Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Endringane i straffelova vil dels kunne føre til at fleire saker blir forfølgde, dels til at straffenivået blir høgare. Dette kan gje noko meirarbeid for påtalemakta og domstolane. Dessutan vil iverksetjinga av strengare dommar føre til ei viss meirbelasting på kriminalomsorgen. Elles legg departementet til grunn at dei foreslåtte lovendringane i straffelova ikkje vil ha vesentlege administrative og økonomiske konsekvensar.
Til forslaget om endringar i valdsoffererstatningslova, knyter det seg investeringskostnader i storleiken 2 mill. kroner til etableringa av det nye kontoret. Driftsutgiftene til kontoret i Vardø vil bli overførte frå fylkesmannsembeta. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har rekna dette til ca. 15 stillingar.