6. Krav om samtykke frå låntakaren der lånefordringar vertOverdregne mellom finans- institusjonar
I høyringsnotatet drøftar departementet om det bør innførast eit krav om samtykke frå låntakaren ved overføring av fordringar mellom finansinstitusjonar.
Dei fleste høyringsinstansane er mot å innføre ei ordning med krav om samtykke ved overdraging av fordringar mellom finansinstitusjonar og liknande institusjonar.
Departementet har etter ei samla vurdering kome til at det ikkje er grunnlag for nokon regel om samtykke ved overdraging av lånefordringar mellom finansinstitusjonar. Departementet meiner at urimeleg pågåande inndrivingsmetodar best kan motverkast med reglar knytt til sjølve inndrivinga, og viser i den samanheng til forslaga ovanfor. Departementet viser også til at eit stort fleirtal av høyringsinstansane, også forbrukarsida, har gått mot å innføre eit samtykkekrav som nemnt. Høyringsinstansane peiker uttrykkeleg på at det ikkje er noko behov for ein slik regel.
Det er i høringsnotatet drøftet om det skal innføres krav om samtykke fra låntaker ved overføring av fordringer mellom finansinstitusjoner. Komiteen har merket seg at et stort flertall av høringsinstansene, også forbrukersiden, har gått imot å innføre et slikt krav til samtykke. Komiteen mener etter dette, dog under tvil, at det ikke bør settes krav til samtykke fra skyldneren når fordringer overdras mellom finansinstitusjoner.
Komiteen tiltrer for øvrig proposisjonens andre endringsforslag bl.a. uttrykkelig hjemmel til å sette vilkår for tillatelse til å drive oppkjøp og inndriving av fordringer, og presiseringen i bestemmelsen om at et inkassoforetak kan ha flere ledere.