Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg 1: Brev frå Nærings- og handelsdepartementet v/statsråden til næringskomiteen, dagsett 6. mai 2002.

Eg viser til brevet Dykkar av 2. mai i år.

Det går fram av opningsbrevet som ESA sende norske styresmakter at dei meiner at heile lova er i strid med EØS-avtalen. Kopi av opningsbrevet er vedlagt. ESA si grunngjeving framgår av brevet. Departementet meiner at ein må leggje til grunn at ESA meiner at erverslova som sådan strider mot EØS-avtalen. Også annan kontakt mellom norske styresmakter og ESA har vist dette.

Etter ervervslova har dei tilsette ein rett til å uttale seg om oppkjøpet til departementet. Forut for dette har den nye kjøparen plikt til å informere dei tilsette om ervervet og kva for verknader eigarskiftet kan få for dei. Eg har vurdert om ei flytting av informasjons-plikta til kjøparen over i ei anna lov kan vere i strid med EØS-avtalen. Så langt eg kan sjå kan det ikkje vere i strid med verken reglane om rett til fri etablering eller retten til fri flyt av kapital å ha slike rettar i anna lovverk. Ein forutsetnad vil vere at det ikkje blir innført sanksjonar som forseinkar eller på annan måte gjer det vanskeleg å gjennomføre transaksjonen.

Eg vil peike på at Arbeidslivslovutvalet arbeider med spørsmål om medverknad for dei tilsette på arbeidsplassen. Eg meiner difor at Arbeidslivslovutvalet også bør sjå på medverknaden til dei tilsette ved eigarskifte som skjer ved aksjekjøp i bedrifta. Det er allereie ein rekkje reglar i anna lovverk og i avtaleverket i arbeidslivet som gir dei tilsette rettar ved eigarskifte, og dette er tilstrekkeleg i tida fram til utvalet si utgreiing er klar. Ei ny førebels føresegn vil skape problem både med omsyn til avgrensingar og også lovtekniske spørsmål.