7. Økonomiske og administrative konsekvensar
Opprettinga av ei klagenemnd vil ha økonomiske og administrative konsekvensar. Denne kostnaden skal dekkjast av dei inkassoforetaka som er tilknytt nemnda. Opprettinga vil truleg medføre at Forbrukarrådet, forbrukarkontora og inkassoforetaka i ein viss mon får frigjort ressursar som i dag går med til klagehandsaming.
Forslaget om at klagenemndene kan oversende fråsegner til Kredittilsynet, kan ha visse konsekvensar for Kredittilsynet.