Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Kommunal- og regionaldepartementet fremmar i proposisjonen forslag om å heimle bruken av det samiske flagget i det norske lovverket gjennom ei endring i samelova. Forslaget gjer det òg nødvendig å endre lov 29. juni 1933 nr. 2 om flagging på kommunenes offentlige bygninger.

I loven er det bestemt at det på eller frå offentlege bygningar og eigedommar i kommunen eller bygningar eller eigedommar som hovudsakleg blir nytta av kommunale institusjonar, berre må nyttast det norske flagget eller by-, herads- eller fylkesflagg godkjent av Kongen. Regjeringa har i St.meld nr. 33 (2001-2002) varsla at ein ville vurdere om lova burde endrast i samsvar med gjeldande praksis for bruken av det samiske flagget.

Det samiske flagget blei godkjent av den 13. Nordiske samekonferansen i Åre 15. august 1986.

Det samiske flagget er eit samlande symbol for samar på tvers av landegrensene, og blir i dag brukt bl.a. av Sametinga i Noreg, Sverige og Finland, fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar, nokre statlege institusjonar og i privat samanheng. Flagget blir brukt ved offisielle nasjonale flaggdagar, samiske flaggdagar og høgtidelege høve.

Departementet viser til at utover førebelse reglar frå Utanriksdepartementet for rangering av det samiske flagget i forhold til andre flagg, eksisterer det ikkje noka føresegn om bruken av det samiske flagget. På denne bakgrunnen blei det hausten 1999 nedsett ei arbeidsgruppe samansett av fire representantar frå Sametinget, Utanriksdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Mandatet til arbeidsgruppa var å utarbeide forslag til retningslinjer for bruk av det samiske flagget, og å foreslå eit opplegg for informasjon om bruken av flagget.

Rapporten "Bruk av det samiske flagget" blei levert til Kommunal- og regionaldepartementet i juli 2001. Han har vore sendt til 165 høyringsinstansar. Høyringsinstansar har vore Sametinget, kommunar, fylkeskommunar og samiske organisasjonar. Det er motteke i alt 27 svar. Sametinget har motteke alle høyringssvara og har deretter gitt sitt høyringssvar til departementet.

Alle høyringsinstansane stør forslaget frå arbeidsgruppa om å heimle bruken av det samiske flagget i lovverket, det same gjeld forslaget om å formalisere bruken av flagget gjennom eit eige regelverk.

Departementet legg avgjerande vekt på vurderinga frå Sametinget.

Departementet viser til at det spesielt i samband med 6. februar, som er samefolkets dag, er nærmare etterspurd retningslinjer for bruken av det samiske flagget.

Etter forskriftene om bruk av statsflagget og handelsflagget (flaggreglement) av 27. oktober 1927 er det berre statens offentlege eigedom som er pålagt å flagge på offisielle flaggdagar. Likevel er det vanleg at kommunane og fylkeskommunane følgjer flagg­reglementet, og flaggar frå kommunale og fylkeskommunale bygningar og institusjonar på alle offentlege flaggdagar. Departementet er derfor einig i Sametingets tilråding og oppfordring til kommunane og fylkeskommunane om å bruke og utarbeide eigne reg­lar for flagging med det samiske flagget.

Departementet ser det som mest formålstenleg at Sametinget både får mynde til å fastsetje forskrifter om bruk av det samiske flagget og ansvaret for å informere om flagget. Sametinget skal ikkje kunne påleggje nokon å bruke det samiske flagget. Sametinget har tidlegare fått forskriftsmynde gjennom opplæringslova § 6-4.

Departementet foreslår at endringa skjer ved å heimle bruken av det samiske flagget med ei tilføying til romartal I første ledd i lov 29. juni 1933 nr. 2 om flagging på kommunenes offentlige bygninger. Sametinget sitt mynde til å fastsetje forskrift om bruken av det samiske flagget skjer ved tilføying av ein ny § 1-6 Det samiske flagg i samelova, samstundes som "det samiske flagg" blir definert.