5. Endringar i valdsoffer- erstatningslova
Ordninga med valdsoffererstatning frå staten er regulert av voldsoffererstatningsloven. Regjeringa har gått inn for å sentralisere behandlinga av valdsoffersøknader i første instans til eit nytt kontor i Vardø, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Justisdepartementet sende på høyring eit forslag til lov om endringar i valdsoffererstatningslova. I høyringsbrevet foreslo departementet at den nye førsteinstansen skal kallast Kontoret for valdsoffererstatningssaker. Departementet foreslo vidare at valdsoffererstatningslova blir endra slik at alle oppgåver som etter den noverande lova høyrer under fylkesmannsembeta, no skal høyre under den sentrale førsteinstansen i Vardø.
Fleirtalet av høyringsinstansane er positive til endringsforslaget, men enkelte høyringsinstansar uttrykker skepsis. Fleire av høyringsinstansane etterlyser overgangsreglar.
Departementet er ikkje samd i at rettstryggleiken til søkjarane vil bli skadelidande om ein samlar handsaminga av sakene i eitt forvaltningsorgan. Den rettleiinga som no blir gjeve av det enkelte fylkesmannsembetet, vil andre organ kunne gje. Å samle sakene i eitt organ vil dessutan føre til ein meir einsarta praksis i førsteinstansen. Departementet ser at det er behov for å klargjere korleis avviklinga av sakene i fylkesmannsembeta skal skje. Departementet tenkjer dette ordna slik at fylkesmannsembeta tek imot søknader fram til den dagen då lova blir sett i kraft, og at saker som er komne inn til fylkesmannsembeta før dette skjeringstidspunktet, skal behandlast ferdig der. Frå og med den dagen då endringa blir sett i kraft, skal søknadene rettast til Kontoret for valdsoffererstatning.
Hensynet til ensartet praksis gjør at komiteen i likhet med flertallet av høringsinstansene ser klare fordeler ved å sentralisere behandlingen av voldsoffererstatningssøknadene i første instans. Komiteen har ingen merknader til de foreslåtte endringer i voldsoffererstatningsloven. Komiteen ser positivt på at Kontoret for voldsoffererstatning er tenkt lagt til Vardø, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003).