6. Endring i artistskattelova
Etter dei nye reglane om skattemessig bustad vil ein person som oppheld seg i Noreg i meir enn 183 dagar i kva som helst 12-månadersperiode, bli rekna som skattemessig busett her. Alternativt vil opphald på meir enn 270 dagar i kva som helst 36-månadersperiode føre til at personen blir rekna som skattemessig busett.
Det er naturleg at skattlegginga av utanlandske artistar følgjer dei nye reglane om skattemessig bustad. Departementet føreslår derfor at ein utanlandsk artist blir skattlagt etter dei særlege artistskattereglane så lenge personen ikkje blir rekna som busett her etter dei alminnelege skattereglane. Skattlegging etter artistskattelova vil falle bort dersom artisten oppfyller vilkåra for å bli rekna som skattemessig busett etter dei nye reglane i skattelova § 2-1 andre ledd. På same måten som i dag bør likevel den skatten som er trekt etter artistskattelova § 7 for inntektsåra før det inntektsåret da artisten blei rekna som busett her, reknast som endeleg skatt utan likning.
Departementet viser til det vedlagte forslaget til endring i artistskattelova § 1.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.