3. Forslag fra mindretall
Forslag fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at overgangsordningen for dagens privatskoler skal ha en tidsramme på tre år.
Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 2
Ny § 1-5 Skolefritidsordning skal lyde:
Skoleeier skal ha et tilbud om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. klassetrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. klassetrinn.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen legge fram en sak som gir kommunene avgjørelsesmyndighet ved etableringer av private skoler.
Forslag 4
Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å legge de øremerkede tilskuddene til privatskolene inn i rammetilskuddet til kommunene, beregnet ut i fra elevantall i kommunene.
Forslag fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen:
Forslag 5
§ 6-1 Offentlege tilskot til grunnskolar skal lyde:
Frittståande grunnskolar som er godkjende etter § 2-1 får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen.
1. Grunnskolar får tilskot av staten med 90 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst. av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar.
Tilskotet vert rekna ut på grunnlag av ein normalsats pr. elev, særskilt for barnesteget og ungdomssteget. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Ved utrekninga av normalsatsen, skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege grunnskulen til dei typar utgifter som går inn i tilskotsgrunnlaget, leggjast til grunn.
Departementet kan gi forskrifter.
2. Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot med 90 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst. av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar. Tilskotsgrunnlaget blir fastsett av Stortinget. Tilskotet blir knytt til ein normalsats per elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget rekna ut for grunnskolar i Noreg.
Skolane får statstilskot med 90 pst. til skyss og innlosjering. Departementet gir forskrifter om utrekning av skyssfråstand og utgiftsgrunnlag for skyss og innlosjering.
Forslag 6
§ 6-2 Elevane og dei offentlege tilskota, skolepengar skal lyde:
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode. Også skolar som tek imot offentlege tilskot som dekker driftsutgifter og kapitalutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane må ikkje setjast høgare enn det som trengst for at dei saman med statstilskotet anten dekkjer dei samla drifts- og kapitalutgiftene som svarer til utgiftsnivået ved tilsvarande offentleg skole som det er naturleg å samanlikne med, eller dei drifts- og kapitalutgiftene som naturleg følgjer av skolen sitt formål og/eller pedagogikk. Dersom styret fastset skolepengar baserte på ei utgiftsramme på meir enn 1/8 utover utgiftsnivået ved offentleg skole som det er naturleg å samanlikne med, trengst det godkjenning av departementet.
Forslag 7
§ 6-3 Offentleg tilskot til kompletterande undervisning og skolepengar skal lyde:
Frittståande vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2, får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen.
1. For vidaregåande skolar som kan godkjennast etter § 2-2 bokstav a, b eller d, blir 90 pst. av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
2. For vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstav e, blir 90 pst. av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst svarar til eit halvt skoleår.
3. Godkjende, norske vidaregåande skolar i utlandet får statstilskot med 90 pst. av ein normalsats per elev. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
Departementet kan gi forskrifter.
Forslag 8
§ 6-4 Elevane og dei offentlege tilskota, skolepengar for elevar i vidaregåande skolar skal lyde:
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode. Også skolar som tek imot offentlege tilskot som dekker driftsutgifter og kapitalutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane må ikkje setjast høgare enn det som trengst for at dei saman med statstilskotet anten dekkjer dei samla drifts- og kapitalutgiftene som svarer til utgiftsnivået ved tilsvarande offentleg skole som det er naturleg å samanlikne med, eller dei drifts- og kapitalutgiftene som naturleg følgjer av skolen sitt formål og/eller pedagogikk. Dersom styret fastset skolepengar baserte på ei utgiftsramme på meir enn 1/8 utover utgiftsnivået ved offentleg skole som det er naturleg å samanlikne med, trengst det godkjenning av departementet.
Forslag 9
§ 7-2 Tilsyn m.m. skal lyde:
NOKUT fører tilsyn med skolar godkjende etter denne lova samt private skolar godkjende etter opplæringslovas § 2-12, og skal i den samanhengen ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon.
Dersom det blir oppdaga forhold som står i strid med denne lova eller forskrifter gjevne med heimel i lova, kan NOKUT gi pålegg om å rette på forholda.
NOKUT varslar departementet om at tilskot skal haldast tilbake dersom pålegg om korrigeringar ikkje blir fylgde opp eller at godkjenning skal trekkjast tilbake med tilhøyrande bortfall av offentleg tilskot.
Foreldrerådet har myndigheit til å føre foreldretilsyn ved skolen ved valde representantar. Rapport frå foreldretilsyn skal behandlast av skolen sitt styre. Foreldrerådet kan også sende rapport frå eige tilsyn til offentleg tilsynsorgan.
NOKUT fører også tilsyn med heimeundervisning der det nyttast godkjende tilsynskyndige.
Forslag 10
Stortinget ber Regjeringen legge frem sak om innføring av et kapitaltilskudd med tilhørende lovendring i tillegg til driftstilskudd for frittstående skoler i forbindelse med statsbudsjettet for 2004.
Forslag 11
Stortinget ber Regjeringen legge frem egen sak om ordningen med reduksjon i kommunenes rammetilskudd for direkte statlige overføringer til frittstående skoler.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:
Forslag 12
§ 4-1 andre ledd skal lyde:
Kvar skole skal ha ein rektor som fagleg, pedagogisk og administrativ leiar.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 13
Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en evaluering og vurdering av konsekvensene før det eventuelt foretas endringer i trekksatsen.