Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Grunnlovfesting av domstolane sitt sjølvstende

Prinsippet om at domstolane og dommarane er uavhengige i den dømmande verksemda er ein føresetnad i Grunnloven, men har ikkje kome direkte til uttrykk.

Fleirtalet i Domstolkommisjonen foreslår grunnlovfesting av dette prinsippet, og grunngjev dette m.a. med at dei meiner prinsippet er av så grunnleggjande verdi at det bør kome klårt fram gjennom ei eiga føresegn i Grunnloven. Mindretalet i kommisjonen går imot grunnlovfesting, og grunngjev sitt syn m.a. med at det aldri har vore tvil om at domstolane og dommarane i Noreg er uavhengige i si dømmande verksemd. Det vert peika på at konstitusjonell sedvane har medført monalege endringar i norsk statsliv, utan at dette er kome til uttrykk i Grunnloven.

Blant dei få høyringsinstansar som har kome med merknader, er meiningane delte.

Justisdepartementet peikar på nokre argument for og mot grunnlovfesting, men tek ikkje standpunkt til om prinsippet om uavhengige domstolar bør grunnlovfestast. Departementet foreslår at ein eventuell ny § 89 i Grunnloven bør lyde slik:

«Alle Dommere bør være uafhængige i deres dømmende Gjerning.»

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Vidar Bjørnstad, Astrid Marie Nistad, Jan Petter Rasmussen og Ane Sofie Tømmerås, fra Kristelig Folkeparti, Finn Kristian Marthinsen og Åse Wisløff Nilssen, fra Høyre, lederen Kristin Krohn Devold og Bjørn Hernæs, fra Fremskrittspartiet, Jan Simonsen, fra Senterpartiet, Tor Nymo, og representanten Jørn L. Stang, har merka seg at Domstolkommisjonen sitt fleirtal føreslår grunnlovsfesting av domstolane og dommarane sitt sjølvstende i den dømmande verksemda. Komiteen har også merka seg at Justisdepartementet peikar på argument for og mot grunnlovsfesting. Som argument for vert det ført fram mellom anna at ei grunnlovsfesting vil kunne tydeleggjere domstolane si stilling i vår statsforfatning. Av motargument vert nemnt at ei inkorporering i Grunnlova av berre enkelte prinsipp som byggjer på konstitusjonell sedvanerett vil kunne skape uvisse i balansen mellom reglane i Grunnlova og den øvrige konstitusjonelle sedvaneretten. Dessutan er domstolane sin fridom alt uttrykkjeleg inkorporert i norsk rett ved menneskerettslova.

Komiteen ser ikkje grunnlag for å svekkje dagens oppfatning av føresegnene i Grunnlova og den øvrige konstitusjonelle sedvaneretten med å føreslå endring av Grunnlova.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet og representanten Jørn L. Stang mener primært at utnevnelser til Høyesterett skal foregå ved at regjeringen nominerer kandidater som godkjennes av Stortinget med 2/3 flertall i plenum, og at dommere ved øvrige domstoler utnevnes av et kollegium oppnevnt og administrert av Høyesterett. Dette forutsetter en endring av Grunnloven.

Når det gjelder en generell grunnlovfesting av domstolenes uavhengighet, er disse medlemmer enig med komiteens øvrige medlemmer.