3. Endring i merverdiavgiftsloven for tjenester som gjelder opplysninger om rutegående persontransport
Omsetning av tenester som går ut på å gje opplysningar om rutegåande persontransport er avgiftspliktig etter gjeldande rett.
Informasjon om rutetilbod og opplysningar om avreise- og ankomsttidspunkt er avgjerande for et godt, effektivt og lett tilgjengeleg tilbod om kollektivtransport. Departementet meiner derfor at det er nær samanheng mellom persontransport, formidling av persontransport og tenester som går ut på å gje opplysningar om rutegåande persontransport. Ein rettstilstand kor desse tenestene vert behandla ulikt i forhold til meirverdiavgifta, kan føre til uheldige avgiftsmessige tilpassingar og påverke nøytraliteten i regelverket mellom desse aktørane.
Finansdepartementet legg derfor fram forslag om at omsetning av tenester som gjeld opplysningar om rutegåande persontransport, vert unnateken frå den generelle meirverdiavgiftsplikta.
Med rutegåande persontransport meines persontransport med til dømes buss, jernbane, skip og fly. Transporten reknast som rutegåande når han går mellom visse stader eller på visse strekningar til regelmessige tider. Det inneber at omsetning av tenester som går ut på å gje informasjon om kva slags tilbod om rutegåande persontransport som finnes og opplysningar om avreise- og ankomsttidspunkt, vil være unnateken frå meirverdiavgiftsplikt. Lovendringa vil mellom anna føre til at den landsdekkande ruteopplysningstenesten 177 ikkje lenger er meirverdiavgiftspliktig.
Opplysningar om ikkje-rutegåande persontransport, til dømes chartertrafikk og drosjetrafikk, vil ikkje være omfatta av unntaket. Drosjetrafikk kan likevel være omfatta, men berre om han reknast som rutegåande.
Forslaget inneber at tenester som går ut på å gje opplysningar om rutegåande persontransport fell utanfor avgiftsområdet. Verksemder som sel desse tenestene skal derfor ikkje berekne meirverdiavgift av omsetninga og er ikkje registreringspliktig i meirverdiavgiftsmanntallet. Motstykket er at dei heller ikkje får trekke ifrå inngåande avgift ved kjøp av varer og tenester til bruk i verksemda.
Forslaget har vore sendt på høyring. Høyringsinstansane var gjennomgåande positive til framlegget. Høyringsinstansane er med få unntak også einige i departementet sitt framlegg til avgrensing av unntaket.
Norges taxiforbund og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund ønskjer at unntaket også skal omfatte persontransport som ikkje går i rute. Departementet har av omsyn til avgrensing av unntaket ikkje funne grunnlag for å gjere ei slik utviding.
Provenyverknaden av å gjere unntak for ruteopplysningstenester utgjer om lag 10 mill. kroner på årsbasis.
Det visast til framlegg til ny nr. 16 i meirverdiavgiftslova § 5 b første ledd. Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. juli 2002.
Komiteen slutter seg til forslaget til merverdiavgiftsloven § 5 b første ledd nytt nr. 16.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet vil hevde at dette er enda et eksempel som viser at merverdiavgiftsreformen var altfor dårlig forberedt da den ble gjennomført. Disse medlemmer er enig i Regjeringens vurderinger når det gjelder forholdet mellom persontransport, formidling av persontransport og tjenester som går ut på å gi opplysninger om rutegående persontransport. Det er uheldig at disse blir behandlet ulikt, men disse medlemmer mener det er uheldig at det samtidig blir skapt liknende problemer inne drosjenæringen, ved at deler av virksomheten kommer inn under unntaket, andre ikke, og vil komme tilbake til denne problemstillingen.