4. Nye reglar i skattebetalingslova om innhenting av kontrollopplysningar frå tredjepersonar
Finansdepartementet legg i proposisjonen fram eit forslag om å innføre reglar om innhenting av kontrollopplysningar om ein namngitt arbeidstakar eller andre namngitte personar frå tredjemann, utan hinder av teieplikt. Det blir også føreslått å innføre reglar om klage og tvangsmulkt.
Skatteoppkrevjaren skal kunne nytte opplysningane når han eller ho kontrollerer om arbeidsgivarane i kommunen gir oppgåver og opplysningar i samsvar med skattebetalingslova og folketrygdlova med tilhøyrande forskrifter. Det same gjeld for plikta til å levere lønns- og trekkoppgåve etter likningslova.
Likningsstyresmaktene har i dag heimel til å innhente ymse slags kontrollopplysningar frå ulike tredjepersonar i medhald av likningslova. På same vis har avgiftsstyresmaktene heimel til å innhente kontrolloppgåver etter meirverdiavgiftslova.
Arbeidsgivarkontrollen er viktig som ledd i det arbeidet det offentlege gjer med innkrevjing av skatt og folketrygdavgift. Gjennom ordninga med forskotstrekk og arbeidsgivaravgift blir det meste av lønnsskattlegginga kanalisert gjennom arbeidsgivarane. Lønn er provenymessig det absolutt største av alle skattegrunnlag, og kontrollen med grunnlaget må haldast på eit høgt og aktivt nivå. Den stadlege arbeidsgivarkontrollen har fått eit mindre omfang og ein lågare kvalitet enn det ein har gått ut frå. Innføring av ein heimel til å innhente kontrollopplysningar frå tredjepersonar er eit tiltak som vil kunne sikre ei meir effektiv utnytting av eksisterande kontrollressursar.
Dei opplysningane som det etter forslaget skal bli mogleg å innhente frå ulike tredjepersonar, har arbeidsgivaren sjølv plikt til å gi. Det er derfor ikkje slik at kontrollorgana gjennom dette forslaget får tilgang til nye typar av opplysningar. Tilgangen til opplysningar frå tredjepersonar er særleg viktig der arbeidsgivaren sjølv ikkje kan, eller ikkje vil, gi dei opplysningane vedkomande har plikt til å gi. I slike høve vil opplysningar frå tredjepersonar kunne avkrefte eller stadfeste mistanke om manglande etterleving av regelverket. Tilgang til opplysningar frå tredjepersonar vil også gjere det lettare å påvise feil eller manglar i utrekningar gjort av arbeidsgivarane, i meldingar frå arbeidsgivarane og i oppgjer for skattetrekk og arbeidsgivaravgift.
Ordninga med innbetaling og melding av skattar og avgifter er i stor grad eit system som byggjer på tillit, og det er viktig å kontrollere at dette systemet fungerer tilfredsstillande i praksis. Å innhente opplysningar via likningsstyresmaktene, noko som er mogleg i dag, blir i mange høve ikkje vurdert som den mest tenlege løysinga. Det kan nemleg føre til at kontrollarbeidet blir forseinka, i tillegg til at likningsstyresmaktene ikkje alltid vil sitje inne med dei ønskte opplysningar. Det er eit stort behov for kontrollopplysningar som ledd i arbeidsgivarkontrollen. Det er snakk om store beløp som skal krevjast inn, og potensialet for økonomisk motiverte unndragingar er minst like stort her som på skatte- og avgiftsområdet elles. I kontrollsamanheng vil innhenting av opplysningar frå tredjepersonar kunne hjelpe til å avdekkje skatte- og avgiftsunndragingar, i tillegg til å avdekkje andre former for økonomisk kriminalitet. Dersom opplysningane allereie ligg føre på likningskontoret, er det ein føresetnad at skatteoppkrevjaren heller får dei derifrå, slik at ikkje opplysningsgjevaren må levere dei same opplysningane til fleire skatteorgan.
Dei føreslåtte reglane vil føre til at likningsstyresmaktene i større grad enn i dag slepp å svare på førespurnader frå skatteoppkrevjarar i einskildsaker. I staden for å innhente dei aktuelle opplysningane frå likningsstyresmaktene, vil skatteoppkrevjarar med vidare no kunne sende ein direkte førespurnad til ein tredjeperson. I utgangspunktet vil dei nye reglane heller ikkje føre til auka arbeidsmengd for skatteoppkrevjaren, fordi han også etter dei nogjeldande reglane må sende ein førespurnad i kvar konkrete sak. For skattestyresmaktene sett under eitt er det venta at reglane vil gi ein effektiviseringsgevinst.
Ein rett til å innhente opplysningar frå tredjepersonar vil også sikre ei meir effektiv utnytting av eksisterande kontrollressursar. Dei nye reglane gjer at skatte- og avgiftsunndragingar kan blir avdekte i større grad enn tidlegare. Det er venta at ei kvalitativ forbetring av arbeidsgivarkontrollen også vil gi auka skatteinngang. Det er store beløp som kjem inn på lønnsområdet, og jamvel mindre endringar vil kunne gi utslag.
Når det gjeld dei tredjepersonane som det vil vere aktuelt å innhente opplysningar frå, så vil dei allereie i dag ha system for slik utgiving av informasjon, til dømes til likningsstyresmaktene. Det vil vere dei same typane opplysningar som dei aktuelle tredjepersonane i dag gir til likningsstyresmaktene, som det no vil vere aktuelt å sende ein førespurnad til tredjepersonar om i medhald av skattebetalingslova. Som ei følgje av dette forslaget og forslaget i kapittel 3 om endringar i likningslova § 6-4 og meirverdiavgiftslova § 48 vil mellom anna bankane måtte gi meir utfyllande opplysningar enn dei gjer i dag. På den andre sida har bankane i dag ein del arbeid med å sladde dei opplysningane dei leverer ut til likningsstyresmaktene. Dette vil dei no sleppe, og departementet meiner såleis at dei aktuelle tredjepersonane alt i alt ikkje vil bli påførte noka særleg meirbelastning som følgje av forslaga. Det kan likevel tenkjast at dei føreslåtte reglane vil kunne gi ein viss auke i talet på førespurnader, men departementet har vanskeleg for å sjå at det som ei følgje av dei nye reglane må påreknast vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for dei aktuelle tredjepersonar. Grunnen til det er mellom anna at det i tida framover vil bli lagt stor vekt på at skattestyresmaktene legg til rette for tenlege samarbeidsrutinar mellom dei ulike organa innanfor skatteetaten, slik at dei same kontrollopplysningane berre blir innhenta ein gong.
Departementet føreslår at endringane tek til å gjelde straks.
Det visast til proposisjonen for ein nærmare omtale av forslaga.
Komiteen slutter seg til Regjeringens vurderinger og forslag.