5. Generelle omsyn og prinsipp
Domstolane og domstoladministrasjonen må vere i harmoni med vår demokratiske statsform, og uavhengige domstolar er ein sjølvsagt del av vår statsforfatning. Rettstryggleiksomsynet gjer at domstolane må innfri grunnleggjande krav til m.a. rimeleg sakshandsamingstid, eit akseptabelt kostnadsnivå for domstolane sine brukarar og fagleg gode avgjerder. Domstolane må ha folk sin tillit for å kunne fylle si oppgåve. Også Grunnloven § 110 a, om staten sine plikter i høve til den samiske folkegruppa, stiller krav til domstolane.