Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Om kva instans som har avgjerdsmakt

Kapittel 6 i proposisjonen inneheld vurdering og forslag om kva for eit organ som skal kunne gjere vedtak om endring eller fastsetjing av grenser. Departementet legg til grunn at avgjerd i fleire saker enn det lova i dag opnar for, bør kunne leggjast til Kongen. Konkret blir det føreslått at Stortinget skal ha fullmakt til å gjere vedtak om samanslåing og deling av fylke. Kongen skal ha fullmakt til å gjere vedtak om samanslåing og deling av kommunar - såframt ingen av dei aktuelle kommunane har uttalt seg mot endringa. I motsett fall skal saka leggjast fram for Stortinget til avgjerd.

Det blir føreslått at Kongen skal ha fullmakt til å gjere vedtak i alle saker om overføring av eit område frå ein kommune til ein annan eller frå eit fylke til eit anna - også når dei aktuelle kommunar eller fylkeskommunar er usamde i forslaget. Dette inneber ei viss utviding av Kongen si fullmakt samanlikna med gjeldande lov, som krev at saker som «ikkje er av mindre omfang» blir lagt fram for Stortinget når eit kommunestyre eller fylkesting har uttalt seg mot endringa. Det er ein føresetnad at Kongen si fullmakt blir delegert til departementet i meir kurante saker. Dersom ei grensejustering mellom fylke er så omfattande at mandatfordelinga til Stortinget kan bli påverka, føreslår departementet at saka blir lagt fram for Stortinget til avgjerd. Endeleg blir det føreslått at Kongen (eventuelt departementet/Fylkesmannen etter delegering) får fullmakt til å gjere vedtak om fastsetjing av uklare eller omtvista grenser mellom kommunar eller fylke.

Oppsummert vil situasjonen med omsyn til avgjerdsmakt bli slik:

  • Samanslåing/deling av fylke; Stortinget gjer vedtak.

  • Samanslåing/deling av kommunar; Stortinget gjer vedtak dersom nokon av dei kommunane saka gjeld har uttalt seg mot endringa. Er det semje blir vedtak gjort av Kongen.

  • Justering av fylkesgrense; Stortinget gjer vedtak dersom endringa vil kunne medføre endra mandatfordeling til Stortinget.

  • Justering av kommunegrense; Kongen gjer vedtak. Kompetansen i slike saker kan delegerast til departementet/Fylkesmannen etter nærmare retningslinjer.

  • Grensefastsetjing; Kongen gjer vedtak. Kompetansen i slike saker blir i all hovudsak føresett delegert til departementet/Fylkesmannen i tråd med gjeldande regelverk.

Sjå §§ 4, 6 og 7 med nærmare omtale i kap. 12.

Komiteen vil vise til at dagens lov bare gjelder for kommunegrenser, men at den anvendes analogt for fylkesgrensene.

Komiteen vil peke på at dagens lov ikke skiller mellom de ulike typer saker og gjelder ikke når det skal fastsettes administrative grenser som har vært uklare eller som det er strid om. Komiteen vil vise til at lovforslaget behandler ulike inndelingssaker og fastsetter hvordan disse skal behandles. Komiteen ser det som meget positivt at det legges opp til en prosess som ivaretar det lokale folkestyret.

Komiteen slutter seg til at Stortinget selv skal ha kompetanse til å ta stilling til om sammenslåing eller deling av kommuner skal skje der det er lokal motstand. Komiteen vil peke på at dersom denne kompetansen skal bli reell må regjeringen fremme denne type saker for Stortinget. Da dette er en prosesslov kan regjeringen velge å la være å fremme en sammenslåing der det er uenighet. Dette vil være i samsvar med vedtak i Stortinget 1. juni 1995 jf. kapittel 2.2.

Komiteen vil peke på at en sammenslåing eller deling av fylker vil berøre så mange innbyggere at det er naturlig at Stortinget tar avgjørelsen i en slik sak.