1. Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 1.1 Bakgrunnen for og arbeidet med lovforslaget
- 1.2 Endringar i jordskiftelova
- 1.2.1 Avtaleskjønn for eigedomar (erstatningsareal) som ligg utanfor jordskiftefeltet
- 1.2.2 Samansetjinga av jordskifteretten i kombinerte skjønn og jordskiftesaker etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd - endring av jordskiftelova § 9
- 1.2.3 Behandling av rettsfastsetjande vedtak etter § 17 a fjerde ledd
- 1.2.4 Skiftegrunnlaget i skog - jordskiftelova § 28
- 1.2.5 Voldgiftsmakeskifte - jordskifteloven § 85 nytt andre ledd
- 1.2.6 Om høvet til å nytte rettsmiddel etter jordskiftelova § 85 første ledd
- 1.2.7 Grensegang - offentlegrettslege råderettsinnskrenkingar
- 1.2.8 Fordeling av kostnader i grensegangssak ved etablering av offentlegrettslege råderettsinnskrenkingar
- 1.2.9 Sideutgifter i grensegangssak ved etablering av offentlegrettslege råderettsinnskrenkingar
- 1.3 Endringar i andre lover
- 1.4 Konsekvensar av lovforslaget
I proposisjonen gjer departementet framlegg til lovendringar som ein meiner er nødvendig for å kunne gjennomføre større makeskiftesaker i tråd med føresetnadene til Stortinget. Forslaga gjeld kompetanse for jordskifteretten til å halde avtaleskjønn for erstatningseigedom utanfor jordskiftefeltet, avvik mellom grunnverdi før og etter skiftet, avtalebasert delingsgrunnlag og om voldgiftsmakeskifte. Vidare foreslår ein endringar i odelslova slik at reglane om odelsovergang skal nyttast både der heile og delar av eigedomar vert skifta etter jordskiftelova § 85 andre ledd. Ein foreslår ein regel om odelsfrigjering og mindre endringar i veglova, gjerdelova og servituttlova. Forslaga inneber at jordskifteretten sin kompetanse til å halde avtaleskjønn etter dei nemnde føresegnene òg vil omfatte dei kombinerte skjønnssakene etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd.
I samband med lovarbeidet har departementet funne det formålstenleg å ta opp nokre mindre endringar av jordskiftelova som ikkje har samanheng med makeskiftespørsmålet. Dette gjeld bl.a. samansetjinga av jordskifteretten i kombinerte saker etter jordskiftelova § 6 og saksbehandlinga av rettsfastsetjande vedtak.
Endeleg foreslår ein endringar i lova slik at jordskifteretten får ein uttrykkeleg heimel til å halde grensegang for grenser som gjeld offentlegrettsleg råderettsinnskrenking.
Under behandlinga av St.meld. nr. 11 (1998-1999) Om regionalt skyte- og øvingsfelt for Forsvarets avdelinger på Østlandet - Regionfelt Østlandet, jf. Innst. S. nr. 129 (1998-1999), tok ein mellom anna opp spørsmåla om framgangsmåte og erstatning ved overtaking av grunn. Stortinget viste til gjennomføringa av saka om Rødsmoen, Rena leir, og streka under at det var viktig at det blei nytta erstatningsareal og jordskifte også i saka som no stod føre. Stortinget gav uttrykk for tilsvarande synspunkt under behandlinga av St.meld. nr. 40 (1994-1995) Opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000 (Barskogvernmeldingen). Ein viser til Innst. S. nr. 220 (1995-1996).
Den 6. oktober 1997 sette Landbruksdepartementet ned eit utval, leidd av landbruksdirektør Idun N. Christie, til å evaluere dei jordskiftefaglege sidene av jordskiftesaka i samband med Forsvarets etablering av Rena leir, Rødsmoen i Åmot kommune i Hedmark. Innstillinga frå utvalet var samrøystes og er datert 19. august 1998. Utvalet uttaler på s. 6 i innstillinga:
«Hovedkonklusjonen er at voldgiftsjordskiftesaken er gjennomført på en måte som i sin helhet framstår som vellykket og som er gjennomført med stor profesjonell dyktighet fra sakens ulike aktører. Saken har fått anerkjennelse fra berørte grunneiere, utbygger (Forsvarets bygningstjeneste, FBT), lokale forvaltningsmyndigheter og lokale politiske myndigheter. Et kjennetegn ved saken er fraværet av «støy».
Utvalget deler konklusjonene og anbefalingene til Silkosetutvalget når det gjelder jordskifte (arealbytte) som alternativ til tradisjonell gjennomføring av grunnerverv/ekspropriasjon og tilrår at jordskifte blir vurdert ved framtidig gjennomføring av utbyggings- og vernetiltak.»
Christieutvalet gav vidare uttrykk for at ein burde endre jordskiftelova - slik at ein på nokre avgrensa område i lova får klarare heimlar - ved framtidige liknande saker.
Lovforslaget byggjer på departementet sitt høyringsnotat frå juli 2000. Departementet har i alt motteke 28 høyringsfråsegner. Eit stort fleirtal av høyringsinstansane slutter seg til forslaga. Dette gjeld sentrale høyringsorgan som Den Norske Advokatforening, Forsvarets bygningstjeneste, Direktoratet for naturforvaltning, Norges Skogeierforbund, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag mv. Den norske Dommerforening og lagmannsrettane (Borgarting, Agder) har ingen merknader til dei konkrete lovforslaga, men har generelle merknader. Departementet viser vidare til at Regjeringa har oppnemnt eit breitt samansatt utval for å vurdere jordskifterettane sin framtidige stilling og funksjonar. Utvalet, som er leia av Johan C. Løken, har medlemar frå Den Norske Advokatforening og Den norske Dommerforening. Utvalet, som har hatt fleire møter, skal avgi innstillinga si innan 1. juni 2002.
Etter gjeldande rett er jordskifteretten ikkje sakleg kompetente til å halde avtaleskjønn for erstatningsareal (eigedom) utover det som er heimla i oreigningslova § 6 (sekundær ekspropriasjon). I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at jordskiftelova § 6 fjerde ledd vert endra slik at jordskifteretten får kompetanse til å halde avtaleskjønn for erstatningseigedomar som ligg utanfor jordskiftefeltet. Skjønnet skal haldast som ein del av jordskiftesaka. Dei fleste av høyringsinstansane slutter seg til departementet sitt forslag. Høyringsfråsegna til NLH fører til at jordskifteomgrepet vert endra, og får eit nytt innhald. Departementet meiner difor spørsmålet må utgreiast på breitt grunnlag ved seinare lovarbeid.
Departementet vil ikkje foreslå endringar av jordskiftelova § 25 som går ut på at jordskiftefeltet skal omfatte erstatningsareal uavhengig av kor areala ligg i forhold til ekspropriasjonsgjenstanden eller verneområdet. Det bør i regelen vere eit minimum av økonomisk interessefellesskap mellom partane (eigedomane) innanfor eit jordskiftefelt.
I proposisjonen er beskreve døme der avtaleskjønn må haldast av dei alminnelege skjønnsrettane parallelt med jordskiftesaka. Dette vil medføre at jordskifteretten fastset verdien av erstatningsareal innanfor jordskiftefeltet i medhald av jordskiftelova § 19 og vidare verdien av areala som ein konkret ekspropriat avstår eigedomsrett eller råderett til, mens ein annan skjønnsrett fastset vederlaget for det den same eksproprianten tek imot. Dette opnar for variasjonar i verdsetjinga av det arealet som blir ekspropriert, og det erstatningsarealet som ein tek imot. Ei ordning med to skjønnsrettar vil og medføre prosessuelle problem, auke saksbehandlingstida òg medføre auka sakskostnader. På bakgrunn av det ovannemnde foreslår departementet at jordskifteretten får heimel til å halde avtaleskjønn for erstatningsareal som ligg utanfor jordskiftefeltet i samband med kombinerte saker etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd.
Forslaga til endringar av § 6 fjerde ledd og gjerdelova § 16 andre ledd, servituttlova § 19 andre ledd og veglova § 60 andre ledd medfører berre tekniske endringar av saksbehandlingsreglane i jordskiftelova.
Jordskifteretten skal som hovudregel etter jordskiftelova setjast med fire meddommarar og unntaksvis med seks meddommarar i dei kombinerte sakene. Frå dommarhald er det gitt uttrykk for at den ordninga at jordskifteretten i dei kombinerte sakene vert sett med fire jordskiftemeddommarar, i nokre tilfelle er unødig tungvint. Ein ønskjer ei smidigare ordning som gjer det mogeleg å kunne setje retten med to meddommarar når desse er representerte både i skjønnsmannsutvalet etter skjønnsprosesslova og i meddommarutvalet etter jordskiftelova. Departementet foreslår derfor etter dette at jordskiftelova § 9 sjuande ledd blir endra slik at føresegna i unntakstilfelle gjer det mogeleg å setje retten med to meddommarar. Ein føreset at desse samstundes er medlemmer både i skjønnsmannsutvalet etter skjønnsprosesslova og i meddommarutvalet etter jordskiftelova.
§ 17 a fjerde ledd kom inn ved lovrevisjonen i 1998 og har følgjande ordlyd:
«Når vedtaket er rettsfastsetjande og byggjer på at partane er samde, skal retten forkynne utkastet for partane og gje dei ein frist til å seie frå dersom det inneheld feil eller mistydingar eller det likevel ikkje er semje. Når fristen er ute, skal vedtak fattast så snart som råd.»
Dei fleste jordskiftedommarane og jordskifteoverdommarane har gitt melding om at sakshandsamingsreglane - i enkelte samanhenger - kan verke for detaljregulerende. Partar og prosessfullmektigar har gitt uttrykk for tilsvarande oppfatning. I høyringsnotatet gjorde ein framlegg om at det vert innført ein unntaksregel i jordskiftelova § 17 slik at jordskifteretten kan fatte eit rettsfastsetjande vedtak straks i dei høve partane er samde i vedtaket. Vilkåra er at vedtaket er lese opp for partane i eit rettsmøte, og at dei seier frå seg retten til forkynning etter paragrafen sin fjerde ledd. Ingen av høyringsinstansane går i mot å forenkle sakshandsamingsreglane for rettsfastsetjande vedtak. Departementet foreslår derfor å innføre ein unntaksregel for dei tilfella at slutninga i vedtaket omfattar ein avtale som er komen i stand tidlegare. Vidare vert foreslått at unntaksregelen skal nyttast på enkle og oversiktlege rettsspørsmål. På same måte som det som gjeld for rettsforlik, jf. tvistemålslova § 285, føreset ein at alle avtalepartane er til stades på vedkommande rettsmøte. Vidare byggjer forslaget på at ankefristen skal reknast frå vedkommande rettsmøte.
Skiftegrunnlaget i skog er i dag regulert av §§ 27 (i sameige) og 28 (utanom sameige). I sameige skal ein skifte på grunnlag av «partshøvet» i sameiget. Dersom ikkje særskilt «høvetal» er kjent eller ingen har særrettar i sameiget, skal ein skifte etter skatteskylda. Utanom sameige er hovudregelen at ein skal skifte slik at kvart bruk får igjen tilsvarande den grunnverdien som det gir frå seg.
Ved lovrevisjonen i 1998 fikk § 28 et nytt andre ledd, ein unntaksregel for skifte i skog. Det nye leddet lyder slik:
«Dersom det framtidige verdiforholdet mellom eigedomane ikkje blir endra på avgjerande måte ved skifte i skog og det er mindre tenleg å skifte på grunnlag av grunnverdien åleine, kan verdien av standskogen dragast inn i skiftegrunnlaget eller ein kan skifte på grunnlag av samla bruksverdi.»
Christieutvalet tok bl.a. opp spørsmålet om skiftegrunnlaget i skog. Utvalet peika i innstillinga på uheldige verknader knytt til den tradisjonelle bruken av grunnverdi som skiftegrunnlag i skog, og gav bl.a. uttrykk for at ein bør vurdere å gi uttrykkeleg heimel til å trekkje inn verdien av standskogen fullt ut dersom partane er samde om dette. Departementet sluttar seg til forslaget frå Christieutvalet og foreslår at § 28 i jordskiftelova får eit nytt ledd som opnar for at skiftegrunnlaget i skog kan avtalast mellom partane i saker etter § 85 andre ledd.
Jordskifterettens oppgåve når det blir skifta på grunnlag av avtale mellom partane etter § 85, blir bl.a. å kvalitetssikre at den totale verdien av avgitt og motteke areal skal vere lik før og etter skiftet for den enkelte eigedomen. Ein har kome til at det ikkje er formålstenleg å binde opp jordskifterettens vurdering av grunnverdi til ein konkret «grenseverdi». Bakgrunnen for at ein ikkje vil ha nokon «grenseverdi» for tillate slingringsmonn i grunnverdi når ein skiftar etter unntaksregelen med samla bruksverdi, ligg bl.a. i kritiske synspunkt den siste tida frå forskarhald på grunnverdi som skiftegrunnlag.
I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at jordskiftelova § 85 får eit nytt andre og tredje ledd slik at jordskiftedommaren får kompetanse til å halde eit friviljug makeskifte med heimel i voldgiftsavtale. Vilkåra er at slikt friviljug makeskifte vert gjennomført i samsvar med føresegnene i jordskiftelova, med unntak av § 1, og at voldgiftsavtala kjem i staden for offentleg ekspropriasjon eller regulering av eigarrådevelde. Ein legg til grunn at grunneigarar, tiltakshavarar, lokale politiske myndigheiter og Stortinget ønskjer at overtakingar eller reguleringar skal kunne gjennomførast med grunnlag i arealbytte i form av jordskifte eller makeskifte.
Departementet ønskjer av prinsipielle grunnar ikkje å endre § 1, som inneheld eit ufråvikeleg krav om at ein gjennom skiftet oppnår ei meir tenleg løysing i jordskiftefeltet. Ei slik endring vil etter departementet si oppfatning rokke ved sjølve berebjelken i jordskifteomgrepet. Ein har derfor valt å fremje forslag om å innføre høve til å gjennomføre eit avtalebasert makeskifte på grunnlag av ei voldgiftsavtale med jordskiftedommaren som voldgiftsdommar. Vidare foreslås at eit slikt makeskifte skal få tvangs- og rettskraftverknader som eit offentleg jordskifte.
Dei alminnelege føresegnene i jordskiftelova vil gjelde. På same måte som ved voldgiftsjordskifte vil ikkje føresegnene om rettsmiddel gjelde. Jordskifte etter voldgiftsavtale kan ein berre angripe ved sak for by- og heradsrettane etter føresegnene i tvistemålslova. Tilsvarande vil gjelde for makeskifte etter voldgiftsavtale. Jordskiftelova § 1 gjeld ikkje. Det vil såleis ikkje være høve til å voldgi saker etter føresegnene i jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum (kombinerte saker).
Ved ei lovendring i 1992 blei rettsmiddelordninga i jordskiftelova endra. Det blei bl.a. i visse høve tillate å nytte rettsmiddelet kjæremål mot avgjerder treft av jordskifteretten. Ordlyden i § 85 første ledd blei ved ein inkurie ikkje endra som følgje av dette. For å bringe ordlyden i samsvar med det ein legg til grunn er gjeldande rett, foreslår departementet at jordskiftelova § 85 første ledd blir endra slik at det i andre punktum går fram at det ikkje kan nyttast rettsmiddel etter kapittel 7 over jordskifte halde av ein jordskiftedommar med heimel i voldgiftsavtale.
Høyringsnotatet hadde framlegg om at jordskiftelova § 88 vert endra slik at jordskifteretten får heimel til å halde grensegangssak for grenser som gjeld offentlegrettslege råderettsinnskrenkingar. Det er behov for ei profesjonell handtering av grenser som blir etablerte i samband med råderettsinnskrenkingar. For grunneigarane er det viktig å kunne bruke aktivt dei delane av eigedomane som ikkje er ramma av vedkomande råderettsinnskrenking. Departementet meiner det òg er viktig å få klarlagt og merka slike grenser for dei tilfella vedkomande råderettsinnskrenking er erstatningspliktig. Dei same omsyna vil, i all hovudsak, gjelde for dei offentlege styresmaktene som forvaltar vedkomande lov og regulering. Departementet foreslår at heimelen i jordskiftelova § 88 første ledd første punktum og andre ledd første punktum blir gjort generell, og at kompetansen til å halde grensegangssak etter den nemnde føresegna skal omfatte både dei grensene som alt er fysisk etablerte, og dei som skal etablerast. Avgjerda skal vere i samsvar med vedtaket for vedkomande råderettsinnskrenking, til dømes den kongelege resolusjonen. Heimelen er strengt knytt til dette vilkåret.
Departementet gjer framlegg om eit nytt fjerde ledd i jordskiftelova § 76 slik at miljøvernstyresmaktene skal betale jordskiftekostnadene i saker i grensegangssak som gjeld grenser for offentlegrettsleg råderettsinnskrenking etter jordskiftelova § 88.
Departementet foreslår at prinsippet om sideutgifter blir innført for grensegangssaker etter jordskiftelova § 88 første ledd første punktum, avgrensa til grenser ved etablering av offentlegrettslege råderettsinnskrenkingar (grenser som tidlegare ikkje er blitt fysisk etablerte). Ein gjer derfor framlegg om at jordskiftelova § 74 andre ledd får eit nytt fjerde punktum.
For å sikre ein smidig og føreseieleg makeskifteprosess er det viktig at den odelsrettslege statusen på dei aktuelle eigedomane blir avklart så tidleg som mogeleg i makeskifteprosessen.
Ved reglane om odelsovergang i odelslova § 16 har ein eit stykke på veg oppnådd dette: Dersom tiltakshavaren ønskjer å overta teigen A frå ein odelseigedom og eigaren (x) i bytte mot A får tilbod om teigen B, vil B falle inn under odelen på x» eigedom. Odelsretten til teigen A fell da bort. Der heile eigedomar blir trekt inn i makeskiftet, gjeld likevel ikkje dette. Der vesentlege delar av eigedom blir trekt inn i makeskiftet, er det usikkert om reglane om odelsovergang gjeld. For dei tilfella der reglane om odelsovergang ikkje gjeld, må ein falle tilbake på reglane om odelsfrigjering. Men behandlinga av søknad om odelsfrigjering tek tid, og det er heller ikkje gitt kva utfallet av søknaden vil bli, ettersom avgjerda byggjer på eit skjønn der ulike omsyn gjer seg gjeldande. For tiltakshavaren eller vernemyndigheitene vil det derfor vere ein fordel med reglar som sikrar at odelsretten fell bort utan at ein må gå vegen om å søkje om odelsfrigjering - dersom ein ved makeskifte etter jordskiftelova § 85 andre ledd innfører ein regel om odelsovergang som gjeld generelt.
Departementet foreslår etter dette at odelslova § 16 tredje ledd får eit tillegg som inneber at reglane om den odelsrettslege stillinga etter første ledd gjeld ved makeskifte som omhandla i jordskiftelova § 85 andre ledd. Vidare gjer ein framlegg om ein regel om at odelsfrigjering i odelslova § 32 første ledd får eit nytt andre punktum som presiserer at eldre odelsrett fell bort på den eigedomen som eigaren gjev frå seg.
Som del av ei kombinert sak etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd har jordskifteretten kompetanse til å halde skjønn etter gjerdelova og til å halde ekspropriasjonsskjønn etter veglova (private vegar) enda om dei ligg utanfor jordskiftefeltet. Som eiga sak - uavhengig av jordskifte - har jordskifteretten kompetanse til å halde gjerdeskjønn, ekspropriasjonsskjønn for private vegar og servituttskjønn.
Departementet føreslår at jordskifteretten får kompetanse til å halde skjønn etter ovannemnde lover i samband med avtaleskjønn for erstatningsareal (eigedom), jf. forslaget til endring av § 6 fjerde ledd første punktum. Endringsforslaga er grunna i praktiske og prosessøkonomiske omsyn. I staden for å halde to til fire separate avtaleskjønn for ein og same eigedom kan ein halde skjønnet som ei og same sak i samband med skjønn etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd og forslaget til fjerde ledd første punktum.
Departementet legg til grunn at lovforslaget ikkje vil ha nemnande budsjettmessige konsekvensar.