2. Regulering av drosjenæringa
Det gjeldande systemet med behovsprøving av drosjeløyve er basert på at fylkeskommunen fastset løyvetalet innanfor eit nærare avgrensa geografisk område, "løyvedistriktet". Drosjene har einerett på slik transport innafor eige løyvedistrikt, som i utgangspunktet er avgrensa av kommunegrensene. Fylkeskommunen kan betre tilgangen på drosjer gjennom å utvide løyvetalet, eller ved å slå saman løyvedistrikt.
Tilbodet av drosjer er såleis resultat av ein politisk prosess og relativt konstant, medan etterspurnaden er marknadsstyrt.
Etter ein gjennomgang av reguleringsordninga for drosjer, la Næringslovutvalet 23. mai 1995 fram ein rapport der ein m.a. konkluderte med at tilsvarande ordning som for turvognløyve burde innførast for drosjenæringa sin del, dvs. at den behovsprøvde løyveordninga vert erstatta av ei løyveordning basert på personlege krav til vandel, økonomisk evne og fagleg kvalifikasjon til den som skal utøve drosjeverksemd.
Samferdselsdepartementet hadde Næringslovutvalet si innstilling til høyring i 1995. Resultatet av høyringa viste at berre fire av fylkeskommunane ønskte ei omregulering i samsvar med Næringslovutvalet sine konklusjonar. Med unntak for næringsorganisasjonane gjekk dei øvrige høyringsinstansane inn for Næringslovutvalet sine konklusjonar. Det var brei semje om at generelle krav til vandel, økonomi og fagleg kvalifikasjon òg burde omfatte drosjenæringa, sjølv om behovsprøvinga vert halden oppe.
Høyringa er nærare omtala i kap. 5 i proposisjonen.
Departementet har vurdert spørsmålet om eventuell oppheving av behovsprøvinga m.a. ut frå erfaringane med liberalisert drosjenæring i Sverige. Erfaringane viser m.a. at talet på tilgjengelege drosjer på landbasis auka med 25 pst.
Når det gjeld forventninga om konkurranse på pris, har denne berre delvis slått til. Profesjonelle transportkjøparar kan oppnå fordelar av konkurransen, men priskonkurransen i forbrukarmarknaden har ikkje verka som venta. Det høyrer òg med i biletet at ein mange stader framleis har eit reelt monopol/oligopol.
Trass i prisauken på drosjetenester i Sverige har etterspurnaden òg auka. Det er difor mykje som tyder på at brukarane vurderer det som viktig å få ein betre tilgang på drosjetenester og er villig til å betale ein høgare pris for det.
Departementet meiner det må opnast for konkurranse innan drosjenæringa i større grad enn det som er tilfellet i dag. Det har i Noreg den seinare tid vorte oppretta fleire drosjesentralar innan same løyvedistrikt gjennom oppregulering av talet på løyver. Fleire stader er det difor no lagt til rette for konkurranse mellom drosjesentralar. I november 1999 vedtok Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) å oppheve maksimalprisordninga for drosjebil i område med meir enn ein sentral der Konkurransetilsynet meinte forholda låg til rette for konkurranse. AAD vurderer ordninga på grunnlag av ein evalueringsrapport frå mai 2001 som seinare har vore til høyring.
Sommaren 1999 vart reglane for turvognløyve endra, m.a. som følge av tilpassing til EØS-regelverket med fri kabotasje. Dette fører med seg at delar av drosjemarknaden møter auka konkurranse frå turvognoperatørar som nyttar småbussar.
Verknadene av dei endringane i rammevilkåra for drosjenæringa er ikkje evaluert. Departementet vil setje i verk ein ny gjennomgang av drosjenæringa, og komme tilbake til spørsmålet om behovsprøving av drosjeløyve.
Komiteen sitt fleirtal, alle unntatt medlemene frå Framstegspartiet, har merka seg at Næringslovsutvalget har tilrådd å oppheve behovsprøvinga av drosjeløyve og erstatte den med ei løyveordning basert på krav til vandel, økonomisk evne og fagleg kvalifikasjon. Denne tilrådinga vert støtta av Konkurransetilsynet, Finansdepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Rikstrygdeverket.
Fleirtalet har merka seg at Samferdselsdepartementet meiner at det må opnast for meir konkurranse innan drosjenæringa og at departementet vil komme tilbake til spørsmålet om behovsprøving av drosjeløyve.
Fleirtalet vil vente med å ta stilling til spørsmålet om å oppheve behovsprøvinga av drosjeløyve og eventuelt erstatte den med ei løyveordning basert på krav til vandel, økonomisk evne og fagleg kvalifikasjon, til departementet har evaluert dei omleggingane som er gjennomførde. Fleirtalet føreset at denne prosessen vert gjennomførd raskt slik at Stortinget så snart som mogleg kan ta stilling til behovsprøving av drosjeløyve.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet mener at drosjenæringens situasjon må styrkes. Disse medlemmer mener at det bør vurderes å innføre kvalifikasjonskrav i drosjenæringa uavhengig av ordningen med behovsprøving. Disse medlemmer viser til at det i dag ikke er mulig å registrere det enkelte drosjeløyve som eget aksjeselskap. Disse medlemmer mener at det skal være mulig å registrere det enkelte drosjeløyve som eget aksjeselskap.
Disse medlemmer ber Regjeringen om at det i den allerede varslede sak om behovsprøving av drosjeløyver også gis en totalgjennomgang av drosjenæringen. Videre mener disse medlemmer at innehavere av drosjeløyve og turbilløyve skal likebehandles ved anbud, f. eks. i forbindelse med anbudskjøring for Rikstrygdeverket. I dag er det slik at innehavere av turbilløyve har vesentlig konkurransefortrinn i forhold til innehavere av drosjeløyve.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener løyve skal tildeles den som søker, dersom søkeren tilfredsstiller de kravene som er spesifisert i lovens § 4.
Disse medlemmer har merket seg at svært mange høringsinstanser mener at den såkalte "behovsprøvingen" er overflødig. Disse medlemmer mener at dersom det blir en overetablering i markedet, vil interessen blant potensielle løyvehavere avta, og allerede etablerte løyvehavere vil søke seg bort. Fri rekruttering til status som løyvehavere vil også ha en prisdempende, konkurransefremmende effekt til passasjerenes beste.
Disse medlemmer vil derfor fremme forslag om at "behovsprøving" går ut av lovens § 6 allerede nå.