6. Eigedomsatterhald
Etter direktivet skal statane innanfor EØS-området syte for at ein seljar bevarer eigedomsretten til varer inntil kjøpesummen er fullt betalt, dersom eigedomsatterhald er uttrykkjeleg avtalt mellom seljaren og kjøparen før vara er levert, og eigedomsatterhaldet er gyldig etter det landet sine reglar som gjeld etter lovvalsreglane i den aktuelle staten.
Departementet uttalte i høyringsnotatet at det ikkje er naudsynt med endringar i norsk rett for å oppfylle direktivet sine krav, og ingen av høyringsinstansane har uttala seg om dette spørsmålet. Departementet held difor fast ved at direktivet ikkje gjer det naudsynt med endringar i dei norske reglane om eigedomsatterhald.