Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemane frå Arbeidarpartiet, Anne Helen Rui, Ola Røtvei og Bernt Egil Torp, frå Høgre, Carsten Dybevig, lederen Trond Helleland og Linda Cathrine Hofstad, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen og André Kvakkestad, frå Kristeleg Folkeparti, Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og frå Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, meiner det er særs ønskjeleg med eit lovverk av teknisk god kvalitet for å gjere det enklare å bruke lovverket til å finne fram og forstå reglane. Komiteen har merka seg at Regjeringa legg stor vekt på arbeidet med kvalitetssikring og regelforenkling.

Komiteen har oppdaga at det kom inn fleire feil i hittegodslova ved tvangsfullbyrdelsesloven 1992 enn opphevinga av § 7 andre og tredje ledd. For det første treng ein framleis siste punktum i § 7 første ledd slik punktumet lød tidlegare. For det andre blei også for mykje av § 8 oppheva. Vidare blei hittegodslova i 1953 vedteke med ein uriktig romartalsinndeling. I lovframlegget har komiteen retta opp også desse feila. Komiteen foreslår:

"I lov 29. mai 1953 nr. 3 om hittegods blir desse endringane gjort:

Før § 1 skal "I" fjernast.

§ 7 skal lyde:

Vert ikkje hittegodset gjeve attende til eigaren innan 3 månader etter at politiet tok vare på det eller samtykte i at finnaren tok vare på det, skal det seljast gjennom namsmyndigheitene etter reglane om tvangssal så langt dei høver. Reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 8-16 fyrste ledd gjelder ikkje i dette høvet. Gods som truleg ikkje kan vendast i pengar, skal gjevast til finnaren eller andre om vedkommande ynskjer det, eller det skal handsamast som avfall etter reglane i forurensningsloven.

Melder eigaren seg og provar retten sin før salet, skal salsinnkoma gjevast til han etter at finnarløn og annan kostnad er frådregne. I andre høve skal finnaren ha ein tredjepart av salsinnkoma, når kostnaden er dregen frå, og to tredjepartar skal gå til statskassa. Det som finnaren eller eigaren skal ha, fell til statskassa når han ikkje melder seg og krev pengane innan 3 månader etter han er varsla.

Har nokon krav på vederlag for di han har ført eller teke vare på gods som er nemnt i § 3, eller har han andre krav som han kunne gjort gjeldande med å halda godset tilbake, skal han ha vederlag av salsinnkoma før noko går til eigaren eller til statskassa.

§ 8 skal lyde:

Hittegods som ikkje toler å liggja eller ikkje kan liggja lenge utan monaleg kostnad eller verdmink, skal politiet få selt underhand eller gjennom namsmyndigheitene etter reglane om tvangssal så langt dei høver, så snart det er tenleg å gjera det, endå om tremånadsfristen ikkje er ute. Reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 8-16 fyrste leden gjelder ikkje i dette høvet. Melder eigaren seg og provar retten sin før fristen er ute, skal han få salsinnkoma etter at finnarløn og annan kostnad er dregen frå. Elles gjeld reglane i § 7 andre ledd andre og tredje punktum og tredje ledd.

Avsnitt III blir ny § 13."

Komiteen har for øvrig ingen merknader til dei framlagte endringane og stør elles innhaldet i proposisjonen.