1. Sammendrag
- 1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 1.2 Prøving av ekteskapsvilkåra
- 1.3 Forslag om å gi fylkesmannen høve til å reise sak om eit ekteskap er gyldig eller ikkje gyldig
- 1.4 Endring i barnelova
- 1.5 Vigselrett til livssynssamfunn
Barne- og familiedepartementet legg fram forslag til endringar i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap (ekteskapslova) og i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova). I samband med arbeidet med ekteskapslova av 1991 peikte departementet på nokre problematiske sider ved i stadig aukande grad å tildele vigselkompetanse til trussamfunn av ulik religiøs, kulturell, etnisk og språkleg bakgrunn. Stortinget bad departementet om å følgje utviklinga av ulike trussamfunn nøye, med tanke på faren for at talet på ugyldige vigslar skal auke. Noreg er i dag eit fleirkulturelt samfunn, og departementet vil derfor foreslå nokre lovendringar som tek omsyn til dette på ein betre måte, og som samtidig er eit ledd i ein fornya innsats frå Regjeringa mot tvangsekteskap.
Departementet foreslår å innføre obligatorisk borgarleg prøving av ekteskapsvilkåra, og at det er folkeregistra som skal stå for denne prøvinga. Det inneber at vigslarane kan konsentrere seg om dei seremonielle og religiøse sidene ved vigselen. Som ei følgje av at vigslaren ikkje lenger skal prøve ekteskapsvilkåra, blir det foreslått at ein vigsel utført i Noreg, ikkje er gyldig utan at det ligg føre ein gyldig prøvingsattest.
Departementet går også inn for at ekteskapslova får ei ny føresegn som gir fylkesmannen høve til å reise sak om eit ekteskap er gyldig eller ikkje. Departementet foreslår vidare at det blir teke inn ei ny føresegn i barnelova som gjer det tydeleg at foreldre eller andre ikkje kan gjere ein bindande avtale om ekteskap på vegner av barnet.
Departementet fremjar samtidig forslag om at reglane i ekteskapslova om kven som kan utføre ein vigsel, blir utvida til å gjelde også seremonileiarar eller tilsvarande i livssynssamfunn som får tilskot etter lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn, når Kongen har godkjent forma.
Ei ordning med offentleg prøving av ekteskapsvilkåra for alle vil etter departementet si vurdering truleg føre til at ekteskapsvilkåra blir grundigare prøvde enn det som i mange tilfelle skjer i dag. Det kan vere ein effektiv måte å få bukt med dei problema som er avdekte om brot på ekteskapslova og manglande rutinar i samband med prøvinga av ekteskapsvilkåra. Noreg er i dag eit fleirkulturelt samfunn, og det gir utfordringar i høve til norskkunnskapar og norsk lovforståing i trussamfunn som representerer innvandrarbefolkninga. Departementet legg til grunn at innføring av obligatorisk borgarleg prøving av ekteskapsvilkåra særleg kan kome desse utfordringane i møte. Forslaget gjer det også lettare å sikre at dei som skal stå for prøvinga, har god kunnskap om regelverket. Det blir då også mogleg å føre ein grundigare kontroll av om ein av brudefolka er gift frå før, og at norsk ekteskapsalder blir følgt. Ved å innføre ei offentleg prøving av ekteskapsvilkåra ønskjer departementet også å oppnå at talet på tvangsekteskap blir redusert. Departementet legg til grunn at offentleg tilsette som er underlagt instruksjon, har lettare for heilt objektivt å kontrollere at brudefolka inngår ekteskap frivillig, enn til dømes ein forstandar i eit trussamfunn eller ein prest i ein kyrkjelyd, som kan vere under press frå trussamfunnet/kyrkjelyden under prøvinga.
At det berre er éin instans, kan vere mest fordelaktig, ettersom det kan gi ei betre og meir einsarta saksbehandling, eit syn som mange av høyringsinstansane støttar. Etter departementet si vurdering bør derfor obligatorisk borgarleg prøving leggjast til éin instans, men av praktiske grunnar bør prøvingskompetansen til norsk utanrikstenestemann vidareførast.
Folkeregisteret er ein instans som er godt eigna til å overta prøvinga av ekteskapsvilkåra. Folkeregistra har tilgjengeleg mykje av den informasjon som er viktig for prøving av ekteskap, og er såleis nærmast grunnlagskjelda for dei opplysningane som skal kontrollerast.
Folkeregistra får såleis betre høve til å kontrollere at dei opplysningane partane gir, er rette, enn dei instansane som i dag står for prøvinga.
Ei overføring av oppgåva med prøving av ekteskapsvilkåra til folkeregistra har den ulempa at brudefolka må vende seg til to instansar, først folkeregisteret, dernest den vigslaren som skal utføre sjølve vigselen. Men departementet kan ikkje sjå at det er noka stor ulempe for partane.
Departementet meiner, i likskap med eit stort fleirtal av høyringsinstansane, at kompetansen til å prøve ekteskapsvilkåra bør flyttast frå vigslarane til folkeregisteret. Omsynet til likebehandling og nøytralitet taler for at prøvinga blir flytta frå alle vigslarar.
Etter departementet si vurdering er det uheldig om prøvinga blir delt mellom folkeregistra og notarius publicus. I tillegg til at ei slik kombinert løysing verkar uoversiktleg og kan skape komplikasjonar for brukarane, kan ordninga føre til ulik praksis.
Departementet foreslår at all prøving av ekteskapsvilkår i Noreg skal leggjast til folkeregisteret.
Departementet held fast på forslaget om at fylkesmannen framleis skal vere klageinstans.
Som ei følgje av at prøvinga blir foreslått overført til ein annan instans enn den som er vigslar, er det nødvendig at det blir skrive ut ein attest som viser at vilkåra er prøvde, og at det ikkje er noko til hinder for at brudefolka kan inngå ekteskap. Vigslaren må få prøvingsattesten før vigselen kan gjennomførast. Departementet held på forslaget i høyringsnotatet om at prøvingsattesten skal gjelde i fire månader.
Departementet held også på forslaget i høyringsnotatet om at ein vigsel som er utført i Noreg, ikkje er gyldig etter norsk rett dersom det ikkje ligg føre gyldig prøvingsattest frå folkeregisteret. Som gyldig prøvingsattest gjeld også gyldig prøving gjort i eit anna nordisk land.
Departementet vil oppheve regelen i § 10 andre ledd om at det vanlegvis skal gå ei veke frå dokumentasjon blir innlevert, til ein prøvingsattest kan skrivast ut. Departementet kan ikkje sjå at det skal vere grunn til å vente med å skrive ut prøvingsattest dersom den nødvendige dokumentasjonen ligg føre.
På bakgrunn av at departementet no foreslår at prøving av ekteskapsvilkåra skal leggjast til folkeregistra i alle saker, vil departementet halde på forslaget om at dette også skal gjelde for prøving av vilkåra i samband med registrering av partnarskap.
Departementet foreslår at prøvingskompetansen til norsk utanrikstenestemann blir vidareført.
Eit av dei sivilprosessuelle grunnprinsippa er disposisjonsprinsippet, som går ut på at det i stor grad står folk fritt korleis dei vil ordne rettsforholda sine. Ifølgje den privatrettslege disposisjonsfridommen er det opp til partane om dei vil bruke rettsapparatet, reise sak, gjennomføre eller fråfalle saka osv. I utgangspunktet taler dette imot å gi fylkesmannen høve til å reise sak om eit ekteskap er gyldig eller ikkje. Men samtidig og i visse tilfelle har det offentlege rett til, og som regel også plikt til, å reise sak eller opptre i ei sak som alt er reist, for å sikre dei offentlege interessene i saka.
Eit anna viktig motargument, som fleire høyringsinstansar peiker på, er at ei føresegn om at offentlege styresmakter har rett til å reise sak om eit ekteskap er gyldig, kan bli utan praktisk verknad, slik Ekteskapslovutvalet konkluderte. Det skal mykje til før det offentlege vil ta seg bryet med å gå til rettslege steg for å få avgjort spørsmålet om eit ekteskap er gyldig. Partane kan sjølve reise slik sak, og det kan argumenterast for at det er ei betre løysing at partane sjølve avgjer dette spørsmålet. Dersom ein av partane eller begge ønskjer ein stønad, ei teneste eller ein rett der det er avgjerande at ekteskapet er gyldig, er det ikkje urimeleg at dei sjølve må få avklart spørsmålet.
Departementet har likevel kome til at det i visse tilfelle kan vere ei sterk offentleg interesse i å få avklart spørsmålet om eit ekteskap er gyldig eller ikkje. Den sterke merksemda tvangsekteskap har fått dei siste åra, har vist at det kan vere eit større behov for ei slik avklaring enn det Ekteskapsutvalet gjekk ut frå. På bakgrunn av dette og den breie støtta frå fleirtalet av høyringsinstansane held departementet på forslaget.
Spørsmålet om eit ekteskap er gyldig eller ikkje, er praktisk å få avklart i tilfelle der den eine eller begge partar bruker falsk identitet ved inngåinga av ekteskapet.
Departementet vurderer det slik at heimelen m.a. kan nyttast der det kan stillast spørsmål om eit ekteskap inngått i utlandet, strir mot norsk rettskjensle (ordre public), til dømes på grunn av låg ekteskapsalder.
Den viktigaste grunngivinga for å gi fylkesmannen søksmålskompetanse i slike saker er at fylkesmannen kan ha høve til å reise sak der det er snakk om eit tvangsekteskap. Det kan vere til hjelp for ein part som meiner at det ligg føre tvangsekteskap, men som føler at det er ei for stor belastning å gå til sak sjølv.
Nokre høyringsinstansar meiner at søksmålskompetansen bør avgrensast til tvangsekteskapstilfella, andre er av den oppfatning at søksmålskompetansen bør vere generell. Etter departementet si vurdering bør det vere ein generell søksmålskompetanse, sidan det offentlege kan ha behov for å reise sak.
I høyringsnotatet blei det reist spørsmål om andre instansar enn fylkesmannen burde ha ein slik søksmålskompetanse.
Både trygdekontoret og utlendingsstyresmaktene kan ha behov for søksmålskompetanse på dette området. Også folkeregistra har i somme saker eit behov for å få ei avklaring av om eit ekteskap er gyldig eller ikkje.
Departementet ser at også andre instansar kan ha behov for å reise sak om eit ekteskap er gyldig, men er av den oppfatning at det er mest ryddig/oversiktleg og formålstenleg at slik søksmålskompetanse for andre enn partane blir avgrensa til fylkesmannen. Etter gjeldande rett kan fylkesmannen reise sak om oppløysing av ekteskap i visse tilfelle, og fylkesmannen hadde tidlegare ein slik generell kompetanse.
Sjølv om berre fylkesmannen får søksmålskompetanse, bør andre offentlege instansar ha høve til å be fylkesmannen om å vurdere å reise sak om eit ekteskap er gyldig. Eit slikt høve bør i så fall nyttast berre unntaksvis, for å få avklart prinsipielle saker, til dømes kan det vere spørsmål om eit utanlandsk inngått ekteskap strir mot norsk rettskjensle (ordre public) på grunn av låg ekteskapsalder. Det bør ikkje vere slik at alle saker der ein offentleg instans er i tvil om eit ekteskap er gyldig eller ikkje gyldig, skal leggjast fram for fylkesmannen. Heimelen bør nyttast når det vil vere svært uheldig at situasjonen ikkje blir avklart. Eit slikt tilfelle kan vere når det til dømes ligg føre ein straffedom for tvangsekteskap i saka, jf. straffelova § 222, og tvangsekteskapet består, då vil det kanskje vere nærliggjande at fylkesmannen reiser sak, jf. forslag til ny § 16 a. Også her bør det vere i samsvar med ønsket til den eller dei som har vore utsett for tvangen. Sjølv om det ligg føre ein straffedom for tvangsekteskap, kan vedkomande som har vore utsett for tvangen, ønskje å få ekteskapet oppløyst ved skilsmisse, til dømes av omsyn til barna, framfor å få dom for at ekteskapet er ugyldig.
Departementet er einig med dei høyringsinstansane som har uttalt at føresegna må nyttast med varsemd, på grunn av dei store konsekvensane ein dom som slår fast at eit ekteskap er ugyldig, kan få.
Tvangsekteskap kan vere ei stor påkjenning for den eller dei som har vore utsett for det. I fleire tilfelle har den som har vore utsett for tvangen, valet mellom å godta ekteskapet eller å bli utstøytt av familien. Etter departementet si oppfatning bør derfor fylkesmannen ikkje reise sak ved mistanke om tvangsekteskap med mindre det er gjort i forståing med ein eller begge ektemakane. Dette utgangspunkt verkar naturleg, då den eller dei som har vore utsett for tvangen, reint faktisk vil ha stor innverknad på utfallet av saka. I mange tilfelle kan det vere vanskeleg å få saka opplyst dersom ikkje vedkomande ønskjer at fylkesmannen skal gå til sak. Hans eller hennar forklaring vil ofte vere det viktigaste i saka.
Problemstillingar knytte til teieplikt og opplysningsplikt er reiste av nokre av høyringsinstansane. Når fylkesmannen skal vurdere om det er grunnlag for å reise sak ved mistanke om tvangsekteskap, kan fylkesmannen ha behov for å hente inn fråsegner frå andre instansar som har lovpålagt teieplikt. Departementet finn det ikkje formålstenleg å innføre ei opplysningsplikt for andre offentlege instansar ved mistanke om tvangsekteskap. Ei slik opplysningsplikt kan føre til ein risiko for at dei som har vore utsette for tvangsekteskap, vil vegre seg for å oppsøkje hjelpeapparatet. Det vil vere ein uheldig og utilsikta konsekvens. Det å gi fylkesmannen ein søksmålskompetanse vil ikkje ha følgjer for reglane om offentlege og private organ si teieplikt og opplysningsplikt.
På bakgrunn av den breie støtta frå høyringsinstansane ønskjer departementet å halde på forslaget om å ta inn ei føresegn i barnelova som seier uttrykkjeleg at avtalar om ekteskap på vegner av mindreårige ikkje er bindande. Ei lovfesting av dette prinsippet i barnelova kan vere eit verkemiddel i arbeidet med å opplyse miljø der det skjer at foreldre avtaler ekteskap for dei mindreårige barna sine. Ein slik effekt føreset, som nokre av høyringsinstansane peiker på, at lovregelen må gjerast kjent for målgruppa. Departementet vil derfor arbeide vidare med å finne fram til effektive måtar å gjere denne regelen kjent på.
I høyringsnotatet blei det drøfta om slike lovstridige avtalar om ekteskap for mindreårige skal kunne straffesanksjonerast, men departementet kom i høyringsnotatet til at det neppe var ein brukande veg å gå.
Departementet har vurdert problemstillinga på nytt, men har som i høyringsnotatet kome til at det ikkje er formålstenleg å straffesanksjonere slike lovstridige avtalar.
Departementet er einig med Kyrkjerådet, som foreslår eit tillegg i lovforslaget for å synleggjere at også avtalar som andre enn foreldra gjer om ekteskap for barn, ikkje er bindande. Av omsyn til signal- og opplysningseffekten ser departementet at det kan vere formålstenleg å tydeleggjere i lova at heller ikkje avtalar om ekteskap som andre, til dømes brør eller onklar, gjer på vegner av mindreårige, vil vere rettsleg bindande. Lovforslaget blir endra i tråd med forslaget frå Kyrkjerådet.
Departementet ønskjer å halde på forslaget om å likestille registrerte trussamfunn og livssynssamfunn ved å gi dei same høve til å få vigselkompetanse. Forslaget fekk brei støtte i høyringsrunden.
Eit argument som kan brukast mot å opne for å gi livssynssamfunn vigselkompetanse, er at det alt er eit godt utbygt og dekkjande system for borgarlege vigslar. Men Human-Etisk Forbund peiker på at dei ønskjer å tilby ein humanistisk vigsel- eller partnarskapsseremoni og ikkje ein livssynsnøytral seremoni, slik det borgarlege vigselritualet er.
Etter departementet si vurdering er det naturleg at Human-Etisk Forbund blir likestilt med registrerte trussamfunn når det gjeld retten til å utføre vigslar.
For at livssynssamfunn skal få vigselkompetanse på linje med registrerte trussamfunn, bør det opprettast ei godkjenningsordning tilsvarande den ordninga som gjeld for registrerte trussamfunn. Etter ekteskapslova § 12 a kan ein godkjent prest eller ein forstandar i eit registrert trussamfunn utføre vigslar dersom Kongen (delegert til Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA)) har godkjent forma for inngåing av ekteskap.
Departementet har i høyringsnotatet peikt på at det må takast stilling til kven som skal godkjennast som vigslar, og at desse vilkåra må ta utgangspunkt i dei vilkåra som blir stilte for å bli godkjent som prest eller forstandar i eit registrert trussamfunn. Dersom departementet skal setje slike vilkår, er det nødvendig med ein forskriftsheimel.
På denne bakgrunn held departementet på forslaget om å gi ein forskriftsheimel i ekteskapslova til å fastsetje vilkår for både tildeling og eventuell tilbaketrekking, og også til den enkelte vigslaren.
Det følgjer av ekteskapslova § 13 første ledd at ein prest i Den norske kyrkja og ein prest eller forstandar i eit registrert trussamfunn kan nekte å utføre ein vigsel dersom ein av brudefolka ikkje høyrer til trussamfunnet, eller dersom ingen av dei høyrer til kyrkjelyden.
Human-Etisk Forbund ønskjer ein tilsvarande reservasjonsrett som den som går fram av ekteskapslova § 13 første ledd. Sidan Human-Etisk Forbund vil tilby ein vigsel der humanistiske verdiar blir framheva spesielt som det grunnlaget paret vil byggje samlivet sitt på, ønskjer dei til dømes å ha rett til å nekte å utføre vigslar dersom ingen av partane er medlem av dette samfunnet.
Departementet vil halde fram at reservasjonsretten etter § 13 første ledd i ekteskapslova gjeld retten til å nekte å utføre ein vigsel dersom ein av brudefolka ikkje er medlem av trussamfunnet, eller ingen av dei høyrer til kyrkjelyden. Nekting på grunn av manglande kapasitet kjem ikkje inn under denne føresegna. Men departementet legg til grunn at i dei tilfella då det oppstår kapasitetsproblem, må problemet løysast på ein formålstenleg måte, til dømes ved ventelister.
Barne- og familiedepartementet foreslo i høyringsnotatet at også livssynssamfunn får ein slik reservasjonsrett som følgjer av ekteskapslova § 13 første ledd. Departementet held oppe forslaget. Forslaget samsvarer også med reglane for registrerte trussamfunn.