Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteens merknader

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at grunngjevinga frå forslagsstillarane i Dokument nr. 8:135 (2001-2002) om forslag til mellombels lov om overgangsreglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering, og sluttar seg til dette.

Fleirtalet viser til brev av 31. mai 2002 frå arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman til komiteen, som er vedlagt innstillinga. Fleirtalet vil gje departementet fullmakt til å definere omgrepet "asfaltbransjen" i forskrift, sjå § 4 i fleirtalet sitt lovframlegg.

Fleirtalet gjer følgjande framlegg:

"Vedtak til mellombels lov om overgangsreglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering.

I

§ 1

Arbeidstakarar som var i ein løpande permitteringsperiode per 31. desember 2001, skal behandlast etter regelverket slik det gjaldt før lovendringa av 21. desember 2001 så lenge permitteringa varer.

§ 2

For arbeidstakarar som per 31. desember 2001 ikkje var i ein løpande permitteringsperiode, skal reglane bli tillempa slik at permitteringstid før 1. januar 2002 ikkje blir teken med i utrekninga av kvoten på 26 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7. Ingen kan i medhald av denne føresegna få ein større kvote enn det som ville fylgd av lønnspliktlova og folketrygdlova slik dei lydde før lovendringa.

§ 3

For asfaltbransjen gjeld ei kvote på 36 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7.

§ 4

Departementet kan definere omgrepet asfaltbransjen i forskrift.

§ 5

Føresegnene i §§ 1 og 2 gjeld til 1. juli 2003. Føresegna i § 3 gjeld til 1. januar 2004.

II

Lova tek til å gjelde straks."

Komiteens medlemmer fra Høyre, Peter Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg og fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, viser til arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Normans brev av 31. mai 2002 til komiteen. Disse medlemmer er enig med statsråden i vurderingen av forslaget. Disse medlemmer vil spesielt vise til de problemer forslaget lager for Aetat og at forslaget legger opp til særregler for mindre grupper. Disse medlemmer vil også vise til det sentrale prinsippet om at bedrifter ikke skal kunne velte sine kostnader over på folketrygden.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Dokument nr. 8:135 (2201-2002) - forslag frå stortingsrepresentantane Sigvald Oppebøen Hansen, Per Sandberg, Karin Andersen og Magnhild Meltveit Kleppa om forslag til mellombels lov om overgangsreglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering - bifalles ikke."