Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Regulering av boligbygge-aksjeselskap

Ifølgje Buforholdsundersøkinga frå 1995 fanst det i 1995 om lag 28 000 aksjebustader her i landet. Etter det departementet kjenner til, har det knapt nok vore etablert nye bustadaksjeselskap etter 1983. Ein del av dei opphavlege selskapa er seinare omgjorde til eigarseksjonssameige. Det er derfor grunn til å tru at talet kan ha gått noko ned, utan at departementet kan talfeste dette.

Departementet tek som utgangspunkt at ein ikkje bør setje forbod mot å etablere visse former for eigarskap av fast eigedom utan at det ligg føre gode grunnar for å gjere det.

Som utvalet, kan heller ikkje departementet sjå at det i forhold til reine bustadaksjeselskap skulle vere behov for å etablere fleire slike selskap, jamvel om det også i framtida bør vere høve til å etablere leigegardsselskap som aksjeselskap eller allmennaksjeselskap.

Dersom nokon ønskjer å stifte ei samanslutning som har det same føremålet som eit burettslag, meiner departementet at burettslagsmodellen - og eigarseksjonsmodellen - gir tilstrekkeleg spelerom for å kunne organisere seg på ein fullgod måte. Aksjelovene er heller ikkje tilpassa det spesielle forholdet det er å skaffe dei som er med i tilslutninga, bustader. Det er også ein fordel for publikum at det ikkje finst for mange måtar å organisere denne type samanslutningar på. Det er grunn til å framheve at det i marknaden er mange privatpersonar utan særleg kunnskap om forskjellen mellom eit burettslag og eit bustadaksjeselskap.

Etter ei samla vurdering har departementet kome fram til at ein vil tilråde at det i den nye lova om burettslag blir sett forbod mot å stifte nye bustadaksjeselskap, i samsvar med det forslaget som utvalet har kome med. Departementet legg her vekt på at forbodet vil medverke til å gjere bustadmarknaden meir oversiktleg og underlagt ei heilskapleg lovgiving. Departementet legg også vekt på at det berre er éin høyringsinstans som har gitt uttrykk for motførestellingar til dette valet.

Komiteen mener at et forbud mot å starte nye boligaksjeselskap vil gjøre boligmarkedet mer oversiktlig og underlagt en mer helhetlig lovgivning. Komiteen støtter derfor forbudet.