbroten når krav mot forvaltninga blir fremja for Stortingets ombodsmann for forvaltninga (Sivilombodsmannen). I dag stansar ikkje foreldingsfristen ved at saka blir brakt inn for Sivilombodsmannen. Dette inneber at ein kan risikere at kravet mot forvaltninga blir forelda før ombodsmannen kjem med si fråsegn.

For det andre foreslår departementet at ein skal kunne avbryte foreldingsfristen ved å setje fram krav om tvangsfullbyrding mot rette styresmakt i framand stat. Ein føresetnad for dette er at Noreg har ein avtale med denne staten om godkjenning og fullbyrding av slike krav. For tilfelle der Noreg ikkje har avtale om inndriving i den staten der skyldnaren oppheld seg, foreslår departementet ein regel om tilleggsfrist som eit alternativ til å måtte gå til søksmål i vedkomande stat.

Det tredje endringsforslaget gjeld regelen om forelding av krav på skadebot (erstatning) for personskade. Departementet foreslår her at den absolutte foreldingsfristen på 20 år ikkje skal gjelde for personskadar som er valda medan skadelidne var mindreårig. Formålet er å hindre at slike krav er forelda når skadelidne blir klar over skaden og høve til å fremje erstatningskrav. Forslaget vil truleg i første rekke ha noko å seie for krav som grunnar seg på seinskadar.

Forslaget til endring av finansavtalelova går ut på at kapittel 3 om låneavtalar og kapittel 4 om kausjon skal gjelde fullt ut når ein kommune eller ein fylkeskommune er långivar eller kausjonskreditor.

I høyringsnotatet av 19. juli 2002 foreslås det at foreldelse avbrytes når fordringshavaren bringer ein tvist om krav mot forvaltninga inn for Stortingets ombodsmann for forvaltninga. Departementet foreslo òg at det skulle setjast ein tilleggsfrist dersom Sivilombodsmannen hadde uttalt kritikk og bede forvaltningsorganet om å sjå på saka på ny. Departementet oppfordra høyringsinstansane til å vurdere om denne fristen burde vere på eitt eller tre år. Dei som har uttalt seg om dette har delt seg i to nokså jamstore grupper. Nokre, m.a. Sivilombudsmannen, går inn for at fristen skal vere på tre år.

Justisdepartementet går etter høyringsrunden inn for at ei klage til Sivilombodsmannen skal avbryte foreldinga av kravet. Slik hindrar ein at eit krav vert forelda mens Sivilombodsmannen handsamar saka. Ein slipper også å bringe ei sak som eignar seg for handsaming av Sivilombodsmannen inn for domstolane for å avbryte foreldingsfristen.

Forslaget skal ikkje gjelde avgjerder som gjeld forholdet mellom to private partar, til dømes om fostringstilskot til eit barn. Omsynet til den andre parten talar mot ei slik utsetjing av foreldinga av saka. I slike saker kjem dei omsyna som ligg bak foreldingsinstituttet inn med større tyngde.

Dersom Sivilombodsmannen realitetshandsamar saka og uttaler kritikk, foreslår Justisdepartementet at den nye foreldingsfristen skal vere på tre år.

Dersom Sivilombodsmannen si realitetshandsaming av saka ikkje fører til kritikk av forvaltninga, bør på den andre sida ei utsetjing av foreldingsverknaden på eitt år vere nok. Departementet legg til grunn at det normalt ikkje er så vanskeleg for ein privatperson å forstå at saka ikkje medfører kritikk av forvaltninga at det kan forsvare ei like lang utsetjing som då vil gjelde. Leier ikkje Sivilombodsmannens handsaming av saka til kritikk, er det nok også mindre sannsynleg at den private vinn fram om saka blir ført for retten.

Departementet foreslår at denne løysinga også skal gjelde om saka blir avvist. Er årsaka til avvisinga derimot "forsettlige forhold fra fordringshaverens side", tek foreldinga til igjen når saka er avvist av Sivilombodsmannen. Kva som skal reknast for å vere forsettlege forhold hos klagaren, må byggje på ei konkret vurdering.

Det foreslås i høyringsnotatet at for krav som skal inndrivast i fremmand stat, avbrytes foreldelse ved at det settes fram begjæring om slik inndrivelse overfor vedkomande myndighet her i riket eller i den fremmande stat i samsvar med overenskomst med staten om inndrivelse der. Det fremsettes òg forslag om ein regel om tilleggsfrist for tilfeller der skyldnaren har fast bosted i eit land som Noreg ikkje har inngått overenskomst om inndriving med.

Alle høyringsinstansane er positive til endringsforslaga.

Justisdepartementet foreslår ein regel om avbrot av foreldingsfristen når det blir bede om tvangsinndriving av krav i utlandet. Vilkåret er at dette kan skje i samsvar med lov eller avtale med staten der innkrevjinga skal finne stad. Departementet tek med forslaget sikte på å betre dekningsutsiktane for dei fordringshavarane dette vedkjem. Justisdepartementet foreslår samstundes ein regel om tilleggsfrist når det ikkje ligg føre lovregel eller avtale med ein annan stat om hjelp til inndriving av krav der. Dette vil gi ein fordringshavar som har eit krav mot ein skyldnar i utlandet, eit betre vern mot forelding. Forslaget vil første og framst ha verknad for privatrettslege krav.

Når det gjeld forslaget om ikkje å ha ei maksimal foreldingsfrist, har dette ei viktig side til dei grunnleggjande omsyna som foreldingsreglane kviler på. Departementet finn det difor ikkje rett å gå inn på eit slikt forslag utan at det har vore på ei brei høyring.

I høyringsnotatet foreslo Justisdepartementet at den absolutte foreldingsfristen på 20 år ikkje skal gjelde for personskadar som er valda medan skadelidne var mindreårig.

Justisdepartementet foreslår etter høyringsrunden å endre foreldingslova § 9 nr. 2 som foreslått i høyringsnotatet. Dette vil gi krav som grunnar seg på skader påført mens skadelidne var barn, eit betre vern mot forelding. Å utvide unntaket frå hovudregelen til å gjelde generelt, synest derimot ikkje å ha så tungtvegande grunnar for seg at det kan forsvare ei tilsidesetjing av dei omsyna foreldingsinstituttet kviler på.

I høyringsnotatet vart det sett fram to alternative forslag som innebærer at kommunal utlånsvirksomhet helt eller delvis vil bli omfattet av finansavtalelova. Begge forslagene innebærer at lån fra (primær)kommuner og fylkeskommuner reguleres på samme måte.

Eit fleirtal av høyringsinstansane går inn for at verkeområdet til finansavtalelova kapittel 3 og 4 blir utvida til å gjelde for alle fylkeskommunale og kommunale lån.

Justisdepartementet har på grunnlag av høyringsrunden kome til at finansavtalelova kapittel 3 om låneavtalar og kapittel 4 om kausjon bør gjelde fullt ut når ein kommune eller ein fylkeskommune er långivar eller kausjonskreditor. Ei slik endring vil innebere både ei betre varetaking av forbrukarinteressene og ei klargjering av rettstilstanden.

Justisdepartementet legg særleg vekt på at ei utviding av verkeområdet til finansavtalelova vil medføre eit kvalitativt styrka forbrukarvern. Departementet meiner det er vanskeleg å forsvare at forbrukarane skal ha eit svakare vern dersom långivaren er ein kommune, enn dersom långivaren er ein vanleg bank. For forbrukarane er det i alle høve tale om å ta på seg skyldnader som kan ha store konsekvensar for deira personlege økonomi.

Justisdepartementet meiner vidare at ei regelendring er ønskeleg for å klargjere rettstilstanden. Etter dagens reglar gjeld enkelte av føresegnene i kapittel 3 dersom ein kommune driv med ervervsmessig låneverksemd overfor forbrukarar, eller dersom ei kommunal pensjonskasse yter lån. I praksis er det ofte vanskeleg å avgjere om ein kommune driv med ervervsmessig låneverksemd overfor forbrukarar. Etter departementet sitt syn er verken kommunane eller forbrukarane tente med eit regelverk som er eigna til å skape stor grad av rettsuvisse hos begge partar. Slik Justisdepartementet ser det, talar omsynet til eit klart og lett tilgjengeleg regelverk for ei uttrykkjeleg regulering av i kva grad kommunal og fylkeskommunal utlånsverksemd skal vere omfatta av finansavtalelova.

Forslaget om at foreldingsfristen skal bli avbroten når ei sak blir fremja for Sivilombodsmannen, vil truleg ikkje ha mykje å seie for arbeidssituasjonen til verken Sivilombodsmannen eller domstolane. Ein legg til grunn at ein eventuell auke i arbeidsmengda vil la seg dekkje innanfor eksisterande budsjettrammer.

Avbryting av foreldingsfristen når eit krav om inndriving i utlandet blir sett fram, vil truleg føre til innsparingar for fordringshavaren. Ein privat fordringshavar vil etter forslaget sleppe å gå til sak i utlandet for å avbryte foreldingsfristen. For staten som fordringshavar for offentlegrettslege krav fører forslaget til at ein får høve til å avbryte foreldingsfristen i fleire saker enn i dag. Færre offentlegrettslege krav vil etter dette truleg falle bort som forelda.

Regelen om tilleggsfrist dersom skyldnaren etter at kravet oppstod tek opphald i ein stat ein ikkje kan drive inn kravet i, vil truleg føre til at fordringshavaren i nokre fleire saker kan få drive inn fordringa si her i landet. Fordringshavaren sparar dessutan eventuelle meirutgifter som det å reise sak i utlandet vil føre med seg. At fordringshavaren noko oftare enn før går til sak eller krev inndriving her i landet, kan gje noko meir arbeid for domstolane og/eller namsmennene.

Forslaget om at det ikkje skal vere nokon absolutt foreldingsfrist i saker om erstatning for personskade påført skadelidne medan vedkomande var mindreårig, inneber at det kan bli nokre fleire erstatningssaker. For dei involverte partane vil det medføre meirarbeid, både der kravet fører fram, og der det ikkje gjer det. Endar saka for domstolane, vil også deira arbeidsmengde auke.

Forslaget om at finansavtalelova kapittel 3 og 4 skal gjelde fullt ut for kommunal utlånsverksemd, kan tenkjast å medføre auka kostnader for kommunane, fordi sakshandsaminga må vere noko grundigare ved inngåing av avtalar om kommunale lån. Departementet legg til grunn at ei omlegging av rutinane ikkje vil medføre meirkostnader av særleg omfang.