7. Økonomiske og administrative konsekvensar
Den viktigaste administrative konsekvensen av lovforslaget er at den sentrale forvaltninga vil få nye oppgåver. Godkjenningsstyresmaktene vil måtte gjere seg nytte av ekspertise i forvaltnings- og forskingsinstitusjonar i dei sektorane forslaget vedgår. Dette gjeld særleg helse, landbruk, fiskeri og miljøvern. Departementa vil på sine respektive område bli pålagde eit særleg ansvar for å vurdere teknologiske og etiske aspekt ved biologisk og medisinsk grunnforsking på området.
Det vil ikkje medføre vesentlege kostnader å forvalte forbodet på kort og mellomlang sikt.
Bioteknologinemnda vil etter forslaget få utvida ansvarsområde.
Når det gjeld verknader for forskingsmiljøa og næringslivet, vil forslaget innebere ei avgrensing i høve til aktørar som driv tilsvarande verksemd i andre land.