Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

9. Administrative og økonomiske konsekvenser

Departementet viser til at etter utkastet skal burettslagsandelar registrerast i grunnboka, men nærare reglar for korleis dette skal gjerast, vil bli gitt i forskrift. Departementet legg til grunn at kostnadene med dette vil kunne dekkjast inn gjennom gebyr. Det vil då vere naturleg å ta utgangspunkt i same satsar som gjeld ved tinglysing i fast eigedom.

Departementet foreslår at det skal givast forskrifter i nokre samanhengar, til dømes når det gjeld forvaltning av midlar i burettslag. Etter departementet si vurdering kan det nok bli nokre kostnader i samband med tilsyn med forvaltninga av slike midlar, men kostnadene kan då førast over på brukarane gjennom gebyr. På den andre sida foreslår departementet at ei rad føresegner i gjeldande lov som legg forskrifts- eller godkjenningskompetanse til departementet eller fylkesmannen, ikkje blir førte vidare.

I høve til gjeldande lov er det nytt at retten blir tillagt oppgåver i samband med oppløysing av bustadbyggjelag, men her er det tale om tilfelle som nok vil kome opp svært sjeldan. Reglane om tvangsfullføring blir endra når det gjeld burettslag, men det er ikkje grunn til å tru at arbeidsmengda blir annleis av den grunn.

Økonomiske konsekvensar for private er det vanskeleg å seie noko sikkert om. Departementet foreslår at avtalar om forretningsførsel for burettslag ikkje kan gjerast uoppseielege utan tidsavgrensing. Det kan føre til at konkurransen blir sterkare på dette området, og det skulle tilseie at ressursbruken i alle fall i somme tilfelle kan bli mindre. Departementet har vidare prøvd å utforme reglane om forkjøpsrett til burettslagsbustader slik at forkjøpsretten skal seinke omsetninga minst mogleg. Elles fører utkastet til at reglane om burettslagsbustader blir liggjande nærare reglane for eigarseksjonar. Rettsregistrering og nye reglar for tvangsfullføring kan isolert sett gi meirkostnader i form av gebyr o.l., men ein må òg rekne med at reglane gir grunnlag for ei sikrare omsetning, som igjen gjer desse bustadene meir attraktive ved både pantsetjing og sal. Reglane om utbyggingsmodellen fører til at bustadbyggjelaget blir sitjande med eit klarare ansvar og dermed ein større risiko ved nybygging, og det kan føre til at prisane på nye bustader stig. Det har sitt motstykke i ein tryggare posisjon for den som ervervar bustaden.

Komiteen har ingen merknader.